Tilbake til Draum om våren

OM FOSSE OG FIKSJON

I haust ligg fiksjonslaga tjukt på Scene 3 når Jon Fosse blir send med tog til Kina som politisk smørjing. Etter nesten 20 år i Baktruppen har Trine Falch fått ny tru på det dramatiske teatret og på profesjonelle skodespelarar.

 TEKST Erlend Tårnesvik Dreiås FOTO Siren Høyland Sæther

– Forsking viser at ein er mest ærlig om morgonen, fortel Trine Falch ein formiddag i foajeen på Det Norske Teatret; så søkk moralen utover dagen, og på kvelden lyg ein mest!

Det er der ho helst vil vere, i det mørke rommet om kvelden. Og nettopp dit skal ho med Draum om våren. Saman med mangeårig Baktruppen-kollega Ingvild Holm, skal ho harselere over den norske nasjonalskatten. I det som anten er ein farse eller komedie, skal Jon Fosse og laks blandast saman med  internasjonalt diplomati og storpolitikk. Sjølv om stoffet både er aktuelt og tematisk, forsikrar Trine Falch at aktuelt temateater er det minst morosame ho veit om. I dag er det fiksjonen som interesserer Falch. Sånn har det ikkje alltid vore.

STARTEN

baktruppen-unge-baktruppen

Ei ung utgåve av alvorlege kunstnarar i Baktruppen, 1989, Berlin. Foto: Baktruppen.

Det var da ho studerte teatervitskap i Bergen på midten av 80-talet at Trine Falch først skjønte kva teater kunne vere. Ho hamna i et kreativt studentmiljø, med folk som ville lage teater sjølve, men på sin eigen måte. Ho droppa etter kvart ut av studia, var med å danne Verdensteatret, og blei i 1988 med i det etter kvart så legendariske kunstnarkollektivet Baktruppen.  – På 80- og 90-talet var teater det teitaste ein kunne halde på med i Noreg. Norsk teater var veldig gammalmodig. Men derfor hadde vi også ein ganske takknemleg jobb. Og vi var like avhengige av det tradisjonelle teatret som satanistane var av kristendommen. I Baktruppen møtte eg ei intellektuelt oppdatert gruppe menneske som ville lage teater på ein ny måte.

I ei oppsetjinga av Heine Müllers Germania Tod in Berlin blei det bestemt at alle medverkande skulle opp på scenen. Det viste seg at scenografen, som var litt famlande nervøs, hadde like stor verknad på publikum som dei meir erfarne. Dette grepet var irreversibelt, og no kunne alle gå inn på kvarandre sitt arbeidsområde. Baktruppen blei eit kollektiv, sterkt prega av den ulike bakgrunnen alle hadde. Det vi ikkje hadde i tekniske ferdigheiter, tok vi igjen i smarte, kunstnarisk intelligente grep og idear, som på ein måte bar framsyningane våre.

baktruppen-germania-tod-in-berlin

Gjennombrotsframsyninga «Germania Tod in Berlin» (heiner Müller), 1989. Foto: Baktruppen.

På teaterfestivalen Bergen Internasjonale Teaterfestival i 1989 blei dei oppdaga og sendt på turne til Amsterdam. På kontinentet hadde dei tatt opp i seg dei postmoderne straumdraga i tida. No fekk Europa auga opp for den særeigne uttrykksmåten til Baktruppen. – Vi hadde eit rått uttrykk og blei kalla «dei ville hordane frå nord» og teatrets «enfants terribles». Baktruppen var noko nytt for folk. Vi har vore med på å endre teateruttrykket i Europa, så store ord vil eg bruke. Eg er veldig stolt over å ha vore ein del av dette.

MOT DET NY-DRAMATISKE

Dei blei etter kvart kjende representantar for sin likestilte dramaturgi, det lokalspesifikke teatret, element av performance, politisk kunst og publikumsinvolvering. Ein skulle ikkje spele roller, ein var seg sjølv på scenen. Dei hadde eit lite amfiteater på Rodeløkka i Oslo, der fortauet blei scenen, og dei kvardagslege tinga som skjedde utanfor, blei ein del av framsyninga. I 1993 gjekk vi ut med påstanden om at ein kan lage teater utan å sjå på livet som eit problem. Med det avlyste vi konflikten som handlingsdrivande premiss for teater. Det blei tydelig presentert i framsyningsrekka Per, du lyver! Ja, der tittelen viser korleis heile dramaet forsvann utan Pers nekting. Utan konflikt, ikkje noko drama, men teateret kunne altså leve godt utan dramatikk, meinte vi. Og det gjorde det jo.

baktruppen-europhae

«Eurohæ?» frå 1995 med Baktruppen, laga med utgangspunkt i dag Solstads togreise gjennom Nord-Europa. Foto: Sandra Jensen.

På 90-talet begynte deira måte å lage teater på å bli meir vanleg. Omgrepet post-dramatisk teater blei introdusert, og Baktruppen fall inn i den kategorien. Trine Falch begynte å lure på kva det post-dramatiske var «posta» ut frå. Ho kjende på ein dragnad mot eit feitt teater med karakterar og fiksjon. Etter 18 år i Baktruppen gjekk ho ut av gruppa og begynte å arbeide med eigne prosjekt. – Eg er oppvaksen med eit sprengt verdsbilde, men vil ikkje lenger sørge over tapte samanhengar. I staden for å reflektere verda i fragment, vil eg plukke opp bitane og lage nye, forsøksvis samanhengande forløp, gjerne i tre aktar. Det er ikkje sikkert det blir pent, men det er i alle fall konstruktivt meint.

