Tilbake til Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdals litterære søsken

Litterære karakterar blir sjeldan til i eit vakuum. Dei fleste har slektningar i andre tekstar i same forfattarskap eller i den nære og fjerne litteraturhistoria. Dette gjeld også Maria Parrs Tonje Glimmerdal.

TEKST Nina Goga, førsteamanuensis i litteratur

Sjølv om det i boka om Tonje Glimmerdal heiter at ho er einebarn, er det berre innanfor bokas permar. I den barnelitterære bokheimen har ho mange sysken.

Parr låner karaktertrekk frå litterære personar ho sjølv les om, som Johanna Spyri si Heidi, frå andre karakterar i Parr sin forfattarskap, som Lena i Vaffelhjarte (2005), og frå dei karakterane forfattaren verdset, som Astrid Lindgren si Pippi, men også Ronja og Emil. Sjølv om det i boka om Tonje Glimmerdal heiter at ho er einebarn, er det berre innanfor bokas permar. I den barnelitterære bokheimen har ho mange sysken, flest systrer, men også nokre brør. Slektskapen mellom desse kjem tydeleg fram både i utsjånad, veremåte og verbal slagkraft.

Utsjånad: «raude løvekrøllar»

Ikkje berre er håret til Tonje langt og viltert, det er også raudt, som hos Pippi og Ronja. Og desse er ikkje aleine om å vere viltre og vinnande litterære jenter med raudbrunt og ustyrleg hår. Dette litterære karaktertrekket eller denne litterære stereotypien er nærmast synonymt med sjølvstende og viljestyrke. L. M. Montgomery si Anne frå Bjørkely har raudt hår (seks bøker mellom 1908-1921), Anne Lunde i Vigdis Hjorths Jørgen + Anne er sant (1984) har brunt hår og ho klipper til og med håret av rivalen Emma. I Gro Dahle og Svein Nyhus’ Snill (2002), kjem opprør mot kontrollerande mønster og haldningar til uttrykk gjennom endringar i framstillinga av jenta Lussi sitt hår. Dei pene og ryddige museflettene blir bustete og uryddige med losna flettesløyfer når Lussi sprengjer seg ut av veggen som gjer snille jenter usynlege. Kva hår litterære jentekarakterar har er altså ikkje utan tyding.

Pippi er ein av inspirasjonskjeldene til Tonje Glimmerdal. Illustrasjon: Cappelen DAMM.

Pippi er ein av inspirasjonskjeldene til Tonje Glimmerdal. Illustrasjon: Cappelen DAMM.

Veremåte: «fart og sjølvtillit»

Tonje Glimmerdal har vore hylla som idealisert naturbarn, som eit nostalgisk døme på korleis barn skal leve og utfalde seg fysisk i verda. Som Heidi, Emil og Ronja treng Tonje frisk luft, fjell eller opne marker for å vekse og utfalde seg. Inne- eller byliv er for dei eins med straff, sjukdom og mistrivnad. Dei er alle sterke og sunne barn. Ronja fyller verda med sitt vårhyl, Heidi klatrar som ei geit, Emil streifar på kryss og tvers i Lønneberget og skispora til Tonje lagar krusedullar og strekar over heile Glimmerdalen. Fysisk styrke gjev også psykisk styrke. For nokre kanskje for mykje, kanskje på grensa til det egosentriske og kjenslelause.

Mottoet «fart og sjølvtillit», som Tonje har arva av dei to sjølvstendige og utflytta tantane sine, blir ofte sett i samanheng med Tonjes styrke og mot, med dei hasardiøse ski- og aketurane hennar. Men ein kan også sjå det som eit motto for det sosiale motet ho visar.

For Tonje si verd er ikkje berre idyll. Når venen, gamle Gunnvald på nabogarden, brekk beinet, endrar plutseleg også Tonje sitt liv seg. Ho blir kjend med at Gunnvald har ei vaksen dotter og at forholdet mellom dei har vore dårleg lenge. Når dottera, som er kalla Heidi, vil selje garden til Gunnvald til den barnefiendtlege campingplasseigaren Hagen, tek Tonje affære. Ho kjempar ein lang kamp både med Gunnvald og Heidi for å få dei til å forsonast. Og ho lukkast, med staheit og song. I dette liknar ho også fleire av dei litterære syskena sine. Spyris Heidi forsonar bestefaren med bygda, Ronja forsonar Mattis og Borkar, og Emil vinn folks velvilje og endrar haldningane deira til både fattigfolk og ungar. Rettferdssans og motstandsmot har også andre idérike gutar, for eksempel Jonatan Løvehjerte. Kanskje ikkje tilfeldig at Tonje har løvekrøllar.

Maria Parr skriv om barn i miljø ho kjenner. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Maria Parr skriv om barn i miljø ho kjenner. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Verbal slagkraft: «hersens elendige jurbetente helsecamping»

På same vis som Tonje rører seg fritt og fartsfylt gjennom sin eigen Glimmerdal, rører ho seg med fart og fridom i språket. Det er barskt og direkte. Ho nøler ikkje med eit «fy flate» à la Pippis «fy fabian», for å uttrykke både begeistring og sinne. Ja, ho syng ut om kva ho meiner. Men gjennom song kjem også den meir mjuke og lyttande Tonje til uttrykk. I musikken møtest til slutt ikkje berre Gunnvald og Heidi med si felespeling, den er også ein møtestad der venskap kan vekse fram og ny menneskekunnskap vinnast.

Når Det Norske Teatret lagar teater av Tonje Glimmerdal, har dei valt ei bok som speler på alle dei litterære strengane. I ei teaterframsyning kan dette spelet sansast med auge, øyre og hjarte.