Tilbake til Peer Gynt

PEER GYNT – VED VEGS ENDE?

Sjølv om Erik Ulfsby no set opp Peer Gynt for femte gong på få år, synest han at han berre så vidt har komme i gang med utforskinga av denne rike teksten.

– Ibsen har laga eit bygg med ufatteleg mange inngangar og dører. Eg meiner det er hans viktigaste og beste verk, seier teatersjefen som i haust har regien på endå ein versjon av Peer Gynt.

I 2014 tok Ulfsby over Peer Gynt ved Gålåvatnet. Gjennom tre somrar hadde han høve til å leike fram kjernen i den lystdrivne og samansette antihelten. I vår fekk det kroatiske publikummet møte ein moderne og poetisk versjon da Ulfsby gjesta nasjonalteateret i Zagreb. Det er ei vidareføring av denne versjon som no er klar for Hovudscenen med premiere 9. september.

– På Gålå speler naturen ei heilt avgjerande rolle, framsyninga blir jo òg kalla Peer Gynt ved Gålåvatnet og etter kvart let vi Peer bokstaveleg talt både stå og gå på vatnet. Det å spele stykket medan naturen går frå lys til mørker, slik også teksten gjer, framhevar jo denne nærleiken til naturen og historias myteomspunne utgangspunkt. På ein innandørs scene har ein på ein heilt annan måte større fridom til å flytte seg i historia. Men det var jo i løpet av desse tre omgangane på Gålå at eg verkeleg tok til å konsentrere meg om den siste delen av stykket.

Teatersjef og regissør Erik Ulfsby har sett opp Peer Gynt fleire gongar. Foto: Siren Høyland Sæter.

– Og korleis kjem dette til uttrykk i den oppsetjinga vi får sjå på Det Norske Teatret no i haust?

– Det er Peer sitt møte med Knappestøyparen, der han blir tvinga til å tenkje gjennom livet sitt og kven han eigentleg er og har vore, som styrer oppsetjinga. Det er jo heilt ufatteleg at 5. akta nærast var oversett heilt til Hans Jacob Nilsen i 1948 kom med si radikale nylesing av stykket. Eg synest den akta er heilt unik når det gjeld innsikt i og skildring av menneskesinnet, og den rammer altså inn heile denne framsyninga.

Det er ein poetisk brutalitet i å møte livets slutt, og eg tenkte ei stund å bruke «ved vegs ende» som undertittel.

Både livet og Ibsens geniale tekst er jo ei reise frå ung galskap og fram til større livserkjenning. Det er noko nådelaust ved dialogen mellom Peer og Knappestøyparen. Peer spør fortvila; «Men den som no aldri å vite fekk/kva Meister har meint med han?» og Knappestøyparen svarer; «Det skal han ane!». Denne replikkvekslinga er altså utgangspunktet for å strukturere oppsetjinga rundt den gamle Peers oppgjer med seg sjølv, seier Ulfsby.

Heilt konkret blir dei ulike delane av Peer Gynt kasta opp i lufta og landar innanfor samtalen med Knappestøyparen, som minne eller som gamle fotografi som blir framkalla. Det er fullt mogleg å sjå heile stykket som ei reise i fantasien der episk tid og utvikling er oppheva, og i staden kjem som små glimtvise tilbakeblikk. Og i forlenginga av denne ideen kjem Toralv Maurstad inn. Han speler ikkje berre ein gammal mann ved vegs ende i live. Han er som skodespelar også ein imponerande berar av heile den norske Peer Gynt-tradisjonen.

EItt av møta mellom Peer Gynt og Knappestøyparen i versjonen Erik Ulfsby gjorde i Zagreb våren 2018. Foto: Siren Høyland Sæter.

– Toralv såg den mykje omtalte oppsetjinga til Hans Jacob Nilsen fleire gonger, visstnok utan å bli særleg imponert! Han har sjølvsagt klare meiningar om karakteren han skal spele, og det gjer arbeidet ekstra interessant, seier Ulfsby om hovudrolleinnehavaren. – Han fortalde nyleg at han første gong var med i Peer Gynt på Nationaltheatret i 1933, 7 år gamal, i rolla som Vesle-fanden, trollungen. Så vidt eg veit spelte han sin første Peer i 1955 med faren Alfred Maurstad som instruktør, og har jo sidan spelt han i ulike fasar av livet. At det no kjem enno eit kapittel er heilt i Peers ånd. «Eg vil enno ein gong opp å sjå sola renne!», seier Peer.

