Tilbake til Mor Courage og barna hennar

Trettiårskrigen

Kong Gustav Adolf II Adolf II før slaget ved Lützen i 1632. Olje på lerret, 1892, av Ludwig Braun. Foto: The Granger Collection / NTB scanpix

Kong Gustav Adolf II Adolf II før slaget ved Lützen i 1632. Olje på lerret, 1892, av Ludwig Braun.
Foto: The Granger Collection / NTB scanpix

Trettiårskrigen er det historiske bakteppet for handlinga i Mor Courage. Men kva var eigentleg denne krigen?

Krigstida mellom 1618-1648 har gjeve namn til denne perioden med vedvarande ufred, masseslakt, plyndringar, hungersnaud og epidemiar som herja sentrale deler av Europa. Særleg hardt gjekk det ut over dei tysk-talande områda, der meir enn 300 fyrstedømme i det tysk-romerske keisarriket – katolske i sør og protestantiske i nord – deltok på kvar sine sider i dei skiftande alliansane i maktkampen mellom dei to trusretningane etter reformasjonen og motreformasjonen. Konge- og fyrstemakta styrkar seg mot kyrkjemakta.

Det storpolitiske bildet blir prega av at den katolske stormakta Spania, som hadde dominert europeisk politikk i sidan tidleg på 1500-talet, taper terreng, at den franske kongemakta styrkar seg i høve til det tyske keisarriket som held fram som eit lappeteppe i endå eit par hundre år, og at England stig fram som ein sterk og sjølvstendig joker.

I Norden markerer den unge krigshelten Gustav II Adolf Sverige som ei stormakt, særleg i Austersjøområdet, den dansk-norske monarken Christian IV, derimot må flykte med halen mellom beina til ein mild, men vanærande fred.

At den tyske dramatikaren Bertolt Brecht nyttar den legendariske Tredveårskrigen som ramme for si skildring av menneskeleg råskap, dårskap og overlevingsevne, er så å seie pedagogisk innlysande.