Tilbake til Kven er redd?

Tiller på teater

Kven er redd? er det første teaterstykket Carl Frode Tiller har skrive frå grunnen av. Det blir neppe det siste.

TEKST Ruth Lillegraven, forfattar FOTO Berit Roald Scanpix

Carl Frode Tiller er ein meister til å skildre kranglar og kommunikasjonssvikt, til å vise oss korleis det eine vesle ordet tek det andre og plutseleg blir til ein katastrofe, korleis kjærleik og svik går hand i hand. Det er mykje mørkt – men heldigvis også mykje humor. I Kven er redd? møter vi skodespelaren Bjørn, kona Ingvild og dei to halvstore ungane deira. Etter kvart dukkar også Ingvilds rike og vellukka foreldre opp – saman med Bjørns ikkje fullt så rike og vellukka far.

Bjørn og Ingvild har også sin eigen sjargong, full av stikk og spott. Kva har gjort dei slik?
– Eg trur eigentleg det i utgangspunktet er ei slags humoristisk greie dei i mellom. Men så tek det liksom overhand, bikkar over. Etter kvart blir det ganske stygt. Bjørn er under sterkt press, han skal spele den store rolla som George i Kven er redd for Virginia Woolf? Dessutan skal han snart flytte frå bygda si og jobben sin, fordi Ingvild skal byrje å jobbe hos faren.

Han føler at han på ein måte blir pressa ut av sitt eige liv. Alt dette tek han nok ut på familien, ved å mase og klage og pirke.

Han har også eit nokså ambivalent forhold til faren?
– He he, ja, og Torgeir er jo ein nesten Duunsk figur. Folka til Duun snakkar jo slik folk gjer heime i Nord-Trøndelag. Slik snakkar også nokre av folka i mine bøker. Torgeir er vulgær, ja, men han er det med eleganse. Det er ein kunst. Eg kunne aldri skrive om Torgeir på bokmål.

Dei er nokså samansette, desse karakterane dine?

– Ja, eg tykkjer ikkje det er interessant å skrive om folk som berre er gode eller vonde. Vi er jo alle komplekse.

Det er situasjonane vi havnar i, som avgjer kva trekk som blir dei dominerande.

Carl Frode Tiller sjølv er ein stillfarande 45-åring som verkar vere på plass i seg sjølv og sitt eige liv. Han skriv, jamt og trutt, dag etter dag. Dagane bør helst vere såpass like og føreseielege at han kan bruke mest mogleg av kreftene på skrivinga og familien. Den inneheld, i tillegg til Tiller og kona, tre døtrer i alderen 7–14 år. Og både i teaterstykket og i Tillers siste roman, Innsirkling 3, finst det jenter som dusjar altfor lenge, til fedranes store frustrasjon.

Altså, dette mistenkjer eg nesten at du har personleg erfaring med?
– He he, ja, det stemmer nok, ja. Eg har jo ein fjortenåring i huset. Og dei dusjar per definisjon for lenge. Her har romanen min faktisk lånt litt frå stykket, eg har halde på med dei parallelt. Det er eit par andre slike overlappingar også. Men nokon plan har Tiller aldri når han byrjar skrive på noko nytt.
– Å nei. Då blir det jo inga spenning att.

Eg likar best å ikkje vite kvar historia skal ta meg.

Difor byrjar eg gjerne med ein karakter, eller fleire, leikar meg med å finne korleis dei snakkar. Deretter kjem historia fram etter kvart. Eg er fascinert av alle eg skrive om, og av dei ulike miljøa eg skildrar.

Så då kan du reise litt i skrivinga? Ha full fridom der?
– Ja, nettopp. Det er herleg.
Det er kanskje godt Tiller har skrivinga å reise i. For elles likar han seg best i kjellarstova heime på Rotvoll i Trondheim. Der sit han, dag etter dag – på den same stolen, ved det same tastaturet, med den same kaffikoppen – og skriv på ein pc utan internett.
Mobiltelefonen har han kjøpt for 99 kroner på Clas Ohlson. Smartphonen fekk fyken, han blei for sliten i hovudet av den.
– Ein byrjar jo til og med å ta den med på do. Og slik blir dei jo borte, dei små pausane, som er så viktige.
Nei, Carl Frode Tiller brukar ikkje opp kreftene sine på å fjase med Facebook på mobilen. Han er også kjent for å takke nei til dei aller fleste spørsmål om bokbad og opplesingar.
Men denne dagen har Tiller reist på dagstur til Oslo for å delta på leseprøve på Det Norske Teatret. Skodespelarane verka begeistra, det er ein lette.

Er du eit teatermenneske i utgangspunktet?
– Å nei, langt frå. Eg har sett lite teater. Det kunne sikkert vore ein fordel for meg å ha sett meir. Men det var ikkje mykje teater i Namsos, ikkje kom eg frå nokon teaterfamilie, heller. Kona mi prøver stadig lokke meg med på teater. Men med tre ungar i huset blir det ikkje at ein går ut så mykje.
Han flirer.

– Som 25-åring tenkjer ein at ein aldri skal bli ein sånn som sit heime på kveldane. Og så er ein plutseleg 45, og det kjennest nesten uråd å gå ut av huset på kveldstid.

Om det har blitt lite teater, har det blitt desto meir bøker. Og film.
– Eg prøver å ikkje tenkje på det å lese og sjå film som «jobb», men det er viktig for meg, viktig for skrivinga. Eg tenkjer nok veldig filmatisk, anten det no er teater eller roman eg skriv.

Og no? Trur du prosaen din vil bli påverka av at du no har skrive drama?
– Ja, eg har iallfall blitt van med å måtte skrelle vekk absolutt alt overflødig. I dramaet har ein så mykje dårlegare tid til å fortelje historia. Familien står sentralt både i det nye stykket og i Innsirkling.

Det verkar som du er opptatt av familien som tema?
– Meir som arena for kjensler og konfliktar.

Alt blir så sterkt i familien. Ein kan ikkje berre stikke av, som ein kan frå ein kompis.

Ein har ikkje valt kvarandre, men høyrer saman, er avhengige av kvarandre. Det blir gjerne mange tidlause konfliktar i ein familie, som hos Bjørn.

Ja, og apropos Bjørn, kva trur du det er som får det til å rakne for han? Er det først og fremst rolla?
Tiller tenkjer seg om, svarar like lågmælt som alltid.
– Det er ikkje godt å seie. Bjørn sjølv prøver seg med ulike forklaringsmodellar: barndomen, alkoholen. Men kva er det som er han – og kva er research til rolla som George? Det er ikkje lett å vite, særleg ikkje dei gongene han vender seg direkte til publikum. Eg let det vere litt opp til skodespelarane også, kva dei vil fylle desse romma med. Det blir spennande å sjå. Eg gler meg.