Tilbake til Sweeney Todd

Silya til teaterscenen

Silya kjem for første gong til Det Norske Teatret i Sweeney Todd. Foto: Desiree Mattsson.

Silya kjem for første gong til Det Norske Teatret i Sweeney Todd. Foto: Desiree Mattsson.

Ho blei landets nye yndling etter den forrykande innsatsen i Stjernekamp, sjølv om Silya Nymoen gjennom mange år har hatt ein solid karriere som songar og entertainar.

Vi er sjølvsagt glade for at ho, mellom alle dei tallause tilboda som har strøyma inn, valde seg Det Norske Teatret som arbeidsplass når ho først tar steget vekk frå konsertscenen og inn på scenegolvet. I Sweeney Todds univers kjenner Silya slektskap med sjanger, estetikk og råskap. I følgje Erik Ulfsby, som både er regissør for framsyninga og teatersjef ved Det Norske Teatret, passar uttrykket hennar som hand i hanske med Sweeney Todds noko rufsete stil. Vi skal reke gatelangs i Londons hamnestrok, til kneiper og buler der trøkken og krafta i Silyas utstråling skal bli brukt, seier han om kvifor han ønskte seg Silya i ensemblet.

Ho vil få ei sentral rolle som stykkets historieforteljar, ei historie som blir sett gjennom auga til Sweeney Todds eks-kone. Silya Nymoen har vist for ein heil fjernsynsnasjon at ho er ein drivande god formidlar av kjensler. Vi ønskjer ho velkommen inn i dramaet i Londons bakgater – til Sweeney Todd.