Fargerik og humoristisk Sweeney Todd

Demonbarberaren frå Fleet Street som attraksjon ved eit tivoli? I Erik Ulfsbys univers er alt mogleg. Han har gjort den knivsvingande og hemntørste Sweeney Todd til eitt av mange trekkplaster i eit omreisande underhaldningstilbod. Her jobbar sterke musikalkrefter som Frank Kjosås, Silya Nymoen, Charlotte Frogner og Heidi Gjermundsen Broch. Sweeney Todd er musikalen som ropar på komikk og overdrivingar, seier regissøren som lovar ei teikneserieaktig og fargerik oppleving.

SWEENEY TODD
PREMIERE FREDAG 20. MARSKL. 20.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Frank Kjosås speler Sweeney Todd, den hemngjerrige barberaren som drep kundar han ikkje har noko til overs for. Mrs. Lovett (Charlotte Frogner), får Londons mest populære paisjappe etter at ho byrjar å ha «spesielle» ingrediensar i paiane sine. I lag opnar dei ei uhyggeleg blanding av barbersjappe og pairestaurant. Heidi Gjermundsen Broch speler denne gongen ein ung gut; Tobias, assistenten til dei to partners in crime. Silya Nymoen er Lucy, forteljaren i musikalen og den tidlegare kona til Sweeney – kvinna han hemnar. Igjen og igjen.

Teaterleik

Forteljinga om Sweeney Todd blir i Erik Ulfsbys versjon spelt ut som ein attraksjon i eit tivoli. Her openberer scenograf Arne Nøsts påfunn seg ein etter ein for publikum. Han har gått tilbake til eit teateruttrykk der enkel mekanikk og nostalgiske malte dekorasjonar skapar ei leiken ramme rundt den bloddryppande historia. Outrerte kostyme og gjennomgåande knallsterke fargar understrekar humoren Ulfsby, Nøst og kostymdedesignar Ingrid Nylander vil få fram. I likheit med Shockheaded Peter er dette teater som tenderer mot å vere «barneteater for vaksne».

Toneskeiv musikk

I kontrast til dette står musikken til skaparen av musikalen; Stephen Sondheim. Den er like grotesk som historia om barberaren, og noko ganske anna enn det publikum er vane med når det gjeld musikalar. Her er det mildt sagt uvanlege harmoniar og underleg rytmikk, symfoniske parti som blandar seg med meir revyprega nummer og moderne bitonalitet. Det er musikk som er langt frå lett tilgjengeleg og kommersiell, som krev ei gjennomlytting. Og det er her denne musikalens kvalitet kvilar. Slik musikk blir ein ikkje lei, men meir fascinert av for kvar gong.