FIREÅRING MED VAKSEN FANTASI

Korleis ser barn på oss vaksne? Og kva hender med ein fireåring som har såpeseriar, tenåringsjenter og kjærastene deira som barnevakt? Lucy er ein slik fireåring, og ho har skaffa seg ein fantasivenn som er både sadistisk og kokainavhengig.

HERR MARMELADE
NOREGSPREMIERE 9. APRIL KL. 18.30
SCENE 3

I Herr Marmelade får vi innblikk i fantasiverda til ei jente på fire år. Ho er sjarmerande, men leiken hennar er alt anna enn søt. Den har vaksent språk, vaksent innhald og handlar om ting mange vaksne ikkje har prøvd ein gong. Fantasivennen Herr Marmelade er ingen snill dokkemann, men ein businessmann som ikkje nektar seg noko.

Dei vaksne rundt den vesle jenta er uansvarlege både i sine eigne liv og overfor Lucy. Regissør Glenn André Kaada karakteriserer Herr Marmelade som ein «slem komedie». Omsorgssvikt er utan tvil ein bakgrunn for handlinga, men Kaada håpar at stykket også vil gi publikum barnets blikk på vaksenlivet, og gjennom det skape refleksjon over eigne liv. I oppsetjinga ønskjer han at realisme skal gli over i fantasi og omvendt – som om Trollmannen frå Oz skulle møte Pulp Fiction. For det er ingen andre som ser Herr Marmelade, før naboguten Larry dukkar opp, og eit annleis trekantdrama utspelar seg.

Ved uroppføringa i USA var det Michael C. Hall (Six Feet Under og Dexter) som hadde rolla som Herr Marmalade. No er det Ola G. Furuseth, kjend som den ekstra dyrekjære tannlegen Vidkun i Kampen for tilværelsen på NRK, som skal gi liv til den lite barnevennlege fantasivennen. I eit hav av bamsar møter han Lucy, spelt av Sara Khorami, som gjekk ut frå teaterutdanninga Det Multinorske i fjor. Dette er hennar første hovudrolle.

SLEM GUTT

Ola G. Furuseth har spela ei mengd utiltalande, for ikkje seie fråstøytande personar i løpet av sitt meir enn ti år lange virke som skodespelar. Kvifor har det blitt slik?
Les intervjuet

LIKAR KONTRASTANE

Stykket har eit preg av humor og underhaldning, gjennomsyra av ganske brutal og usminka realisme. Det er den type framsyning eg blir tiltrekt av som publikummar, seier regissør Glenn André Kaada.
Les intervjuet