Tilbake til Elva som deler byen

Oskar Braaten: Austkantens heimstaddiktar

Oskar Braaten skildra tilhøva i fattigstroka rundt Akerselva og på austkanten av Oslo i verka sine.

Oskar Alexander Braaten (1881 – 1939) voks opp på Sagene i Kristiania under tronge kår. Foreldra hans var ugifte arbeidarklassefolk, og det er hans eige oppvekstmiljø som ofte er skildra i verka hans. Gjennom romanar, noveller, artiklar og teaterstykke måla han eit nyansert bilde av tilhøva i fattigstroka rundt Akerselva og på austkanten av Oslo. Karakterskildringane er sympatiske og innsiktsfulle, og ein indirekte kritikk av samfunnstilhøve med sosial urett, alkoholisme og slit. Verka hans har i dag både historisk og kulturhistorisk verdi. I byrjinga av karrieren skreiv Braaten på nynorsk, men han gjekk etter kvart over til å skrive på eit austkant-dialektfarga bokmål. Han hadde eit nært tilhøve til Det Norske Teatret, både som mangeårig konsulent og husdramatikar og som teatersjef frå 1934-36.

Kjelder: Allkunne og Norsk biografisk leksikon