Ein del av eit jazzorkester

Skodespelar Madalena Sousa Helly-Hansen er aktuell som Alida i Triologien

I Trilogien spelar eg rolla som Alida. Når vi i framsyninga møter Alida første gongen, er ho 17 år og høggravid. Saman med kjærasten Asle har ho reist til Bjørgvin. Regnet høljar ned, dei har gått langt, og dei leitar etter ein stad å søke ly for seg og barnet som snart skal kome. Alida kjem frå fattige kår, og har vakse opp med mor si og ei søster. Asle er foreldrelaus. Dette er personar som er i ekstreme omstende der alvorlege handlingar seinare vil bli provoserte fram. Og som Alida må leve med i tida etterpå.

Eg tenkjer det kan vere vanskeleg for slike som meg som ikkje står i slike prekære situasjonar som Alida og Asle å leve seg inn i korleis ein sjølv hadde handla. Men eg trur dei fleste nok har denne urkrafta i seg som handlar om å overleve. Og korleis vi taklar det veit vi ikkje før vi står i ein slik situasjon.

Det er eit omfattande manus, og eg har ikkje spela i ei framsyning som har vore så lang før. Det blir bra for meg som skodespelar å trene opp den kondisen. Og sjølv om eg ikkje er på scenen heile tida, seier regissør Luk Perceval at vi alle er ein del av eit jazzorkester. Vi kan ikkje berre kople ut etter våre eigne scenar, men vi må lytte til dei andre og heile tida vere i samspel med Ales som er forteljaren.

Eg har aldri gjort noko av Fosse før. Det har vore eit godt første møte sidan eg synest han skriv utruleg godt. Det er jo sjølvsagt ei utfordring for prosessen at teksten eigentleg er skriven som eit bokmanus og ikkje ein teatertekst. Men det trur eg vi er på god veg til å løyse.

Ikkje alle vågar å skrive om døden, og du skal vere trygg på pennen din for å skrive om det slik Jon Fosse gjer det. Han skriv heller ikkje personane betre enn dei er. Ikkje smartare eller meir verbale. Men som folk.

Det eg likte første gongen eg las manuset var nettopp vekslinga mellom dei store eksistensielle spørsmåla, til spekeskinke og toalettbesøk i den neste setninga. Slik det gjerne er i eit menneskeliv.

Fortalt til Guro Redalen Foto Siren Høyland Sæter