Tilbake til Fridomens vegar

Med quizen som teater & Teatret som quiz

Tore Vagn Lid er kjend for musikalske og samfunnsaktuelle teaterframsyningar som engasjerer, provoserer og gir publikum nye perspektiv. Her skriv han om sitt nye prosjekt, Fridomens vegar, som han skal orkestrere på Scene 2 i haust.

TEKST Tore Vagn Lid FOTO Siren Høyland Sæter

Eg har lenge undra meg over at samtidas trussetning om den individuelle fridomen ser ut til å gå hand i hand med eit aukande behov for testing og kontroll. Alle vil vi liksom teste alle, og det i nær sagt alt: Leiinga i barnehagen testar barna og blir sjølv testa av kommunale byråkratar, som igjen må kvalitetssikrast av andre over dei. Og slik held det fram: Slik testar sjefen deg!, Test barnet ditt!, Slik testar du kjærasten din!, Test deg sjølv!

fridomens-vegar-tore-vagn-lid-i-diskusjon

Regissør Tore Vagn Lid og ansvarleg for det scenografiske konseptet, Kyrre Bjørkås, diskuterer med Ane Dahl Torp og Marie Blokhus under ein test av quiz-konseptet i juni 2016.

Fridomens speleflate er eit spegelkabinett, der den eine testen speglar seg i den andre. Rektoren testar læraren sin evne og vilje til å teste eleven i nasjonale og internasjonale testar, som så igjen skal gjere det mogleg å skilje vinnarar frå taparar; barn mot barn, leiar mot leiar, medarbeidar mot medarbeidar, skule mot skule, kommune mot  kommune, land mot land og kontinent mot kontinent. Europa sakkar akterut. Varsko her! Asia kjem!  – Og eg, som ei ung jente frå Sandefjord skriv etter å ha testa seg sjølv mot ein vegg av nasjonale og overnasjonale prøver, – eg er under forventa.

fridomens-vegar-quiz-test-med-ane-dahl-torp-og-marie-blokhus

Marie Blokhus og Ane Dahl Torp som quiz-vertar.

Fridomens vegar synest brulagde med testar, ja vel. Men kvifor eigentleg? Kvar kjem denne testetrongen frå? Er testane der for vår skuld, for at vi skal kunne få det betre – forbetre oss – eller har dei kanskje byrja å leve sitt eige mystiske liv, uavhengig av oss? Er det framleis menneska som skapar testen, eller er det testen som gradvis og eigenrådig har byrja skape menneska? Og kanskje viktigast av alt: Kven er det eigentleg som sikrar kvaliteten til denne «Store Andre», denne nærast overjordiske sikraren eller testaren?  Godt teater skal stille spørsmåla, ikkje svare. Slik lyder ei litt sliten og lett falma sanning, årvisst resirkulert i norske teaterprogram. Men kvifor det eigentleg? Kvifor resignere allereie før startstreken? Kvifor ikkje i det minste ha svaret som ambisjon? I Fridomens vegar skal det ikkje berre bli stilt slike spørsmål, men vi skal òg gjere forsøk på å svare.

fridomens-vegar-publikumar

Publikum svarar alternativ «A».

Difor sender eg to utgåande reporterar – to barn – på ein ekspedisjon for faktisk å finne denne, kall det gjerne sjuande testaren i Pisa-tårnet. Kva vegar dei slår inn på, om dei må gå framover eller bakover i tid, om dei evnar å løyse oppgåva og komme velberga tilbake, står det sjølvsagt att å sjå. Her er oddsen uviss. Uvisst er det òg kva opphavet til desse barna er. Kven er dei, eigentleg? Er dei det stoffet draumar er laga av som Shakespeare kunne ha sagt?

fridomens-vegar-ane-dahl-torp-og-joachim-rafaelsen

Ane Dahl Torp og Joachim Rafaelsen snakkar til publikum.

No har vi fått nye hjelpemiddel: Enkle gentestar som kan kjøpast for nokre skarve hundrelappar på norske apotek, lovar oss sannsynlege svar på kva barna våre i framtida bør satse på. Eller betre, kva vi som opplyste og ansvarsmedvitne foreldre bør satse på for våre arvingar. Med andre ord gir desse testane lovnad om innsyn i det draumestoffet vi er koda med. Det er då i det minste ein start, ikkje sant? Og kanskje er vegen herfrå kort, til  jobbintervjuarens kartlegging av korleis du kjem til å utføre arbeidet ditt i morgon, eller til forsikringsselskapet si jakt på familiens sjukerapportar og potensielt arvelege disposisjonar er ikkje lang. Og for desse for-sikrande selskapa handlar det forståeleg nok ikkje først og fremst om å forandre, men om å kalkulere risiko gjennom å vite noko om det som enno ikkje har skjedd.

fridomens-vegar-quiz

Quiz-laga har blitt einige om det rette svaret.

Spørsmålet er berre: Kva med oss? Vil vi dette? Og om vi vil vite, kor mykje vil vi då vite? Og kven andre skal i så fall få vite det vi veit, om dei som kanskje enno ikkje er fødde? Og vil barnet eigentleg vite det sjølv? Vil det vite kva for draumestoff det er laga av, og kva det i så fall ikkje er utstyrt med? Er det mogleg å sjå for seg at ho som alt frå starten av blir opplyst om at ho ikkje kan, lever opp til sin eigen prognose, si eiga forventning? Og kven har eigentleg interesse av det? Her er det mykje som er uvisst. Det som likevel er sikkert, er at med ny vitskap vil alltid nye utfordringar, nye konfliktar, nye drama trengje seg på. Så langs desse fridomens vegar, går det eigentleg ei grense for kor opplyste vi ønskjer å bli?

fridomens-vegar-quissar-ut-publikum

Publikum blir invitert inn til ei lun pubquiz-atmosfære i Fridomens vegar.

Om foreldra mine visste om sine eigne arvelege diagnosar, kan eg da – for å sitere spørsmål frå ein nettstad for juridisk rådgjeving – saksøke dei for å ha sett meg til verda? Ja, her ligg det spørsmål til ein heil quiz, du! Og er det noko denne teaterkvelden kan love, så er det nettopp dette; quizen som teater og teateret som quiz! Eit teater med låge skuldrer der publikum er på lag med kvarandre – og mot kvarandre. Der vi saman med eit vertskap av skodespelarar og musikarar går inn for å løyse samfunnsoppgåver, om mogleg, ein gong for alle. Og heilt sikkert er det at til slutt vil  det vanke premiar til dei beste.