Tilbake til Nashornet

Per Schanning – aktuell som Bérenger

Bérenger blir beskrive som ein litt preglaus figur, ein heilt vanleg mann, som nok dramatikar Eugene Ionesco sjølv identifiserte seg med.

Eg trur nok eg er ein ganske jordnær type. Bur på Tøyen og på landet, prøver å vere oppriktig i arbeidet. Kanskje eg fekk rolla fordi eg er den mest preglause typen på Det Norske Teatret, hehe! Men han er ikkje så dum, for han held hovudet kaldt når verda rundt han går av hengslene: Ein dag kjem eit nashorn stampande gjennom gatene og øydelegg alt som kjem i vegen. Det viser seg at det er menneske som er blitt til nashorn, og gjennom stykket blir alle i byen til omsynslause nashorn som går i flokk og ikkje tek omsyn til andre. Alle unntatt Bérenger. Han prøver å forstå kva som hender.

Ionesco skreiv stykket på slutten av 50-talet som ein kritikk av dei totalitære regima som voks fram på midten av 1900-talet, spesielt var han oppteken av den fascistiske «jerngarden» i heimlandet Romania. Stykket stiller seg skeptisk til alle former for flokkmentalitet, ein «vi mot dei»-tankegang, som vi også ser rundt oss i dag. Nyansane er i ferd med å forsvinne, og du kan komme unna med nesten kva som helst av uanstendig og respektlaus framferd. Berre sjå på populismen som er i frammarsj over heile Europa. Og organisasjonar som var meint å bygge opp under fred og fellesskap, som NATO, FN og EU er i ferd med å gå i oppløysing. Det kan vere nærliggande å samanlikne nashorna med Trump, men vi har også Orban, Le Pen, Wilders og Erdogan. Desse appellerer til folk gjennom å seie ting «rett ut, som dei er». Men det er ikkje nødvendigvis slik at alt som kjem frå levra er sant. Dette kan jo også gjelde mannen i gata. Det kan vere mest behageleg å tenkje først og fremst på seg sjølv og skyve ansvaret vekk frå seg, velje den versjonen av verkelegheita som passar eins eige verdsbilde. Sjå på flyktningpolitikken og klimaspørsmål for eksempel.

Les også: Kva ville Ionesco sagt om USAs 45. president?

Bérenger er den vesle mannen mot systemet. Han kjenner instinktivt at det er noko som ikkje er bra med dette nye som nashorna representerer, og han vel å stå aleine og følgje sitt indre moralske kompass. Nashorna legg kjenslene til side, blotta for empati og anstendigheitskjensle. Som uttrykket seier: Dei er så tjukkhuda at dei ikkje treng ryggrad for å stå oppreist.

 

Fortalt til Åsne H. Dahl Torp. FOTO Siren Høyland Sæther