Ei vanskeleg historie

Gjertrud Jynge har laga ei framsyning om tippoldefaren sin, Jakob Walnum, siftaren av den såkalla Omstreifarmisjonen. Undervegs i arbeidet, måtte ho òg bearbeide si eiga skamkjensle.

FRÅ LANDEVEGEN
URPREMIERE FREDAG 17. APRIL KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Jakob Walnum var stiftaren av den i omstridde «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet», gjerne kalla omstreifarmisjonen, som i all hovudsak retta seg mot tatrane. Ho har leita i årsrapportar, stortingsdokument, historiebøker, medlemsblad og elles der det fanst stoff for å skape seg eit bilde av kven denne tippoldefaren eigentleg var, kva han trudde på og levde for.

Har vi eit ansvar?

Jacob Walnum er tippoldefaren til Gjertrud Jynge. Det er hans historie Frå landevegen er basert på. Foto: Privat.

Jacob Walnum er tippoldefaren til Gjertrud Jynge. Det er hans historie Frå landevegen er basert på. Foto: Privat.

Utgangspunktet var eit gammalt familiealbum og farmors stolte forteljingar om sin kjende bestefar; ein kristen humanist, ein velgjerar som ville hjelpe eit folk i naud. Ein riddar av 1. klasse av St. Olavs orden med gravmonument på Vår Frelsers Gravlund. Til sine barneheimar og arbeidskoloniar fekk han økonomisk hjelp både frå kongehus og landets fremste.

Men velgjerningane kvilte ikkje berre på kristentru og idealisme. Lovverk og statleg godkjenning dekte over tvang og stygge overgrep. Dette akselererte berre etter at Walnum gjekk bort, og vi fekk tiår med rasehygiene, tvangssterilisering og lobotomering, som fortsette heilt fram til nyare tid.

Er det slik at det som på byrjinga av 1900-talet blei oppfatta som gode og nestekjærlege gjerningar, er noko vi tre generasjonar seinare tar avstand frå og skammar oss over? Det er vel ikkje heilt utan politisk grunn at statsminister Erna Solberg no finn det nødvendig å gje Romfolket ei offentleg orsaking for alt dei har lide? Er det så sikkert at den sosialpolitikken vi i dag fører vil tole historias dom.

Gjennom tekst, song og bilete ønskjer Gjertrud Jynge å røre ved denne historia på nytt.
Hennar og vår nære historie, ei krevjande historie både for henne og for oss.

Eit sosialt prosjekt

Barn av taterslekt på Jacob Walnums barneheim. Foto: Privat.

Barn av taterslekt på Jacob Walnums barneheim. Foto: Privat.


Jakob Walnum skipa Omstreifarmisjonen i 1897 som ein sosial misjon som skulle arbeide med å «bringe hedningefolket taterne fra landeveien tilbake til de hjem, de har forlatt». Eit arbeid som omfatta barneheimar der taterbarn skulle bu frå dei var spedbarn til konfirmasjonsalder for å «skape fasthet i deres karakter» og arbeidskoloniar for dei vaksne der ein skulle «vekke lyst og trang til et rolig liv og forstå arbeidets velsignelse». Etter at Walnum forlot misjonen i 1918, kom det også til ei historie om lobotomi og tvangssterilisering. Eit mørkt kapittel i norsk historie.

Om omstreifarar og omstreifarmisjonen hos Statsarkivet
Jakob Walnum, Store Norske Leksikon

– For hundre år sidan handla dette om kven som var norske. Ideen om det norske var knytt til bondekulturen. Det var viktig å avgrense seg frå andre, dei som ikkje var ein del av det norske, og sjølv om dei hadde budd i landet i meir enn tre hundre år, blei dei haldne ute. Dei var ikkje ein del av oss.
Les heile intervjuet med Gjertrud Jynge i repertoarmagasinet BAKTEPPET.