Tilbake til Andre verdskrigen – Natt i verda

Rein natur

Den som vil utsletta vondskapen, blir fort slukt av han sjølv.

TEKST Maria Tryti Vennerød

Mitt bidrag til Andre verdskrigen – Natt i verda heiter Rein natur og er forteljinga om nazidoktoren Josef og hans groteske ambisjonar om å frelsa menneskerasen frå sin eigen vondskap.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-20

Maria og Josef i Rein natur. Foto: L-P Lorentz.

I byrjinga av arbeidet – før eg visste kva eg skulle skriva – kjende eg motstand mot å gå inn i og førestilla meg krigen i all si redsle. Det gav meg nesten avsmak. Det er jo så mykje urett som skjer i dag, så kvifor leva seg inn i og nærmast forsyna seg av skjebnane til menneske som likevel er døde? Det var som om eg ville beskytta og ikkje bruka opp mi eiga evne til empati. Men etterkvart som eg las om nazi-Tyskland, oppdaga eg noko ubehageleg – og interessant. Eg såg ein parallell mellom min eigen aversjon mot å ta redslene inn over meg, og den manglande viljen hos tyskarar flest til å ta inn over seg overgrepa som gjekk føre seg den gongen. Som når ein seier til seg sjølv: ”Det er så uendeleg mange skjebnar der ute. Eg kan ikkje la alt gå inn på meg”.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-25

Vi menneske skil oss frå dyra ved at vi lagar oss svære mentale rom. Vi lever ikkje berre gjennom mat og forplantning – menneskeverda finst inni hovudet vårt. Gjennom evna og viljen til å lesa samanheng inn i verda blir menneskeheita til. I dette indre rommet finst kjærleiken, her finst vakker og genial kreativitet, her finst religion og politikk – og førestillingar som gjer at vi av og til prøver å utrydda kvarandre.

I mange år har eg vore overtydd om at at mennesket eigentleg er godt, og at vondskap er ei slags fortrenging av det eigentleg menneskelege. Men gong på gong hender det at vi krigar og systematisk slår kvarandre i hel. Det er noko vi driv med. Det er rett og slett vanleg. Og det er ikkje slik at alle dei millionane av menneske som gjorde andre verdskrigen mogleg, var ekstraordinært vonde psykopatar. Dei var menneske som deg og meg. Dei var berre fødde ein annan stad, i ei anna tid, stilte overfor andre dilemma.

Etterkvart forstod eg at eg måtte leita etter verdskrigen inni meg sjølv. Krigen i menneskesinnet, evna til krig, viljen – kvar finst han, om ikkje inni kvar og ein av oss? Evna til å tola og rasjonalisera andre sin nød. Til å tenkja at det er uunngåeleg eller nødvendig at somme har det vondt og døyr. Krigen som utspelar seg over kjøkenbordet. Krigen som kan herja inni meg sjølv, når eg er ute av harmoni og i konflikt med eigne demonar. Aggresjonen, misunninga og hatet som kan utspela seg i ein skulegard, eller mellom søsken i eit arveoppgjer. Heilt vanlege individ som prøver å drepa sine eigne vonde kjensler ved å overføra dei på andre.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-11

Alle modige menneske er klare for eit oppgjer med vondskapen. Men vondskapen er noko vi tillegg andre. Vondskapen oppstår i auget som ser. Nazistane hadde ei endeleg løysing, trudde dei, på vondskapen i verda. IS sin kamp er også mot dei vantru og vonde. Ein norsk terrorist massakrerte norske barn fordi det var ”nødvendig”. Og den vestlege ”krigen mot terror”, som har pågått i snart 15 år no, er òg ein kamp mot vondskapen. Nyleg sa ein fransk statsminister at IS måtte utslettast, om det så krev krig på alle kontinent.

Det er freistande å søka fullstendige, hurtigverkande, endelege løysingar på det vi ikkje forstår eller aksepterer. Vi vil ha det vekk. Vi vil ha fred på jord, og vi vil ha det no. Og vi innbiller oss at vi tenkjer slik fordi vi er gode, ansvarlege menneske.

Men vondskapen lar seg ikkje utsletta. Den som vil utsletta vondskapen, blir fort slukt av han sjølv.