Tilbake til Krapps siste spole

Intervju med Jan og Bjørn: Total einsemd og kjærleik

Aner vi ein ny Beckett-epoke i regi av Bjørn Sundquist? Krapps siste spole med Jan Grønli i tittelrolla er neste prosjekt.

 

Jan Grønli og Bjørn Sundquist, to garva skodespelarar med ei merittliste i norsk teater som sveiper over
store delar av den norske teatergeografien, landsdelscenar, nasjonale høgborger og historiske spel. To
jamgamle og jamgalne teatermakarar som nyt stor respekt og har stor respekt for kvarandre. Men på scenen har dei vore antagonistar, Brand og Einar i Brand, to brør Stockmann i Ibsens Folkefiende og Lucifer og Gud i Bibelen no sist på Det Norske Teatrets hovudscene. Og i arbeidet med Samuel Becketts klassikarar sit dei på kvar si side av regipulten. I fjor var det Mens vi ventar på Godot, Jan og broren Stein i hovudrollene på Riksteatret/Det Norske Teatret, og no den tragikomiske livsrefleksjonen Krapps siste spole på Scene 3.

Bjørn har regi, Jan spelar Krapp, den einaste rolla på scenen, men yngre årgangar ligg på band. Stykket kom i 1958 på engelsk, Krapps Last Tape og assosiasjonen til crap – dritt/møkk kan vel ikkje vere heilt tilfeldig.
Det moderne teatret vender alltid tilbake til Beckett, kvifor? 
Bjørn: Krapp er ein gammal forfattar som ser tilbake på livsverket, på livet sitt. Da vi gjorde Godot tenkte eg på stykket som ein Vaudeville over ein avgrunn, det er lett og det er morosamt, men stadig vekk opnar sluket seg, slik er det med dette stykket òg, lite i omfang, men ein fantastisk innhaldsrik tekst, og ei fantastisk rolle. Og da er det som med Hamlet eller Peer Gynt, du må ha ein på teatret som kan gjere ei slik rolle, det er ikkje for kven som helst, ein må skjønne dette universet, det svarte rommet, det absurde i det, og kunne spele det på fullt alvor.

Det må vere ei ideell rolle for ein aldrande skodespelar, nesten all teksten ligg jo på lydband? Kva er da utfordringa?
Jan: Ein må jo kunne reagere truverdig etter kvart som han spelar av passasjar frå sitt eige liv. Men utfordringa er nok å ikkje gjere for mykje, ikkje legge reaksjonane utanpå, ikkje falle for freistinga til å bli for tydeleg; dette var sanneleg trist du… Det er vekslinga mellom noko nesten uttrykkslaust, slik at du ikkje heilt forstår kva som føregår i han, til nesten vulkanske utbrot, som lagar spenninga i stykket.
Bjørn: Det labile!
Jan: Ja, totalt overraskande.
Bjørn: Og ikkje fordi han vil skjule det for eit publikum, men for seg sjølv, han vil ikkje gå inn på det, det blir eit lukka rom. Total einsemd, og kjærleik mellom anna, det er det stykket handlar om, etter mi meining. Han er som ei demning som kan sprekke når som helst, og det tar han ikkje sjansen på, og for å unngå det – så drikk han. Vi kjenner oss igjen. (latter)
Jan: Likevel vender han stadig tilbake til det, spelar det om og om igjen fordi han håper at det skal dukke opp noko han ikkje har fått med seg, noko nytt, løyndomar – no kjem det…
Bjørn: Akkurat, for det ligg ikkje nokon resignasjon i det, han er heile tida på jakt, han er fullt ut i stand til å elske, og til å tru, men han har ingen å elske, han har ingen Gud. Og han finn ingenting på lydbanda heller, blir berre skuffa; var eg verkeleg ein slik tufs, var eg så dum, da eg var 39 og 27…. Det er
ein kunstnars sjølvoppgjer, ein kunstnar som måler det han har oppnådd mot sine ambisjonar. For meg er det det, men på den andre sida er det ikkje det, det er ei historie om Krapp, ein heilt særeigen person som interesserer og fascinerer meg.

Her finst jo mykje stor humor òg, stykket byr blant anna på den største av alle komedieklisjear, det å gli på eit bananskal.
Bjørn; Beckett var jo veldig opptatt av Buster Keaton og Helan og Halvan, dei tragiske klovnane som ikkje fiksar livet, han elska dei og bygde dei nærmast inn i stykka sine. Men gjer ein berre det så blir det teikneserie, og det stemmer ikkje heilt, eg likar å sjå at det er levande, verkelege menneske.
Jan: Men humoren ligg jo der, den finst i stykket og den kjem fram på ein heilt annan måte når du ikkje jaktar på den.
Bjørn: Det er ikkje alt som kan gjerast på latter, men det må likevel gjerast. Eg har ein undertittel på stykket som eg har henta frå Beckett’s The Unnamable, siste setninga der: You must go on. I can’t go on. I’ll go on.

To gamle revar og bussar, kan det bli nok motstand av det?
Jan: Det at vi kjenner kvarandre så godt trur eg berre er ein fordel, vi treng ikkje å seie så mykje, vi veit kor den andre vil, og kan hoppe bukk over dei lange forklaringane. Vi er jo ikkje alltid heilt einige, og det skal ein jo ikkje vere. Vi har sjølv valt å jobbe saman. Slik var det òg med Godot, Stein og eg fekk
velje både stykke og instruktør, og det trur eg ikkje Bjørn har angrar på, ikkje vi heller. Han er jo ein tenkande skodespelar med eit sterkt uttrykk, men han veit at det ikkje nyttar å vise meg korleis eg skal spele, sjølv om eg ser at han av og til har veldig lyst.


Tekst: Ola E. Bø. Foto: Siren Høyland Sæter