Tilbake til Lucky Happiness Golden Express

Tilbake til I einsemda på bomullsmarkene

Tre i startgropa

To registudentar og ein scenografstudent gjer diplomoppgåvene sine ved Det Norske Teatret denne våren. Heidi Dalene, scenografistudent ved Akademiet for scenekunst ved Høgskolen i Østfold, har scenografi på I einsemda på bomullsmarkene. Tormod Carlsen, registudent ved Teaterhøgskolen i Oslo har regi på same framsyning, medan Jesper Berglund, registudent ved Stockholms Dramatiska Høgskole, har regi på Lucky Happiness Golden Express. Foto: Siren Høyland Sæter.

To registudentar og ein scenografstudent gjer diplomoppgåvene sine ved Det Norske Teatret denne våren. Heidi Dalene, scenografistudent ved Akademiet for scenekunst ved Høgskolen i Østfold, har scenografi på I einsemda på bomullsmarkene. Tormod Carlsen, registudent ved Teaterhøgskolen i Oslo har regi på same framsyning, medan Jesper Berglund, registudent ved Stockholms Dramatiska Høgskole, har regi på Lucky Happiness Golden Express. Foto: Siren Høyland Sæter.

Det er ikkje berre elevskulen Det multinorske som gjer Det Norske Teatret til ein utdanningsinstitusjon. Nesten kvart år har teatret besøk av ein eller fleire studentar frå ulike teaterutdanningar i inn- eller utland, som kjem hit for å gjere diplomoppgåvene sine.

Årets tre diplomoppgåvestudentar kjem frå tre ulike skolar og dekkjer to fag. Heidi Dalene, som går på Noregs einaste scenografutdanning og er van med å jobbe i workshops med elevar og professorar frå mange ulike land, fortel at det er ein stor overgang å komme til Det Norske Teatret.

– På skolen arbeider vi saman i små, kunstnarlege kollektiv. Teatret er enormt mykje større. Samstundes er verkstadene her fulle av dyktige fagfolk med massar av erfaring, så det er ein veldig fin læringssituasjon for meg.

Jesper Berglund går på ei utdanning der det å utvikle sjølvstendige kunstnarlege individ står i fokus. Han er van med stor fridom i utdanninga, men fortel at dette også krev mykje ansvar av studentane. Jesper er positivt overraska over møtet med den store institusjonen.

– Det er noko eige med framsyningane som blir laga på Det Norske Teatret, det er noko ulineært i det kunstnarlege uttrykket; noko leikent, som bryt med naturalismen, og det tiltalar meg. Produksjonen min skal opp på Scene 3. Eg synest det er både utfordrande og morosamt å finne ut kva kreative løysingar Scene 3-konseptet kan tvinge fram. Eg trur på pop-art for å lokke yngre tilskodarar til teatret, og her verkar det som Det Norske Teatret har skjønt noko.

Tormod Carlsen er registudent ved det som framleis er Noregs einaste regiutdanning, ei utdanning som tidlegare har vore særs russiskinspirert, men som no er i ferd med å opne seg meir mot andre tradisjonar. Tormod fortel at han kjem til teatret med ei viss ærefrykt.

– Eg har sett mange framsyningar på dette teatret, men no er eg plutseleg ikkje ein vanleg tilskodar lenger – eg er tvert imot den som skal levere noko. Det er uvant og nokså spennande. Den største skilnaden frå skulen er kanskje at det er mykje større avstand mellom meg og alle dei involverte avdelingane. På skulen jobbar vi tett med små team, men her må produksjonen passe inn i ein ”produksjonsmal”, så eg må formulere klart og tydeleg på eit tidleg tidspunkt kva eg er ute etter frå alle. Heldigvis kjenner eg meg veldig trygg på alle her. Vi er jo omringa av folk med lang teatererfaring!

Det er eit privilegium å sitje med tre gneistrande, nyutdanna scenekunstnarar framfor seg, og det er nesten umogleg å ikkje spørje dei kva for ambisjonar dei har for framtida?

– Eg tenkjer på framtida med skrekkblanda fryd, seier Heidi.

– Eg òg, seier Tormod. – Men eg håpar eg klarer å halde meg konstant skapande og i dialog med publikum.

Jesper fortel at han tenkjer todelt:

– På den eine sida ønskjer eg å jobbe med allmennmenneskelege spørsmål, og her passar Lucky Happiness Golden Express – og nesten all klassisk dramatikk – perfekt. På den andre sida likar eg godt dokumentarteater, og formsterkt teater som er relevant for den tida vi lever i akkurat no.

Vi ønskjer dei tre i startgropa lukke til, og gler oss til å sjå dei i arbeid på Det Norske Teatret!

 

Tekst: Ingrid Weme Nilsen.