Tilbake til Soga om Egil Skallagrimsson

Ivar S. Peersen: Vikingane blant oss

Livet som berserk blir ofte idolisert.

TEKST Ivar S. Peersen, komponist og gitarist i ekstrem-metalbandet Enslaved FOTO Bård Gundersen

Eg hugsar da eg prøvde meg på norsk historie delfag: Endeleg var tida kommen til å høyre om vikingtida. Som om det ikkje var interessant nok i seg sjølv, kom forelesaren inn på temaet hovudog ansiktshår. Han peika på meg og fortalte at på den tida var det berre eg som hadde vorte teken for å vere ein fri mann, basert på hår og skjegg. Mine kortklipte og barberte klassekameratar var styla som ufrie, eller slavar. Moten var ein annan i 1999, med andre ord. I dag er skjegg og litt lengd på luggen så populært at ein i New Yorks hippaste strøk kan få utført transplantasjonar av hår frå eigen kropp til andletet, dersom ein er så uheldig å vere fødd utan god skjeggvekst.

Det tydelegaste teiknet på at vikingtida er over oss, stirer oss altså midt i andletet.

Det blei murring i dei samtidige vikingmiljøa da serien Vikings gjekk i gang. Om ein ser bort frå at geografien er temmeleg fritt disponert (noko som må vere lov i ein dramaserie), så blei dei framstilte litt for lite pynta og lite forfengelege. Ein gjennomsnittleg oppdolla hipster er nok nærmare sin viking-forfar i stil enn ein skulle tru. Utanpå i alle fall.

Artikkelforfattaren på ølfestival i Statene. Foto: Nicole Abbett.

Artikkelforfattaren på ølfestival i Statene. Foto: Nicole Abbett.

ØLKULTUREN som er rundt oss kan også sjåast som ei leivning frå vikingtida. Vikingane hadde ein type øl for alle høve: draumeøl, elskovsøl og berserkarøl; det siste blei gjerne tilsett ei klype flugesopp for ekstra effekt.

Folk bryggar sjølve og interessa for øl kan no, blant unge vaksne i alle fall, synast å vere på høgd med vininteressa – både når det gjeld kulturen rundt tilverkinga og graden av intellektualisering.

Leiaren for Bryggeriforeininga, Petter Nome, er med andre ord ein vel så viktig ambassadør for vikingtidskulturen som dei langhåra slampane som spelar metal med tekstar frå Håvamål og runedikt. Glattbarbert vinkultur må ein vel heller kunne seie høyrer til ein romersk-latinsk tradisjon. Monoteismen har i vel tusen år gitt ossfullmakt til å forvalte jorda som nytingssjuke born, og vi kan vel ikkje seie at det har vore nokon udelt suksess. Det er lett å sjå at vikingtidas holistiske syn på verda breier om seg: Trua på at dyra har sjel og trea minne appellerer.

Soga-om-Egil-Skallagrimsson-4

Oppdraging på islandsk i følge gjengen på Scene 3. Foto: Dag Jenssen.

KVINNESYNET I VIKINGETIDA var moderne og i mytologien og runedikta står det feminine sterkt. Det er også verdt å merke seg at ord og symbol er tilbake der dei høyrer heime: i mainstreamen.

Valkyrien Allstars er det vel ingen som tenkjer noko over; Wardruna gjer det skarpt på World Music-festivalar med runer i tekstar og i scenebildet.

At det skulle ta så lang tid etter andre verdskrig å rehabilitere vikingsymbol, er både lett og vanskeleg å skjøne: Det er lett å skjøne at dei som såg runer misbrukt på uniformer og flagg, ikkje ønskte å sjå dei att. Samstundes er det vanskeleg å godta at vondskapen skulle få kidnappe symbola og kulturhistoria til heile det germanske språkområde. Kanskje er det på tide å kjenne seg stolt over denne kulturen. I ei tid der stat og kyrkje skil lag, kan vi kanskje framheve sider som var gode ved det førkristne Noreg, og ikkje berre tre på oss vikinghjelmar av plast når Noreg skal yte på sportsarenaen?