Tilbake til Tante Jane

Tanta til Tore

Forfattar og dramatikar Tore Renberg debuterer våren 2019 på Det Norske Teatret. Og det med ein familiefarse med seks fots drenering.

Bananasfeminisme. Botoxfeminisme. Alltid boblar i glaset-feminisme. Møt tante Jane. Ho har sett kvardagen i halsen og har øksa klar til hogg. Som ei Nora av i dag vil ho at det vedunderlegaste skal skje. Men mellom ho og fridommen står, som ofte før i historia, ein ektemann … Forfattar og dramatikar Tore Renberg debuterer våren 2019 på Det Norske Teatret. Og det med ein familiefarse med seks fots drenering.

Renberg er mest kjent for bøkene om Jarle Klepp og Hillevågsgjengen. Men til våren er det ein heilt annan gjeng frå pennen til forfattaren frå Stavanger som skal utfalde seg på Scene 3. Ideen om Tante Jane blei planta i Tore Renberg då han las om eit drap der ei kvinne hadde drepe mannen sin. Men det som verkeleg fanga interessa hans med saka, var at kvinna hadde fått hjelp av ei venninne.

Det var noko forstyrrande med at dei hadde planlagt dette saman. To gode venninner som hjelper kvarandre same kva det er, om så det inneber drap. Eg har alltid vore fascinert av at kvinner gjer alt mogleg saman. Ikkje berre går dei på do saman, men dei kvittar seg med menn saman og. Så denne teksten spann ut av dette. Desse to bestevenninnene som gjer kva som helst for kvarande. For alt kan ordnast så lenge du har ei god venninne som er einig i at vennskapet går framfor alt.

Ei tid styrt av kjensler og ikkje fakta
Jane er ei dame midt i livet som opplever at ho er sett til sides og trakka på. Lerkefuglen har slutta å synge, og er ikkje lenger fri. Alt har stoppa opp. Begeret er heilt fullt. Sjølv kjenner Jane seg som ei i den lange rekka av kvinner som har blitt urettvist behandla. Ei moderne Jeanne d’Arc, og ei syster av alle dei som blei brunne på bålet. Eit offer for undertrykking i eit frykteleg samfunn, og menn som styrer.

Eg kjende ei form for grotesk glede medan eg skreiv Tante Jane, samstundes som eg fraus litt i nakken, seier Tore Renberg. – Bananasfeminismen til Jane har vore noko av motivasjonen medan eg har skrive stykket. Ein feministisk praksis der du kan plukke med deg det som passar deg og kjenslene dine best, og kalle det feminisme, utan at det har noka rot i røynda. Nett slik det er i elles i den postfaktuelle tida vår, der vi helst ikkje sjekkar fakta, men held oss til kjenslenes lovgiving. Å føle noko er tilstrekkeleg.

Utan indre moralsk kompass
Men kva er vel ein farse utan det dukkar opp fleire karakterar frå gøymestader med gode lytteforhold? Nevøen Frank og kompisen Jolle har nemleg tatt seg inn i huset på jakt etter pengar. For Frank har vakse opp med at ikkje alle rike onklar bur i Amerika. Hans onkel og tante er meir tilgjengelege og enklare å «arve» pengar av. Som det for Jane er heilt logisk å slipe øksa og kvitte seg med mannen, er det for Frank og Jolle heilt naturleg å bryte seg inn og ta. Ein enkel plan, og i deira hovud ikkje så ulikt Robin Hood som tar frå dei rike.

Renberg fortel at det har vore ei interessant reise å skrive om desse karakterane der det indre moralske kompasset har gått sund.

-Eg er sikkert ikkje åleine om å oppleve ei bekymring over det vi kan kalle tap av objektivitet i samfunnet. I media. I debattar. I liva våre. Veke etter veke ser vi at fakta blir ignorert og at den personlege, kjenslebaserte opplevinga får forrang. Denne nedprioriteringa av kunnskap regjerer sosiale media, han regjerer folkedjupet, og han pregar storpolitikken. Ein av dei store karakterane i eposet om den postfaktuelle tida vår er president i USA. Vi lever i kommentarfeltsamfunnet og der er kjenslene sjef. Det Jane held på med i sin heilt private feminisme, er sjølvsagt ei fornærming mot feminismen. I dette stykket er det ingen som har eit intakt moralsk system, alle har gått til pieces. Tilbake står begjær, svik, løgn og ein bråte med omgrep i fri flyt.

Seks personar i ei kjøttkvern
Ifølge Tore Renberg så var sjangeren komedie eller ein lek med den klassiske farsen rette sjangeren for historia om tante Jane. Eit forviklingsplott der seks personar hamnar oppi ei kjøttkvern. Alt skjer på eit par timar, og han kan ikkje love ein lykkeleg slutt.

-Eg kunne godt ha skrive om Jane i ein annan sjanger. Men her verka farsen som den rette sjangeren. Nettopp fordi det er slik nokre av oss oppfattar den hysterisk tendensen i samtida, som farseaktig. Denne postfaktuelle galskapen. Eg tenker òg at samtidssatiren alltid har vore eit nyttig verkty for å kommentere notida. Men det er mogleg at latteren blir sittande fast litt etter kvart som stykket skrid fram. Det blir i alle fall spanande å sjå kva regissør Fridtjof Såheim og Marit Adeleide Andressen i rolla som Jane finn på, avsluttar Renberg.

Tekst: Guro Redalen. Foto: Maiken Mathisen