ER DET MENNESKELEG Å KRIGE?

Hovudscenen er gjort om til ein bunker. Den er stor, den er klaustrofobisk og gjennom ei 8 timar lang framsyning basert på historier og vitnemål frå den andre verdskrigen har ikkje skodespelarane høve til å unnslippe. Natt til 28. februar vil Det Norske Teatrets største satsing noko sinne fange både publikum og skodespelarar i forteljinga om den største menneskeskapte katastrofen gjennom tidene; Andre verdskrigen.

ANDRE VERDSKRIGEN – NATT I VERDA
URPREMIERE LAURDAG 27. FEBRUAR KL. 23.45
TIL SØNDAG 28. FEBRUAR KL. 08.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

FRAMSYNINGA VIL BLI SPELT BÅDE PÅ DAGTID OG NATTESTID I SPELEPERIODEN

Kva er krigens vesen? Er det å krige ein del av det å vere menneske? Andre verdskrigen – Natt i verda søkjer å trekkje opp etiske dilemma, diskutere vondskap og se på korleis grenser blir strekte i det godes hensikt.

Framsyninga tar ikkje sikte på å gjenfortelle historia, til det er den for omfattande og brutal. Den har heller ikkje den historiske sanninga som mål. Fire dramatikarar frå ulike delar av Europa har fått fritt spelerom til å skrive for teatret. Med krigen som bakteppe har regissør Erik Ulfsby og dramaturg Carl Morten Amundsen sett dette saman til ei slags scenisk novellesamling. I tillegg er det nytta dokument, lyd og bilde, musikk og forteljingar frå store delar av verda. Noko er fakta, men det meste fiksjon.

Det blir med andre ord ingen slag, ingen massedrap, tanks eller bombar på scenen.

KREVJANDE FOR SKODESPELARANE

At framsyninga strekk seg over 8 timar og nokre gongar blir spelt midt på natta, gjorde at teatersjef og regissør Erik Ulfsby ønskte seg eit ensemble som uttrykte eit eksplisitt ønske om å delta. Skodespelarane måtte derfor melde seg til dette prosjektet, som stiller fysiske krav til deltakinga i tillegg til at den byr på store faglege utfordringar.

Svein Tindberg fortel om prosjektet:

INNESTENGDE PÅ SCENEN

wangensteenMilja Salovaara har skapt eit scenerom som gir assosiasjonar til krigens redslar, anten dei fekk utløp i eit tilfluktsrom, ei togvagn eller på ein slagmark. Av gamle militærtelt er det sydd fotside frakkar som i snittet kan minne om estetikken i nazistanes HUGO BOSS-uniformar. Lysdesignar Øyvind Wangensteen har henta inspirasjon frå dei stormannsgalne nazistane og fått bygd ein heilt ny lysrigg:

– Ein krigsmaskin av lys

HISTORIER, BREV OG DEBATT

Handlingane i Andre verdskrigen – Natt i verda er fletta i kvarandre og reflekterer kvarandre. Vi blir med inn på kontoret til ein doktor som forskar på idealmenneske og undermenneske. Vi møter ein mann som bygde omnar så store at det var plass til menneske inni dei. Lukas Bärfuss har kome over ei kasse med brev til ei jødisk kvinne som heiter Rebekka, og vi får lese nokre av desse. Vi får innblikk i tilhøve ved Det Norske Teatret under krigen og oppleve utdrag frå propagandaminister Goebbels sitt teaterstykke Vandraren. For å nemne noko.

DEBATT MED SEIERSTAD

Seierstad-aasne-andre-verdskrigen

Foto: Kagge Forlag, Sturlason

Midt på under kvar framsyning blir det arrangert ein debatt i samarbeid med NRK. Det blir ulike tema og ulike panel kvar gong, men krigen er alltid utgangspunktet. Premierenatta vil Åsne Seierstad leie ein debatt om ekstremisme.

KUNSTEN BLIR BORTE

HEIL-andre-verdskrigenKunstnaren Lars Ø. Ramberg har okkupert det offentlege rommet i Det Norske Teatret.»

Prosjektet HEIL forandrar heile den visuelle identiteten til DNT gjennom å fjerne, flytte, lagre, plyndre og å sensurere kunstverka i foajéen.

Les meir om kunstprosjektet HEIL

Les meir om Andre verdskrigen – natt i verda

 

FOR INTERVJUAVTALAR ELLER MEIR INFORMASJON
Ida Michaelsen, informasjonssjef
T: 22 47 38 30 M: 414 45 345 E: ida@detnorsketeatret.no

Åsne Dahl Torp, informasjonskonsulent
T: 22 47 38 27 M: 986 235 73 E: aasne@detnorsketeatret.no