Tilbake til Heisenberg

Tilbake til Det merkelege som hende med hunden den natta

TALENTLAUS SUKSESS

Simon Stephens har over 20 skodespel bak seg, ei rekkje prisar og internasjonal suksess. Men det er ikkje talentet som har ført han dit han er i dag.

TEKST Erlend Tårnesvik Dreiås FOTO Alex Rumford

«Eg tenkjer alltid at teaterets oppgåve er å undersøke kva det vil seie å vere menneske,» fortel Simon Stephens. Framsyninga Heisenberg har noregspremiere i haust, eit stykke som skjer inn til sjølve essensen av teateret: To skodespelarar med ein tekst på ei nesten tom scene. For den britiske dramatikaren er det handlinga og ikkje ordet som er det sentrale: «Teater er ikkje lingvistikk. Det er handling. Om noko kan øydelegge eit skodespel, så er det ord.»

TILFELDIG KJÆRLEIK

Katalysatoren for handlinga i Heisenberg har skjedd alt før stykket startar. På ein togstasjon i London kysser Georgie den heilt framande Alex i nakken. Det blir starten på ei usannsynleg kjærleikshistorie. «Komedien og det menneskelege i Heisenberg – om det er der – finst ved at det dreg merksemd mot det anormale.» I eit intervju med New York Theatre Guide fortel Stephens at det er i karakterar som er ekstreme, nysgjerrige, ekstraordinære og utanfor, at det menneskelege avslører seg sjølv.

Alex er ein eldre mann, ein slaktar, med irske røter. I over femti år har han halde fast på sine daglege rutinar, og eiga einsemd. Georgie er ei livleg, yngre dame. Ho finn på stadig nye historier og er ikkje så nøye med sanninga. Begge har dei krefter i seg som – frå det uventa kysset – spinn historia vidare. Men i det ekstraordinære finst også det allmenne. Kor godt kan ein eigentleg kjenne eit anna menneske?

Bjørn Floberg skal spele Alex og Marie Blokhus skal vere Georgie i haustens oppsetjing av Broadway-suksessen Heisenberg. Foto: Eirik Malmo.

KVANTEFYSIKKEN

Tittelen på stykket har Stephens henta frå naturvitskapen. Den tyske fysikaren og Nobelprisvinnaren Werner Heisenberg oppdaga den såkalla uskarpleiksrelasjonen på 1920-talet. Den seier at alt i universet oppfører seg både som ein partikkel og ei bølgje på same tid, og at ein derfor ikkje kan måle nøyaktig posisjon og rørslemengde samstundes.

Med kvantemekanikkens lovar som premiss er Heisenberg ein romantisk komedie som loddar djupt i den menneskelege naturen. «Teorien er at om du veit kor noko er, veit du aldri kor det skal eller korleis det skal komme seg dit,» forklarar Stephens. «Det er å ta denne kjemiske ideen og gjere den om til ei kjærleikshistorie. Det handlar om forholdet og vennskapet, kjenslene og kjærleiken mellom ei yngre kvinne og ein eldre mann ho prøver å forføre.»

DET TOMME ROMMET

Det er berre to skodespelarar på scenen i Heisenberg. I oppsetjinga på Det Norske Teatret er det Bjørn Floberg og Marie Blokhus som speler dei to rollene. I scenetilvisinga står det at scenerommet skal vere så nakent som mogleg. Stephens fortel i boka A working diary at inspirasjonen til scenerommet var estetikken i ein prøvesal. Om scenen er så naken som mogleg, og rekvisittane er så ærlege som mogleg, betyr det at ingenting er gitt på førehand, og publikum må bruke sine eigne erfaringar: «Ein realistisk scenografi styrer publikums respons og føreslår for dei kva stykket skal vere om og kva som kan skje. Å ta bort scenografi fjernar denne forventninga. Så kan forteljinga bli avslørt fullt og heilt i augneblinken.»

PRISVINNANDE DRAMATIKAR

Simon Stephens sine skodespel blir mykje spelt i Europa og USA. Framsyninga Det merkelege som hende med hunden den natta har hatt stor suksess på West End og Broadway.

Frank Kjosås speler no rolla som Christopher i stykket Det merkelege som hende med hunden den natta, som framleis går på Scene 3. Foto: Dag Jenssen.

På Det Norske Teatret går stykket framleis, tre år etter premieren. Sjølv blir Stephens aldri nøgd med stykka han skriv: «Alle mine skodespel er på ein måte mislykka,» seier han i eit intervju med avisa The Independent: «Anten høyrer eg mi eiga røyst for tydeleg, slik at forteljinga ikkje verkar, eller det overordna bildet blir usamanhengande.» Men det perfekte er ikkje nødvendigvis det ideelle for Stephens: «Om eg nokon gong skriv eit stykke der eg tenkjer at alt er perfekt, sluttar eg.»

Han har inga formell utdanning, og meiner det ikkje er naudsynt for å vere dramatikar. Sjølv underviser han i kreativ skriving og har denne oppskrifta for unge skribentar: «Skriv. Les. Skriv igjen. Les igjen. Tenk. Skriv igjen. Les meir. Skriv meir. Slutt aldri å lese. Slutt aldri å skrive. Slutt aldri å tenkje. Suksess kjem frå arbeid. Det er ingenting som heiter talent».

 

FAKTA:

  • Simon Stephens (1971)
  • Britisk dramatikar, fødd i Manchester.
  • Tilsett ved Lyric Hammersmith i London.
  • Har skrive meir 20 skodespel, mellom anna: Bluebird(1998), Motortown (2006), Pornography (2007), Wastwater (2011), Blindsided (2014) og Heisenberg (2015).
  • For sceneadaptasjonen av romanen Det merkelege som hende med hunden den natta av Mark Haddon, vann han Olivier Award (2013) og Tony Award (2015) for beste stykke. Det Norske Teatret hadde premiere på stykket i 2014, og det går framleis på Scene 3.
  • Stephens har omsett Jon Fosse og Henrik Ibsen til engelsk.
  • Stykket Heisenberg hadde premiere i Off-Broadway i 2015, i haust får det skandinaviapremiere på Scene 2.