Tilbake til Sorga kler Elektra

Psykologi og tragedie

O’Neill var inspirert av det tidlege 1900-talets interesse for psykoanalysen da han skreiv Sorga kler Elektra.

Sorga kler Elektra (Mourning Becomes Electra) skreiv han frå 1929-31. Dette er ei overskriving av Orestien (458 f.Kr) av Aiskylos, den einaste greske tragedietrilogien som er overlevert i si fulle form. Dei tre delane til Aiskylos blir kalla Agamemnon, Gravofferet og Semja, O’Neills tredeling er i vår omsetjing Heimkomsten, Heimlause og Heimsøkte. O’Neill følgjer ganske nøye den greske rammehistoria. General Ezra Mannon (Agamemnon) kjem heim frå den amerikanske borgarkrigen (1861-65). Kona hans Christine (Klytaimnestra) har forelska seg i søskenbarnet hans, Adam Brant (Aigistos), som tørstar etter både hemn og kjærleik, og får det. Son til generalen, Orin (Orestes), kjem krigsskadd heim frå krigen, og saman med søstera Lavinia (Elektra) hemnar han seg på elskaren til mora. Ho tek i sin tur livet av seg. Og elendigheita held fram.

Der Aiskylos er oppteken av å modernisere og humanisere måten samfunnet utøver rettferd på, er det påverknaden frå psykoanalysen som driv fram handlinga hos O’Neill. Her får både Elektra- og Oidipus-kompleks fritt spelerom. Erotisk farga bindingar mellom barn og foreldre får lagnadstunge følgjer. O’Neill, som ”finn større glede i ein verkeleg tragedie enn alle slags stykke med lykkeleg utgang”, vedgjekk seinare at problemet med å bruke Aiskylos var at han ikkje fekk språket stort nok. Regissør Eirik Stubø klarer kanskje å bøte på det ved å vidareføre den greske tradisjonen med musikk og resitasjonar. Ein hardtsvingande trio følgjer den tragiske handlinga og hjelper skodespelarane med å bryte ut i song.

 

Ola E. Bø