Bertold Brecht

Brecht såg på teateret som ein særeigen stad for politisk diskusjon, polemikk og ettertanke.

Bertolt Brecht (1898-1956) var eit særmerkt teatermenneske og ein av dei dramatikarane med størst påverknad i førre hundreår. Han skreiv Tolvskillingsoperaen i ei uroleg mellomkrigstid. Og Berlin, sjølve symbolet på smeltedigelen til Europa, var på slutten av tjuetalet prega av ei stadig aukande kjensle av at dommedag nærma seg. Økonomisk turbulens gjorde at prostitusjon og vinningskriminalitet florerte. Skjenkestader og nattklubbar tok i bruk stadig meir drastiske verkemiddel for å trekke til seg folk, og grensene for kva ein kunne tillate seg å gjere på ein scene bleistadig flytta. I Tolvskillingsoperaen er det som om Brecht har sett saman ei gruppe med menneske frå dei mørkaste og mest tvilsame delane av rennesteinen i storbyen, og latt dei kome til orde med lengslar, draumar og behov.

Brecht såg på teateret som ein særeigen stad for politisk diskusjon, polemikk og ettertanke. Viljen til å kombinere treffsikker politisk filosofi med drivande god teatertekst, er noko av det som gjer Brecht til den kontrastfylte, omstridde og potente klassikaren han har blitt.

Verfremdungseffekten, «underleggjeringseffekten», er namnet på ein teaterstrategi der det ikkje er innlevinga, men innsikta som er det vesentlege for teateret. Difor freista Brecht aldri å gjere handlinga truverdig og «ekte» i tradisjonell forstand. Tvert imot la han inn hyppige illusjonsbrot i både tekst og regi, til dømes med å la skodespelarane brått avbryte scenen for å synge ein song, eller gå ut av rolla for å kommentere det som nett skjedde. Brecht let også sceneskifta skje for open scene.

FOTO: Bundesarchiv