Tilbake til Bu Betre

Retro med ein moderne twist

Framsyninga Bu betre harselerer med vår tids interiørhysteri. Foto: Faksimile frå Bo Bedre.

Framsyninga Bu betre harselerer med vår tids interiørhysteri. Foto: Faksimile frå Bo Bedre.

Kven et eigentleg alle artisjokkane på norske kjøkkenbenker?

Barndomsheimen min var full av bøker. Etter skuletid sat eg ofte framfor bokhylla på stovegolvet og studerte bokryggane. I den nedste hylla stod det slitne krimromanar og billigbøker med ei politisk slagside, mens høgare oppe stod dei fint innbundne bøkene frå Bokklubben Nye Bøker. Iblant heldt eg handa over forfattarnamna og konkurrerte med meg sjølv om å hugse kven som hadde skrive kva for ei bok. Snart kunne eg alle utanåt.

Når eg besøkte klassevenninner, pleidde eg å snikkikke i foreldra deira sine bokhyller. Nokon hadde skinninnbundne bøker av Hamsun og Dostojevskij, mens andre hadde nesten akkurat dei same titlane som eg fann hos oss. Truleg var dei med i same bokklubben som mamma. Heime hos éi venninne fanst det ingen andre bøker enn eit ti binds konversasjonsleksikon som mor hennar hadde kjøpt av ein dørseljar. Eg hugsar ein knirkande lyd frå den limfreste ryggen då vi slo opp ordet «vagina». Då forstod eg at desse bøkene aldri var blitt opna før.

Utan at eg var medviten om det sjølv, brukte eg bokhyllene til å plassere andre, i forhold til meg sjølv og min eigen familie. Kven er dei, kven er vi?

Heretter blir det vanskelegare å kategorisere folk på denne måten, for no er det blitt umoderne med bokhyller i stova. Det kunne vi lese i norsk presse før jul.

– Å ha ei bokhylle var tidlegare eit statussymbol. Det fortalde noko om at du høyrde til den utdanna middelklassen. Men når fleirtalet av nordmenn er ein godt utdanna middelklasse, blir ikkje det så viktig lenger, uttalte framtidsforskar Eirik Newth til nrk.no i den samanhengen.

Trendanalytikarane hadde også andre forklaringar på kvifor vi ikkje lenger ønskjer å ha bøkene på synlege plassar i stova. Veksten i ebok-marknaden var sjølvsagt eitt poeng, men vel så viktig: den minimalistiske interiørtrenden og vår lengsel etter «reine flater». Frå før har vi kvitta oss med LP-plater og CD-ar, og no er det altså bøkene. Dei samlar støv og ser rotete ut. Dessutan har mange av oss mindre veggplass enn tidlegare, ettersom alle vil ha «open løysing» og derfor slår ut alle vegger som ikkje held taket på plass.

Frå særinteresse til folkelesing
Vi er alle individualistar som ønskjer å uttrykkje personlegdommen vår gjennom stova. Men korleis skal vi klare dette når platene er sende til Fretex og bøkene står i kjellaren?

Med hjelp frå interiørblada, så klart. Marknaden for slike magasin har eksplodert det siste tiåret, og Narvesen fører i dag 85 ulike titlar i kategorien «Hus og interiør». Ein kunne dermed bli leidd til å tru at mangfaldet i stilartar er enormt. Men underleg nok ser porteføljen til bladkjeda ut som 85 variasjonar over temaet «lys nordisk design med innslag av industri- og naturelement». Eller 85 shades of grey, om du vil.

Mens interiør tidlegare blei sett på som ei særinteresse, er interiørblada det siste tiåret blitt folkelesing. I dag lever vi i eit land der den største medieskandalen for statsministeren var då ho stilte opp i ein heimereportasje som avslørte eit hus fullt av rot og klumpete furumøblar. Vi har alle fått utvida ordforrådet vårt på vegen, og fullstendig naturleg legg vi ut om industripendlar, tolixstolar og «skitne pastellar». Høyr berre kor avansert denne husmorbloggaren klarer å beskrive heimen sin i Aftenposten: «Jeg vil kanskje kalle det ’moderne møter shabby chic’ – med innslag av klassisk, svensk gustaviansk stil og amerikansk New England-stil.»

