Tilbake til Johnsen og Johnsen i live

Will Eno

Dramatikaren Will Eno er ei ny, spennande røyst i amerikansk teater.

Han har òg gjort seg gjeldande på europeiske scenar det siste tiåret, og fått fleire høgthengande teaterprisar både i heimlandet og i Storbritannia, der fleire av stykka hans har hatt urpremierar. Han slo for alvor gjennom med monologen Thom Paine (based on nothing) i 2004. Det blir gjerne peikt på eit visst slektskap med Samuel Beckett når ein karakteriserer Enos teaterstykke. New York Times kallar han like godt «Beckett for John Stewart-generasjonen». Han har dei siste åra òg hatt suksess med Middeltown (2010) og The Open House (2014). Han har òg laga ei fri bearbeiding av Ibsens Peer Gynt med tittelen Gnit.

Eno er ingen typisk Broadway-dramatikar, så det vekte oppsikt at The Realistic Joneses, (originaltittelen til Johnsen og Johnsen i live), vart ein av dei store suksessane i teatergata i 2014. Førsteoppsetjinga hadde stjerner som Michael C. Hall (Dexter, Six Feet Under) og skodespelar-dramatikaren Tracy Letts (Homeland) på rollelista. Det Norske Teatret får Europapremiere med si oppsetjing av dette melankolsk-komiske, dialogdrivne stykket med sitt merkelege, gjennomtenkte tomprat. Stykket om dei to ektepara som deler etternamnet Johnsen (det kunne like gjerne vore Jensen) vann fjorårets Drama Desk Award, vart innstilt til Pulitzerprisen og toppa The Guardians liste over amerikanske skodespel i 2014.