Tilbake til Peer Gynt

Peers sluttspel

Det er i år 70 år sidan teatersjef Hans Jacob Nilsen revolusjonerte måten vår å sjå og lese Peer Gynt på. Etter mange tiår som nasjonalromantisk helt var det omsider mogleg å begynne å undersøkje heile lauken, heile personen og heile teksten, skriv teatersjef og regissør Erik Ulfsby.

Med den mest avanserte teknikken i datida presenterte teatret ei framsyning som saumlaust gleid gjennom Ibsens fem akter, og som opna opp for heile reisa frå lys til mørke, frå liv til død. Framsyninga står igjen som ei av dei aller viktigaste i norsk teaterhistorie.

Ibsens dramatiske dikt er så rikt at kvart avsnitt nærmast rommar himmel og avgrunn. Derfor er det også spela over 15.000 gonger over heile verda, og er evig gyldig over alt. Ibsen skreiv Peer Gynt i ein politisk kontekst, og fjørpennen må ha dirra mens han tok oppgjer med norskdommens mest pompøse representantar. Det er likevel den gjennomborande og intime kontakten med alt som er menneskeleg som er den djupare årsaka til at denne teksten alltid er relevant.

Den gamle Peer (Toralv Maurstad), Knappestøyparen (Svein Tindberg og støypeskeia. Foto: Stig Håvard Dirdal.

I kveld viser vi ei framsyning som spelar seg ut innanfor det mørke og personlege sluttspelet i diktverket. Peers siste freistnad på å sleppe unna den kvardagslege menneskelagnaden sin, støypeskeia, set fart på den nådelause framkallinga av levd liv og tapte slag.

Toralv Maurstad spela første gong i Peer Gynt i 1933. Sju år gammal ramla han inn i Dovre som trollunge. Far hans, Alfred, spela Peer. Sidan har han på mange måtar bore den norske Peer Gynt-tradisjonen på akslene sine og har briljert som Peer i alle fasar av livet. No er han 92 år og står ubønhøyrleg ved enden av ein fantastisk skodespelarkarriere og eit eventyrleg liv. Dikt og liv i mørk, lys og uunngåeleg samklang. Når Peer snakkar, kling Toralv med, og når Toralv går over scenen, er det med Peer på ryggen. Å la desse to saman trakke i gamle spor, saman leite etter det som skin, og saman «enno ein gong sjå sola renne» er ambisjonen i denne framsyninga.

Toralv Maurstad har spelt Peer Gynt i mange fasar av livet. Foto: Stig Håvard Dirdal.

Dette teatret er ikkje arena for ein Ibsen-festival, vår norsk-danske diktarhovding har ikkje hatt eit like naturlig tilhald her som på Nationaltheatret. Men Peer Gynt har det. Han har vore avgjerande viktig for utviklinga av dette teatret. Framsyninga i kveld er ei forteljing om eit spektakulært, men svært attkjenneleg liv. Det er samtidig ei forteljing om ei eventyrleg og rik framsyning og ein fortolkingstradisjon, og ei hyllest til fleire av dei viktigaste framsyningane ved dette teatret.

Erik Ulfsby,
Teatersjef og regissør