I Baktruppens tid var ein oppteken av at rommet skulle vere demokratisk, at sal og scene skulle vere likestilte. Det hendte at ein ikkje øvde på framsyninga, for da hadde aktørane på scenen overtaket. I dag tenkjer Falch at demokrati og kunst ikkje er det same: – Eg aksepterer det asymmetriske forholdet mellom scene og sal og sett pris på førebudde skodespelarar. Men eg synest vi skal halde fram å leike med formatet. Er det mogleg å lage ny-dramatisk teater som ikkje ryggar inn igjen bak den fjerde veggen, men tek live-situasjonen på alvor og finn fiksjonsnivå som også kan omfatte publikum? Den største dramatikken skjer framleis mellom skodespelar og publikum i situasjonen her og no. Det er teaterets forse.

baktruppen-adhok

Under adHok på Henie Onstad Kunstsenter i 1995 blei trine invitert til å lage eit stadsspesifikt verk. Ho inviterte Baktruppen til å pusse trofea til Sonia Henie – som var i dårleg stand og i ferd med å bli pakka ned. I dag står dei stilte ut i eit eige rom. Foto: Marit Anna Evanger.

EIN TOGTUR MED FORVIKLINGAR

I haust skal Trine Falch leike seg med formatet på Scene 3. I Draum om våren reiser ein norsk delegasjon til Kina for å rette opp det dårlege forholdet mellom dei to landa. Med på reisa har dei altså laks og Jon Fosse. Ein representant frå næringslivet og ein kommunikasjonsrådgivar har lese Draum om hausten og meiner at stykket har ein kronologi som kan irritere kinesarane. Og kvifor må det gå føre seg om hausten? Er det ikkje trivelegare med vår? Fosse nektar å endre stykket, og under eit heftig vodkalag på veg mot Kina bestemmer dei andre seg for å låse han inn i frysevogna, saman med laksen, så han får tenkt seg om.

Draum om vaaaren

Ein teikneserieteiknar er med på å illustrere framsyninga Draum om våren. Her: Jon Fosse på togperrongen.

Det var debatten om eit ikkje-brev som sette Holm og Falch på ideen. Dagens Næringsliv avslørte at det løynleg var utarbeidd eit såkalla non letter etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. I dette brevet kom sentrale folk frå regjeringa med ei orsaking til Kina, med det mål for auge å oppheve handelsblokaden på laks. – Det er ein harselas med den pinlege norske offentlegheita etter fredsprisutdelinga. Det politiske spelet har blitt så tydeleg. Dei som var Dalai Lamas beste ven då dei var i opposisjon, ville ikkje helse på han då dei kom i posisjon. Og så tenkte vi at det var moro å tulle med Fosse, som er vår største eksportartikkel innan kunst.

At Fosse og fisken endar opp saman i frysevogna, er ikkje tilfeldig. – Kunsten er jo også ein vare. Næringslivet har eigne interesser som gjerne kan skje til fortrengsel for kunsten. Men – understreker Trine Falch – i framsyninga er ikkje kunsten edlare enn næringslivet. Den einaste som kjem relativt godt ut av det, er Jon Fosse. Han går ikkje på kompromiss med nokon. Og så er det moro at Draum om hausten og Draum om våren skal spelast samtidig på teateret. Vi håper det blir litt utveksling mellom dei to produksjonane.

I MØRKRE OM KVELDEN

Det Falch kallar ny-dramatisk teater er noko ho leitar etter, og det eksisterer ikkje eit tydeleg uttalt manifest. Det er ei ny tiltru til fiksjonen og potensialet i teatersituasjonen. Men vegen om det post-dramatiske tenkjer ho er heilt naudsynt. – Eg trur ikkje ein kan vere ny-dramatisk utan først å ha vore post-dramatisk. Det er ei generell rørsle mot handverket, til dømes at ein har ordentlege skodespelarar. Teateret har vore så litterært, og det meiner eg at teateret ikkje treng vere. Her må vi lære av det post-dramatiske sin respekt for her-og-no-situasjonen. Mange dramatikarar skriv for æva, og for å bli trykte mellom to permar. Eg synest ein i større grad skal skrive med live-situasjonen som mål og underlegge seg den. Da kan ein leike med tanken om at teksten også forsvinn når ein pakkar ned stykket.

baktruppen-funnysorryjesus

FunnySorryJesus(2006): I ein tilsynelatande laus og fragmentarisk form fekk publikum oppleve ein overraskande versjon av bibelhistoria frå innsida av eit butikkvindauge. Alt som gjekk føre seg på gata blei også ein del av framsyninga. Foto: Baktruppen.

Det var dramatikaren og eksistensialisten Albert Camus som sa at fiksjonen er løgna vi ser sanninga gjennom. Sjølv om mykje av stoffet er henta frå verkelegheita, ønskjer ikkje Trine Falch å lage aktuelt og politisk temateater med klar agenda. – Ein ser gjerne at innhaldet får størst plass, men form produserer også innhald. Det er utfordringa: å finne det rette forholdet mellom det verkelege, det politiske og det som er leik og eksperimentering med form. Prosessen må kunne ta oss til uventa stader. Dit gler eg meg til å reise saman med skodespelarane og dei andre som er med i produksjonen.

Trine Falch meiner at stoffet må stå på eigne bein, bli til noko eige i møtet mellom skodespelarar og publikum. Det er den fiksjonen ho leiter etter, i mørkret om kvelden, der løgna lettare slepp til.