Stovene våre, som stort sett er kvite eller grå, blir ofte brukte til å uttrykkje kjærleiken vår til familien. Her heng romantiske bryllaupsbilete i svartkvitt på fotolerret utan ramme og enorme fotografi av barn med lyse linklede og rufsete hår – gjerne tekne i motlys på stranda i Thailand. På barneromma køyrer vi alle den same retrostilen med kvitmåla barnesenger frå 1950-talet, treleiker frå same perioden og den obligatoriske tallerkenhylla med barnebøker. Tru ikkje at det er likegyldig kva bøker du plasserer i denne hylla, nei, det vere dei koselege Elsa Beskow-bøkene om tante Grønn, tante Brun og tante Fiolett, eit par av Torbjørn Egner og kanskje ei Alf Prøysen-bok. Barna våre blir alle tvinga til å bu i små femtitalsmuseum.

Plattingen har Jarek snikra
I den svenske boka «Ljust & fräscht – jakten på det perfekta boende» (2011) tek forfattarane Fredrik Lindström og Henrik Schyffert den maniske interiørinteressa på kornet. Dei meiner at toppen – eller botnen – blei nådd i ein reportasje om loftsleilegheiter i avisa Dagens Nyheter, der ei rekkje bebuarar på fullt alvor hadde hengt opp ordet «NYT» i metallbokstavar ovanfor den nye nespressomaskina si.

Dei undrar seg over alle desse sakene som finst i dei fleste interiørblada, men som vi nesten aldri ser i ekte stover, som bjørkestubbepallar og tomme biletrammer på veggen, spesialstøypte sofaer i betong, handkle rulla saman som på spa, utstoppa fuglar og traller med brunt brennevin i karaflar á la Mad Men, for ikkje å snakke om dei mange glasskålene fulle av artisjokkar! Dersom etterkommarane våre hadde grave fram eit interiørblad frå 2014, ville dei ha trudd at artisjokkar var hovudnæringskjelda vår.

Boka kjem også inn på den einaste interiørtrenden vi ikkje snakkar om, nemleg det faktumet at stadig meir av oppussinga blir sett bort til arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa. For når vi skrytande viser gjestene våre rundt i det nyoppussa huset, er det nok dei færraste som seier: «Og denne flislegginga var det Andrezej som stod for!» Eller: «Den nye plattingen har Jarek snikra for oss, ganske så billig.»

Lindström og Schyffert ber på ei frykt for det motsette scenarioet, altså dersom svensk økonomi gjekk fullstendig dukken og det plutseleg var dei som måtte reise til Polen for å søkje jobb:

– Kva kan de, då, kan de snikre, kan de leggje røyrleidningar?

– Nei, absolutt ikkje, vi er svenskar, vi kan ingenting praktisk! Vi kan sånt som å utforme kommunikative plattformer for webdesignarar. Treng de folk til det? Ikkje? Kva med nokon som berre sit der og kjem med politisk korrekte synspunkt, då?

Å avansere til eit metanivå
Det er ein kjend mekanisme at opinionsleiarane beveger seg vidare når massane har oppdaga trenden. Så korleis kan dei verkelege individualistane markere avstand frå alle dei andre individualistane på interiørfronten? Jo, ved å ta i bruk eit metaperspektiv i interiøret. For eksempel kan du i dag bestille plakatar på Internett med klassiske innreiingsklisjear som «Vi har valt ei blanding av designklassikarar, Ikea og loppisfunn». Og «Vi har renovert varsamt og teke vare på originaldetaljane». Eller kva med denne: «Vi liker retro med ein moderne twist.» Med slike utsegner i glas og ramme på veggen viser du ein distanse til eiga interiørinteresse, og samtidig sender du ein kode til andre som også har avslørt klisjeane.

Eg er faktisk avansert til dette metanivået sjølv. På stoveveggen har eg ein biletcollage der eg også har plassert eit kvitmåla treskilt der det står «Kärlek». Mannen min stussa då eg hengde det opp: – Har ikkje du drive og harselert over folk som skriv sånne klisjéfulle kjærleikserklæringar på veggen? spurde han.

– Jo, men dette skiltet er på svensk og burde derfor gi folk assosiasjonar til dansebandtekstar. Og dermed forstår ein jo at det er ironisk meint, sa eg.

Men det forstod han ikkje, det enkle mannfolket.

 

Tekst: Marta Breen. Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS.