Tilbake til Solaris korrigert

Tilbake til Haugtussa

Musikk set i gang kjenslene våre.

Musikar og komponist, og aktuell med musikken til SOLARIS KORRIGERT og HAUGTUSSA.

Når emosjonane først trekker i ei retning, er det vanskeleg å snu.

Derfor er det viktig at eg ikkje legg meg på feil spor når eg skal lydlegge ein såpass spesiell tekst som Solaris Korrigert. Eg har lyst til å leike meg med klassiske science fiction-tema og håpar dei kan vekke same varme hos publikum som dei gjer i meg.

Året er 2480, og det er vanskeleg å førestille seg kva for musikk som blir laga da. Kor radikale er forandringane? Det veit eg ikkje. Eg berre veit at det er musikk der – i alle fall i vår variant av universet. Eg høyrer for meg ein miks av retro og futuristisk musikk, noko som peikar i retning av til dømes Kraftwerk og Terry Gilliam. Det er noko med teksturen hos dei som eg likar godt, og eg klatrar gjerne ned i den mørke synth-verda.

Ane Dahl Torp og eg arbeidde fram Haugtussa saman, så vi er ikkje ukjende med denne forma. Eg trur vi er gode saman og hentar mykje inspirasjon frå kvarandre. Ho frå musikken og eg frå hennar tolking av teksten. Men Peer Perez Øian som har regi er den som gjer alle vala. Han skal trass alt dirigere oss begge.

Om eg trur på Solaris korrigert som ein framtidsvisjon? Tja, du skal ikkje sjå bort frå at vi må rømme denne planeten. Slik vi øydelegg jorda, kan dette bli frykteleg sant, men om vi flyktar ned i tomme oljebrønnar, er eg meir usikker på.
Fortalt til Ida Michaelsen. Foto: Siren Høyland Sæter