Tilbake til Fridomens vegar

Kvifor Fridomens vegar?

Jo, fordi det finst drama i dag som knapt eksisterte i går.

Fordi det finst konfliktar – spenningsfelt – som bestemmer liva våre, men som teatret likevel ikkje har gjort til sine. Og fordi eg ikkje på annan måte har klart å få desse problema ut av hovudet – desse motstridande kjenslene – ut av kroppen: Kvifor er den individuelle fridomens rike samtidig blitt eit rike av testar og kontrollinstansar? Kvifor møtest ideal om kreativitet og innovasjon av standardisering og skjematisering? Kva gjer alle desse testane med oss? Er testane blitt vår tids fetisjar – magisk tiltrekkande ting som svevar utanfor oss, og over oss? Er det i så fall menneska som framleis lagar testane, eller har testane begynt å lage menneska? Ja, når er det personlegdomstesten sjølv som skaper personlegdom? Når går evnetestane på bekostning av evnene? Når hindrar intelligensmålet intelligensen i å utvikle seg? Når blir vi ineffektive av effektivitetsmål? Når øydelegg kvalitetsmålet kvaliteten? Og kven sikrar kvalitetssikringa; ja, kven i himmelens namn er det eigentleg som testar testaren?

Derfor altså dette forsøket; Fridomens vegar!

Tore Vagn Lid, i programmet til framsyninga

 

Tore Vagn Lid

Tore Vagn Lid arbeider både som regissør, dramatikar og komponist. Tilnærminga hans til teater er gjennom musikk og politikk. Han ser på teaterframsyninga som eit musikalsk verk, der dei ulike instrumenta tidvis spelar saman og åleine. Han er kunstnarleg leiar og regissør i Transiteatret – Bergen, som frå byrjinga av 2000-talet var ein tydleg representant for ei nypolitisering av teateret. Han står for eit politisk, samtidsorientert og eksperimentelt teater, og har vunne fleire prisar for arbeidet sitt, mellom anna kritikarprisen og Heddaprisen. Sist fekk han Heddaprisen for beste regi med framsyninga Vår ære/vår makt (Den National Scene). I grunngjevinga frå juryen står det:

Han har vist en sterk vilje til å ta opp kompliserte, sammensatte spørsmål i sine oppsetninger, og det gjør han også i år. Årets vinner kaller seg gjerne autor, og begrepet er dekkende. Hans teater har preg av totalkunstverk, med et svært bevisst forhold både til kildematerialet og til de virkemidler det uttrykkes gjennom.