Finst det berøringspunkt mellom heltedåd og terrorisme?

Finst det likskapar mellom tankane som fer gjennnom hovudet til ein mann utan våpen som stiller seg opp framfor ei rad med tanks og ein mann som drep ungdomar for, med hans eigne ord, å forsvare Europeisk kultur? Kan ein i det heile snakke om to så ulike handlingar på same tid? Dramatikar Chris Thorpe gjer det.

DET HAR VISST VORE EIN EPISODE
AV CHRIS THORPE
NOREGSPREMIERE ONSDAG 30. AUGUST KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Dramatikar Chris Thorpe er blitt kjend for sin konfronterande stil der han ofte lar provoserande påstandar kome til uttrykk. I Det har visst vore ein episode lar han karakterane forklare beveggrunnane for handligane sine. Thorpes ønskje er ikkje provokasjon for provokasjonens skyld, men å kunne oppnå ei form for innsikt. – Dei fleste menneske handlar for det meste av tida slik dei meiner er rett med den kunnskapen dei har for handa, seier Thorpe i eit intervju. Når kan ein forsvare bruk av vald? Kan ei handling bli sett på både som heroisk og som terror? Avhengig av kva auge som ser?

I Det har visst vore ein spisode, som blei plukka ut til Theatertreffen i Berlin i 2015 av dramatikar Simon Stephens (Det merkelege som hende med hunden den natta og Heisenberg), kryp vi inn i hovudet til fem ulike personar som alle meiner dei tek ansvar i den situasjonen dei er i: Mannen med to handleposar i hendene som stiller seg opp framføre ei rad med tanks, ein mann om bord på eit kapra fly, mannen som massakrerte ungdom på politisk sommarleir, ein person som deltar i eit militært kupp og ein person som reddar eit barn under ein massaker. Valet vi tar, er ofte tvinga fram av omstenda. Presset der og da kan like gjerne få oss til å gjere fantastiske bragder som fatale handlingar. Det er ettertida som feller dommen.