Tilbake til Herr Marmelade

Nedrykkar

Ola G. Furuseth (40) spelar rolla som herr Marmelade i stykket med same namn, ein sadistisk og valdeleg fantasifigur som eksisterer berre i hovudet på den fire år gamle hovudpersonen.

TEKST THOMAS KARLSEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER STYLING OSKAR ANDREAS PASK STEEN/YME/PALEET TIL NYNORSK VED ARNE TORP / BERIT HELENE DAHL

Dersom rykta er sanne – eg tek atterhald om at dei ikkje er det, altså – så kunne ein sjå kor mange som slo av NRKs serie Kampen for tilværelsen under partnarbytescena. Og eg veit ikkje, seier Ola G. Furuseth (40).
– Om det er eitt ord som slår meg da, så er det dobbeltmoralisme. Som om det var ein tanke ingen hadde vore inne på sjølv.
Furuseth har spela ei mengd utiltalande, for ikkje seie fråstøytande personar i løpet av sitt meir enn ti år lange virke på scena – likevel har ingen vekt større harme enn den i overkant dyrekjære tannlegen Vidkun Rotevatn i Kampen for tilværelsen, som utspelar seg i ein kritkvit, besteborgarleg Ullevål Hageby.
– Eg meiner, drit i sexen; det er ikkje dét det handlar om. Det var jo noko heilt anna vi prøvde å seie noko om. Nemleg alle vi som lever vårt kvite middelklasseliv, der alle skal vere perfekte, skal lykkast på alle område i livet, skal ha dei sunnaste ungane, tene mest og trene mest – i det hele tatt, folk som går rundt og er fanga i eit klaustrofobisk tilvære. At somme ikkje ser dette, men hengjer seg opp i dyresex – eg synest det blir så smått og banalt. Dersom det er det einaste du ser, da har du eit par andre problem, slik eg ser det.

Ola-Furuseth-i-Kampen-for

I TV-serien Kampen for tilværelsen, som gjekk på NRK i 2015, spelte Ola tannlegen Vidkun. han hadde ein heilt spesiell interesse for dyr. Foto: Anne V. Erichsen/NRK.

LIKSOM-UNIVERS

Dette verkar kanskje litt hardt og uforsonleg, men Ola G. Furuseth smiler meir oppgitt heller enn dundrar handa irritert i bordet, og det einaste han ønsker er at publikum skal reflektere litt meir over kva som blir presentert, ut over det første og mest openbare. På den andre sida: Han har lært seg at han liker seg best i utkanten, og at hans eigne preferansar i rolleval ikkje alltid fell saman med det som billettkjøparane vil ha.
– Dei framsyningane eg sjølv har brydd meg mest om, og som eg har funne mest glede ved å spele i, er jo også veldig ofte dei som færrast folk kjem og ser. Truleg har det litt å gjere med at ein som skodespelar ofte spelar litt for meinigheita – og å spille for meinigheita er eg litt lei av. Og dei som kjem, representerer ofte ei menigheit som ikkje alltid treng djupare innsikt. Ho er ikkje akkurat utprega sympatisk, rolla Furuseth har i den amerikanske Noah Haidles Herr Marmelade, om ei fire år gammal jente som er overlaten til seg sjølv av foreldra og byggjer seg eit liksom-univers der personane er fire og fem år gamle, men snakkar og oppfører seg som vaksne («eit slags ‘Alice i Eventyrland’ på sterke sentralstimulerande stoff», som Furuseth kallar det). Tittelfiguren er ein undertrykkande, valdeleg og kokainsnortande mannsfigur – men altså ein person som berre finst i fantasiverda til ei fire år gammal jente.
– Han finst ikkje sympatisk; samtidig er han jo ein fantasiskapnad, og det gjer han uføreseieleg. Du kan gå så mange vegar med han, i tillegg til at det ikkje er råd å overspele han heller, sidan det ikkje fins noko som heiter overspel i hovudet på ein fireåring. I barnesinnet er det jo berre fantasien som set grenser, og der ligg det mykje fridom.

BLANKE ARK

Forfattaren, Noah Haidle, vil ikkje vere eit fullstendig ukjent namn for teatergjengarar – hans Lucky Happiness Golden Express blei sett opp på Det Norske Teatret i fjor. Herr Marmelade blir derimot spela for første gong i Noreg denne våren.
– Og det er det kulaste med å jobbe med ny dramatikk – det finst ingen fasit, fordi det ikkje finst noka forhistorie. Ingen bagasje. Ofte får du som skodespelar høyre, slik eg til dømes gjorde da eg spela Elling på Teatret Vårt i Molde, «korleis er det å hoppe etter Wirkola?» Her er det derimot blanke ark. Ingen kan komme og seie om herr Marmelade at «det er vel ikkje heilt sånn han er?».
– Dette er eit stykke som krev ein del – ikkje berre av skodespelarane, men også av oss som publikum? Vi blir kasta rett inn i eit univers der alt er snudd på hovudet.
– Mange vil nok oppleve dette som ganske utfordrande. Og samstundes blir eg nysgjerrig på kvifor så mykje av samtidskulturen vår handlar om barn og seksualitet. Eg lurer på om det har skjedd noko – at grensene mellom barn og vaksne er blitt meir utydelege. Eg tar meg for eksempel i å sitje og sjå på barn på Disney Channel som opptrer og snakkar til kvarandre på ein måte som få vaksne ville sloppe unna med.

