Tilbake til Andre verdskrigen – Natt i verda

Nokre ord om „Rebekka er ikkje her“

Kva for plass er det for smertespor i eit samfunn som ikkje anerkjenner liding?

TEKST Lukas Bärfuss

Det heiter seg at det er sigerherrane som skriv historia. For dei som gjekk under, kan jo ikkje fremje vitneprova sine. Dei som kjem etter, veit aldri kva det er dei manglar.

Om diktinga har ei meining, kva kunne ho elles vere enn å hente dei forsvunne inn i bevisstheita, dei som blei tvungne til tystnad, dei som fekk vitnemåla sine utsletta. Når det er slik, blir diktinga til sørgjesong. Berre det som manglar, kan bli sakna.

Når dokumenta manglar, da må diktaren skape dokument av tekstane sine. Når omgrepa ikkje finst, da må førestillingskrafta skape dei. Når det ikkje finst vitne, da må litteraturen vere vitne.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-21

Gjertrud Jynge framfører eit av breva til Rebekka. Foto: L-P Lorentz.

Men korleis kan det gå til? Korleis er det mogleg å rope menneske inn i det kollektive minnet? Dei som aldri fekk høve til å setje spor.

Alt som eksisterer, etterlet seg spor. Historia sjølv er eit spor. Kva eit spor er? Det har dobbel natur: For det første provar det eit fråvær: alt som har etterlate seg teikn, er ikkje lenger her. Sporet peiker på eit nærvær som er gått tapt.

Samstundes har sporet eit nærvær. Det ligg føre, også når det som har årsaka det, er borte.

Eit spor kan bli forfalska, men sporet sjølv er ikkje falsk. Det at det er der, peiker på noko anna som eingong var, og som var årsak til det. Å søke etter eit spor eller sikring av spor er meir enn berre å notere noko ned. Det er det som gjer verda og bevisstheita i det heile til noko ein kan lese.

Eit noko, i alt som finst i verda, let seg definere i randa, nett der det støyter mot det som ikkje finst.

«Rebekka er ikkje her» består for ein stor del av brev som eg fann for tjue år sidan. Breva er retta til ei Rebekka Zimmermann, ei ung kvinne frå Zürich. Dei stammar frå sekstitalet, frå ein epoke då Andre verdskrigen for lengst var over.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-27

Geir Kvarme les eit av breva frå ein av gutane som var kjærast med Rebekka. Foto: L-P Lorentz.

I omgangsspråket kallar vi denne tida «etterkrigstida» og bind den språkleg saman med krigen. Skild frå og bunden saman. Og når det gjeld desse breva, tyder det at krigen ikkje er der med eit ord, men er å finne i kvar einaste linje.

Spora var friskare då enn no, noko som ikkje treng vere ein fordel. Å sikre spora var den første innskytinga mi. Så kom spørsmåla: Kva skjer når historiske hendingar er heilt utan augevitne, utan nokon som kan halde på medvitet om dei? Korleis fortel vi Den andre verdskrigen no? Kva er det for erfaringar som vil gå over i og bli tradisjonen? Eller er det slik at krigen øydelegg minnet og erfaringane? Kjenner vi igjen kimane til det totalitære når vi ser dei, og kjenner vi dei godt nok til å forsvare oss mot dei?

Kva for plass er det for smertespor i eit samfunn som ikkje anerkjenner liding?

Eg gler meg over å kunne dele desse spørsmåla med menneske i Noreg.

 

Omsett av Carl Morten Amundsen