Ola G. Furuseth

Aktuell som Mannen i Nokon kjem til å kome

Eg blei bergtatt første gongen eg såg eit Fosse-stykke. Karakterane hans er jo alltid veldig fåmælte. Dette ordknappe språket med den enorme underteksten fascinerte enormt. Det dirrar mellom linjene og i dei tause pausane.

Uansett kor mange ord du har, vil du ofte komme til kort. Det er kanskje det ein kan kalle «Fossesk».

Det er litt som nyttårsaftan – ein går rundt med eit håp om at dette skal bli tiårets fest. Og da er festen nesten dømd til å bli ein skuffelse. I Nokon kjem til å kome, har Han og Ho flytta til eit hus langt frå allfarveg, der det berre skal vere dei to. Og dei skal vere lykkelege. Men Han er livredd for å bli forlaten og har ei gnagande kjensle av at nokon kjem til å forstyrre denne tosemda. Og det er her eg, altså Mannen, kjem inn i bildet.

Vi veit enno ikkje om Mannen skal vere ein slags «hunk», bygdetulling eller ein heilt vanleg fyr. For karakteren Han, representerer han uansett ein trugsel. Er han «hunk», er det kanskje berre i Han sitt blikk. For det ligg ei enorm redsle og uro for å bli forlaten i dei fåmælte karakterane i stykket. Det trur eg er ganske lett å kjenne seg igjen i. Vi har jo bytt ut kjærleiken til ein gud med kjærleiken til kvarandre, og det stiller ganske høge krav til denne. Ein må finne ro, og den ligg i deg sjølv, tenkjer eg. Ikkje i eit gamalt hus på ein forblåst knaus.

Nokre blir veldig provoserte av Fosses korthogde språk. Eg gløymer aldri da eg såg Natta syng sine songar da eg studerte i London. Den engelske teatertradisjonen er ordrik og står i sterk kontrast til Fosses barberte form. Han som sat framføre meg i salen blei så irritert at da ein av skodespelarane sa «Eg går» for n´te gong, ropte han ut: «Kan du sjå til helvete å gå, så vi kan bli ferdige med denne driten her?». Stemninga i salen blei kjemperar, og eg syntest så synd på skodespelarane som måtte fullføre etter dette. Det var som om dei skamma seg. Stykket blei forresten totalslakta i alle avisene dagen etter. Eg syntest faktisk framsyninga var veldig god. Men det er interessant at teater som utfordrar tolmodet kan skape eit slikt sinne i folk.

Vi gjentar ofte oss sjølve. Kom bodskapen fram, blei eg forstått, høyrte ho kva eg sa? Og så seier vi ting på nytt. Vi fortel det same opp igjen i ulike samanhengar. Det er ikkje berre Fosse som gjer dette, vi gjer det nesten alle saman, tør eg seie. Det er kanskje berre sett litt på spissen hos Fosse. Og det blir ganske komisk nokre gongar!

FORTALT TIL Åsne H. Dahl Torp FOTO Siren Høyland Sæter