Tilbake til Det har visst vore ein episode

Peer Perez Øian – regissør

- Eg vonar at teksten og karakterane, måten Thorpe langsamt faldar ut desse fire historiene, gir publikum høve til å kjenne på eller reflektere over komplekse val ein sjølv har måtta ta i livet, eller som ein kanskje ikkje har makta å ta.

Kvifor vil du setje opp dette stykket?
Chris Thorpe er eit spennande nytt kjennskap for meg. Han representerer ei annleis dramatisk røyst som gjennom sin bakgrunn som skodespelar og performancekunstnar skriv på ein særeigen måte med sterkt driv og mykje musikalitet. Thorpe forskar i korleis språk er eit våpen, noko som kan gi stor makt, men også forføre og manipulere. Han klarer å nyansere komplekse samtidsspørsmål og psykososiale dilemma.

Les også: – Chris Thorpe får meg til å ønskje å bli ein betre forfattar, skriv Simon Stephens.

Har stykket noka tilknyting til hendingar i samtida?
Både ja og nei. Thorpe lar seg delvis inspirere av historiske hendingar, men fortolkar dei, diktar vidare og endrar perspektiv slik at dei får allmenngyldig menneskeleg verdi. Skodespelarane framstiller ikkje konkrete historiske figurar, men utforskar moderne arketypar utan å «bli til karakteren» i tradisjonell
dramatugisk forstand.

Er det nokon bodskap her?
Alle stykke har sjølvsagt ein bodskap. Dette stykket flettar saman fire forteljingar, fire unike historier som kvar på sin måte seier noko om det å vere menneske under ekstremt press der det ikkje er opplagt for individet om handlingsmønsteret er såkalla godt eller vondt. Det problematiserer komplekse etiske, eksistensielle eller politiske vurderingar som av og til må takast i augneblinken og som kan få enorme utilsikta konsekvensar. Det syner kompleksiteten i det å måtte ta og det å måtte stå for val ein ikkje alltid kan ane konsekvensane av.