Ola-G-Furuseth-i-Herr-Marmelade

Eit lite bakteppe: Ola G. Furuseth er fødd og oppvaksen på Skui i Bærum, like ved det som i ein periode etter krigen var verdas største hoppbakke (i dag freda og ikkje i drift). Etter vidaregåande gjorde han som mange andre aspirerande skodespelarar: Tok eit år på Romerike Folkehøgskole, søkte fire gonger på Statens Teaterhøgskole utan å bli innkalla til neste prøve, studerte i mellomtida dramateori i Trondheim før han kom inn på skodespelarutdanning i London. Sidan han kom heim for trettan år sidan har han jobba på Trøndelag Teater, Teatret Vårt i Molde, Oslo Nye og altså nå Det Norske Teatret.

– Du tar ofte dei rollene som mange andre skodespelarar helst ikkje vil ta i? Er det bevisst?
– Ja. Eller, det er litt rart, det der, men nokon har vel sett at eg har ei slags dobbeltheit i meg– på skolen i England, der dei er meir opptekne av typecasting enn her heime, hadde vi ein gong besøk av ein erfaren «caster» – om eg ikkje hugsar det heilt feil, blei eg plassert i kategorien professor-slash- massemordar. Det går litt på det ytre, alle ansikt har ei snill og slem side.
– Og regissørar blir tiltrekte av den slemme sida ved deg?
– Eg er nok mest tiltrekt av dei rollene sjølv, sjølv om eg jo ikkje alltid synest det er så hyggeleg, for eg kjenner jo at eg eksponerer nokre dritdårlege sider av meg sjølv, og somme menneske klarer ikkje å skilje mellom meg og desse forkvakla karakterane.
– Men gjer det noko med deg? Vaknar du enkelte morgonar og har litt det som vi andre kanskje kjenner som fylleangst? Denne kjensla av at ein har vore ein skikkeleg dritsekk kvelden før, utan heilt å kunne hugse kva ein sa eller gjorde?
– Det er truleg ei ganske presis beskriving. Eg veit jo at folk rundt meg kan synast at det er litt ubehageleg. At det liksom må vere ein snev av meg i desse fråstøytande karakterane, må det ikkje? Akkurat det er veldig ubehageleg. Men det kan eg ikkje gjere noko med – det er jo jobben min, dette. Eg må jo berre erkjenne at det er noko ved meg som gjer at eg får desse rollene, ei blanding av ytre kjenneteikn og personlegdom. Men da du må verkeleg gå inn i deg sjølv og prøve å halde på ei sjølvkjensle, vite med deg sjølv at du er ein heilt annan, seier Furuseth, som har fortalt at han ofte snakkar med psykologar, psykiatrar og anna fagpersonell når han skal inn i hovudet og under huda på dei mest utiltalande rollefigurane.

Ola-G-Furuseth-spelar-Herr-Marmelade
– Slike usympatiske roller tiltrekker meg nok fordi eg ikkje synest det er så spennande med folk som heile tida er innanfor. Eg har aldri følt meg som ein av dei sjølv, eg er berre ikkje ein av gutta som sit på pub og synest alt er kult; har aldri vore det. Dessverre, hehe. Mange menn har sikkert drøymt om å spele kjekkas, sitje der med tredagars og ein sigarett i munnvika og myse ut over Gardasjøen – der har eg berre ikkje noko å bidra med. Men om rollene eg likar derimot er så mykje djupare eller betre, det skal eg ikkje påstå.
– Har du takka nei til roller som du synest bikkar over i det heilt forkastelege?
– Njaei, det har nok ikkje skjedd. Det har skjedd at eg takkar nei til roller eg føler ikkje passar meg, liksom komme seglande nedover dansegolvet med eit kjekkassmil i munnvikene, da blir eg heilt klodrian og får hetta, så det gjer eg ikkje. Ein del castrar blir litt overraska, for det er tradisjon for at norske skodespelarar har ei slags transformasjonsevne, at alle kan bli kven dei vil på ei scene …
– Det meiner ikkje du?
– Det meiner ikkje eg. Du må gjerne late som, men det ytre avslører deg alltid. Så da må du heller prøve å bli venn med at det er dei korta du fekk utdelt.
– Og det klarer du no?
– Det er ikkje lett, ikkje på nokon som helst måte. «Faen, er eg sånn?», liksom. Men eg må jo berre akseptere det. Og så er det jo ålreit dersom folk der ute ser at det er noko uføreseieleg i det eg gjer.