Tilbake til Herr Marmelade

Tilbake til Lucky Happiness Golden Express

Vill latter og vondskap

Den amerikanske dramatikaren Noah Haidle skriv om sadistiske fantasivener, daude ektemenn og senile enker. Men midt oppi tragedien finst det opningar for både latter og håp.

Noah Haidle ville eigentlig vere fysikar, men var ikkje mykje tess i matte. Problemet løyste seg då han som 17-åring såg eit teaterstykke for første gong, Our Town. Brått skjønte han kva det var han skulle verte: dramatikar. Sidan han ikkje hadde nokon kontakt med teatermiljøet, sette han seg ned og las alle skodespela han greidde, medan han noterte og fann ut korleis dei fungerte. For nokre få år sidan, godt inne i ein vellykka karriere i teateret, sa han i eit intervju med magasinet American Theatre at han framleis fekk dei mest tilfredsstillande teateropplevingane av å lese teaterstykke på papiret. Romanar, derimot, les han nesten ikkje: «Thornton Wilder var besett av forskjellen på romanar og skodespel og måten dei fortel historier på: I romanane er det nokon som fortel deg kva som skjedde. Teater på sitt beste er verkeleg om det som skjer.»

I 2015 sette vi opp stykket Lucky Happiness Golden Express.

I 2015 sette Det Norske Teatret opp stykket Lucky Happiness Golden Express som første i Noreg. Foto: Dag Jenssen.

«Det som skjer» i Haidle sine skodespel finst like ofte i menneska sine hovud som i den fysiske verda. I Mr. Marmalade, som vart det store gjennombrotet hans i 2004, utspelar store delar av dialogen seg mellom ei fire år gamal jente og fantasivenen hennar, Mr. Marmalade. Det høyrest kanskje søtt ut, men den innbilte venen, som blir spelt av ein vaksen mann på scenen, er ikkje nokon Skybert-figur akkurat. I løpet av stykket slår han jenta, sniffar kokain og brukar porno. Framsyninga fekk tilskodarar på South Coast Repertory-teatret til å klage og seie opp sesongbillettane sine, dei fann seg ikkje i eit slikt «red light-pornodistrikt-teater».

Haidle let seg den gongen fascinere av at fleire publikummarar etter framsyninga hadde vore bekymra for den 26-årige skodespelaren som spelte fireåringen, og vende seg til ho med spørsmål om «det gjekk bra». Haidle tok det som eit teikn på at stykket fungerte: «Dei mista kjensla av at ho var ein skodespelar.» Illusjonen strekte seg utanfor speletida, og verkelegheitseffekten hang ikkje saman med tradisjonell realisme. «Eg vil ikkje sjå nokon representasjon eller etterlikning av verkelegheita på scenen,» sa Haidle den gongen. «Det er berre utdatert og kan gjerast mykje betre på film og tv. Noko av gleda med å sjå Mr. Marmalade er nettopp å sjå ein skodespelar i tjueåra spele ein fireåring og gå rundt i strutteskjørt. Fantasien din må jobbe mykje hardare enn om du så såg på film eller tv.»

Jævla trist
Om Haidle ikkje vart fysikar, har han utvikla ein høgst fysisk form for metafysikk i stykka sine, der det uhandgripelege får konkret form. I Vigils let Haidle to forskjellige skodespelarar lekamleggjere sjelen og kroppen til ein daud ektemann, slik dei framstår for enka hans. Hovudrolla i eit anna stykke, Persephone, er ein statue som vi får følgje over fleire tusen år. I Saturn Returns møter vi ein gamal mann og to yngre versjonar av han, alle på scenen samtidig.

Lucky Happiness Golden Express, stykket som no skal setjast opp på Scene 3 i regi av Jesper Berglund, introduserer oss for ein døyande ektemann og far, som ikkje lenger kan gjere seg forstått der han ligg i sjukesenga etter eit slag. Den senile kona hans hugsar ikkje lenger kvifor ho gjekk frå han for mange år sidan og lever berre delvis i notida. Ho ser for seg scenar frå bryllaupsreisa mange tiår tidlegare, og vi i publikum ser dei òg bli spelte ut på scenen, sjølv om dei andre aktørane ikkje forstår kva ho bablar om.

Det høyrest ikkje akkurat ut som eit lystspel, og slik var det òg fleire i USA som reagerte, kan Haidle fortelle.

– Ein litteratursjef ved eit stort teater i USA sa til meg: «Eg elskar stykket ditt, men herregud, det er så jævla trist at ingen ville kome og sjå det.»

Lucky Happiness Golden Express har så langt ikkje vorte spelt i heimlandet til Haidle i det heile, berre i Tyskland. Det same skjedde med eit anna stykke, Skin Deep Song.

– Det kan verke som tyskarar er mindre redde for smerte, seier Haidle. – La oss håpe det gjeld nordmenn òg.

Har du opplevd at stykka dine vert mottekne og handsama annleis i Europa enn i USA?

– Absolutt. Eg kan gi eit døme. I eit av stykka mine, Mr. Marmalade, står det i ei av scenetilvisingane: «Mr. Marmalade tar ei line kokain.» I USA la skodespelaren som spelte Mr. Marmalade eit par liner på ein spegel og snusa dei inn med ein dollarsedel. I Tyskland opna skodespelaren ein koffert breiddfull med kokain, køyrde heile fjeset oppi kofferten, skreik som om han heldt på å døy, og spelte resten av scenen med kokain i håret, augo og munnen. Ikkje at nokon av tolkingane er den rette, men dei er så visst forskjellige.

Korleis er det å sjå tekstane dine framførde på framande språk?

– Å sjå eit stykke du har skrive verte framført er støtt ei ganske morosam, merkeleg, spanande, skummel og draumaktig oppleving. Å sjå den draumen i eit anna språk gjer det berre endå litt meir merkeleg.

Vil ikkje preike
Haidle hugsar ikkje nett når ideen til Lucky Happiness Golden Express kom, fortel han.

– Men eg hugsar at eg skreiv mange sider med alle versjonar av namn på kinesiske restaurantar eg kunne kome på. Lista gjekk frå Panda Golden Fun via Royal Golden Panda Garden og Forbidden Eastern Lucky Kitchen til Lucky Happiness Golden Express.

Stort meir vil ikkje Haidle sjølv seie om verken stykket eller temaa i det.

– Det er berre ikkje min stil, seier han.

I 2013 kom hans første Hollywood-augneblikk, då eit filmmanuskript han hadde skrive vart filmatisert som en mafiafilm med Christopher Walken og Al Pacino i hovudrollene. Den gongen klarte ein journalist å lure ut av Haidle at filmen djupast sett handla om tragiske tema, som at dauden er uunngåeleg. Men han ville ikkje slå sjåaren i hovudet med det, sa han. «Eg skjønar fort når ein forfattar eller regissør snakkar til meg, held ein tale om noko. Eg vil aldri gjere det. Aldri.»

Haidle sin metode er heller å nærme seg dei store temaa gjennom tilsynelatande jordnær dialog, mørk humor og misforståingar. Det gjev stykka hans potensial for både tragiske og komiske tolkingar, og Lucky Happiness Golden Express er ikkje noko unntak.

– Eg trur herr Beckett sa det mykje betre enn eg nokon gang vil klare: «Laughing wild amidst severest woe.»

– Trur du at det er håp for alle desse karakterene dine, som har så vanskeleg for å nå fram til kvarandre?

– Eg trur ikkje berre det er håp, eg veit det, eg trur det, eg føler det. Eg trur håp er om lag det finaste ordet som finst.

 

Tekst: Bår Stenvik. Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS.