Tilbake til Tenk om

Tenk om handlar om oss alle, om livet vårt.

Det snedige er at vi får historia i fleire versjonar, seier Heidi Gjermundsen Broch, aktuell som Marianne i "Tenk om".

Stykket skyt på ein måte i to retningar, der vi, banalt sett, følgjer ei slags kjærleikshistorie i den eine historia, og i den andre ei slags karrierehistorie. Dessutan er det ei enorm fart og framdrift i stoffet. Det er ikkje så vanleg i musikkteater, der musikken ofte dvelar ved ei kjensle. Eg såg ein tidleg versjon av musikalen i Washington DC for om lag to år sidan. Det var ei oppleving som rørte meg, sette i gang tankar. Det er ei forteljing som opnar for at ein kan bli sitjande og gruble over eigne val, og kva vala har gjort med oss.

Rolla som Marianne er ei ekstra moro og utfordrande rolle. Vanlegvis prøver eg å vere veldig godt førebudd til prøvestart. Denne gongen har eg prøvd noko heilt nytt, eg lært teksten og songane, men stilte ganske plank på prøvene. Og det er litt skummelt. Ein gir liksom slepp på eit tryggingsnett. Men Marit Moum Aune har ein frigjerande måte å arbeide på. Eg blir ikkje ferdig med å forstå Marianne til premieren. Eg trur nok aldri eg blir ferdig.

Marianne seier at ho har ein tendens til å fortape seg i det som kunne vore. Eg er nok litt lik, og bruker lang til på å bearbeide ting. Eg har tenkt på det, at dei siste åra har alt gått så fort. Rolle etter rolle, den eine oppgåva avløyser den andre. Eg har vore heldig, og hatt mange store roller. Men før tok eg meg ikkje tid til å tenkje over det, setje pris på det. Eg tok ikkje inn over meg det privilegiet det er å få gjere det ein synest er mest moro, og ha det som jobb.

 

Fortalt til: Ida Michaelsen