Tilbake til Soga om Egil Skallagrimsson

Regissør Morten Cranner: Egil Skallagrimsson hadde nok vore ein venn av meg

Regissør og musikar. Aktuell som regissør for SOGA OM EGIL SKALLAGRIMSSON

Egils liv er ein slags odysse

Joda, Egil Skallagrimsson hadde nok vore ein venn av meg, i alle fall ein kjenning, dersom vi hadde levd samtidig. Eg kan kjenne igjen trekk ved personlegdomen hans, og han er unekteleg ein fascinerande type. Han er ein krysning mellom råtass og fintfølande poet. Ein augeblikksdiktar, som kjem med kvada sine på ståande fot, nesten som ein rappar i ein battle. Egil er ein av dei siste berserk-vikingane og ein av dei første romantiske diktarane – på same tid. Han har eit stort spenn.

Eg har sysla med Egil i mange år. Eg sette det opp i radioteatret for 6 år sidan, men historia har ikkje forlate meg. Eg gler meg til å bringe det opp på Scene 3. Det blir ein leik på roteloftet i ein slags Reodor Felgen- og loppemarknadsestetikk. Vi skal bruke lause rekvisittar, spenne opp eit stort råsegl og drive skuggeteater. Eg har kalla det ein viking-action-komedie-kvad-musikal og skal danne eit ekte vikingskrangleband. Det blir resitering, talesong, kor og musikk på heimelaga instrument. Skodespelarane skal både synge og spele.

Egils liv er ein slags odysse, ein kamp for tilvêret og ei kjærleikshistorie til livet. Han gjer alt for å halde på det, og evna til å dikte bergar òg livet hans. Han brukte kvada til å uttrykke kjensler og ofte til å komme seg ut av kinkige situasjonar. Eitt av dei mest kjende kvada – Hovudlausn – førte til at Eirik Blodøks avlyste halshogginga av han.

Til slutt må Egil betale prisen for livsførselen sin. Han blir heimsøkt for alle drapa han har utført og mister til slutt sonen. Da først innser han kva for sorger han har påført andre, og minnekvadet over sonen er eit sterkt vitneprov om ein mann som har levd eit liv i spenningspunktet mellom vald og kunst.

 

Fortalt til Ida Michaelsen. Foto: Siren Høyland Sæter