EVENTYR, MAGI OG KJÆRLEIK

Ei flygande saks, ting som snakkar, klede som lagar seg sjølve – og sjølvsagt ein stor og bamsete bjørn. Dette er nokre av ingrediensane i denne nydramatiseringa av eventyret om Kvitebjørn Kong Valemon – som eigentleg er eit eventyr om kjærleik.

KVITEBJØRN KONG VALEMON
PREMIERE LAURDAG 16. APRIL KL. 17.00
HOVUDSCENEN

Her møter vi inga prinsesse med nesa i sky som vil ha ein flott gullkrans – men ei jente av kjøt og blod, som er villig til å gjere alt for å vinne kjærleiken. Ho får ein harpeleik og ein melodistubb av far sin, og når ho møter bjørnen finn ho ikkje berre heile songen, men også kjærleikens melodi.

Jenta blir med bjørnen til slottet hans. Her møter ho snakkande tekanner, kjevler og koppar. Alt er magisk! Men livet med eit vesen som er dyr om dagen og menneske om natta er ikkje ukomplisert. Han stiller krav til henne som nesten er umenneskelege. Kva er dette for eit vesen? Kvifor er han så løyndomsfull? Og korleis skal jenta greie å løyse forbanninga?

MAGISK TEATERROM

Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad har malt ut eit univers med sterke referansar til Theodor Kittelsens eventyrteikningar. Bjørnen er pelsmjuk og søt, scenerommet er ein stor skog full av mystiske trestammer. Sjølve eventyret utløyser det magiske potensialet som ligg i teatret: Her skal klede sy seg sjølve, saksa flyge og maten serverer seg sjølv. Dette blir løyst ved hjelp av svart teater. Det heile er omslutta av song og musikk i folketonar.

TØFF HOVUDPERSON

– Den litt bortskjemde prinsessa er blitt til ei tøff, uredd og nysgjerrig vanleg jente. Ho må dra på leit etter sjølve melodien i livet, seier skodespelar Silje Lundblad, som skal spele Jenta.
Les heile intervjuet

SVARTE ILLUSJONAR

Ein duk som dekkjer seg sjølv, eit glasberg som veks fram av svarte natta, klede som syr seg sjølve – alt dette blir løyst med svart teater. Men kva er det?
Les meir