– Så det å sjå stykket gjennom auga til den gamle Peer, betyr ikkje nødvendigvis at vi får presentert stykket bak-fram?
– Nei, ikkje bak fram. I samtalen med Knappestøyparen skyt vi inn minne og hendingar som blir utløyst av denne dialogen, og dei kjem uordna, slik minner gjerne gjer. Framkallinga blir òg visuelt understreka av projeksjonar, både på skodespelarane og på sceneelementa.

– Dermed blir det kanskje fleire òg som kjem til å spele Peer Gynt her?
– Ja, det blir vel sju Peerar alt i alt, det har noko både med alder og situasjonar å gjere, men òg at Peer representerer noko i oss alle.

– Men den gamle er der heile tida?
– Ja, saman med Knappestøyparen.

Projeksjonar speler ei viktig rolle i oppsetjinga. Her frå prøvene på Det Norske Teatret i Dovregubbens hall. Foto: Stig Håvard Dirdal.

– No skal vi ikkje røpe for mykje, men er det t.d. noko i scenografien til Arne Nøst som kan gi oss ein peikepinn på kva slags oppsetjing dette er?
– Ein kan vel seie at vi er i eit slags symbolsk landskap. Peer og Knappestøyparen møtest ved ei elv og ei bru ein må over. Dette er jo velkjende mytiske bilete.

– Ja, ein kan vel tenkje både på Gjallarbrua og elva Styx?
– Og Knappestøyparen kan for så vidt gjerne vere ferjemannen, eller ein hjelpar eller ein medpassasjer. Det er i det heile tatt nok av referansar i stykket som peikar mot at slutten er ei reise inn i dødsriket, og det er ikkje uvanleg å hevde at Peer døyr i slutten av 4. akt når han utroper seg sjølv til sjølvets keisar. Eit menneske som berre ser seg sjølv er jo på ein måte død.

Denne produksjonen er ein del av eit samarbeidsprosjekt i eit nettverk av offentleg støtta teater i Europa, ETC (European Theatre Convention). Det Norske Teatret er eitt medlemsteater av rundt 40 frå 22 ulike land. Gjennom denne organisasjonen starta eit samarbeid med Nasjonalteatret i Zagreb. Eit kroatisk kunstnarleg lag sette opp ein klassikar her i Oslo, Den siste Kongsfesten av Miroslav Krleza og Ulfsby tok med seg eit norsk kunstnarleg lag for å setje opp Peer Gynt der med kroatiske skodespelarar.

Heile det kunstnarlege teamet i Zagreb. Foto: Siren Høyland Sæter.

– Det var vel neppe det same suget etter Peer Gynt i den kroatiske hovudstaden som det er her?
– No er det det! (he, he) Vel, dei fleste skodespelarane hadde jobba med scenar frå stykket på teaterskulen, men eg trur ikkje ein hadde spelt Peer Gynt ved Kroatias leiande teater på meir enn 40 år. Det er meir vanleg å velje stykke som Hedda Gabler og Et dukkehjem. Noko av grunnen til ein viss skepsis trur eg bestemt har vore mangelen på ei skikkeleg omsetjing. Det fanst ei prosaomsetjing, men da ein ung, lovande poet omsette knappestøyparscenen etter Ibsens vers vers, blei det stor begeistring i ensemblet.

No har den norske ambassaden i Zagreb vore med på å støtte ei fullstendig nyomsetjing og publisering av stykket slik at teksten òg ligg føre for eit lesande publikum. Oppsetjinga fekk ei overveldande mottaking både hos publikum og kritikarar og kjem etter kvart på gjesting til Det Norske Teatret.

Dette europeiske prosjektet har hatt utprøving av ny teknologi som ramme, og alle dei 9 samarbeidspartane har møtst fleire gonger for å utvikle ideane sine. Det Norske Teatret fekk etter kvart kontakt med eit miljø ved NTNU i Trondheim. Lyddesignaren Amund Ulvestad, som bur i Berlin og underviser i Trondheim, har utvikla sensorar som skodespelarane kan bere på seg og som dei styrer sjølv. Dette skaper mykje meir presise lydeffektar og illusjonar enn om ein styrer lydkjelda utanfrå.

Jon Fosses omsetjing, som han gjorde til Robert Wilsons oppsetjing i 2005, har han pussa litt på og gjort klar til utgjeving på Samlaget i samband med premieren.

–  Å få arbeide med to meistrar – Ibsen og Fosse – er ei eventyrleg gåve. Vi er heldige som har to slike storleikar i norsk teater, avsluttar Erik Ulfsby.

 

TEKST Ola E. Bø FOTO Eirik Malmo