Regissør Marit Moum Aune: Alt ein kan ønske seg er å få ein smart musikal mellom hendene

Aktuell som regissør for HALVE KONGERIKET og FUGLETRIBUNALET.

Vi treng den kollektive latteren og den felles historia

At eg har arbeidd så mykje med royal tematikk, er verdas største tilfeldigheit; kongehuset må jo tru eg er ein stalker. Sjølv om eg nok djupast sett er republikanar, liker eg monarkiet og kva det kan vere i samfunnet.

Alt ein kan ønske seg er å få ein smart musikal mellom hendene. Det Norske Teatret har gjort noko fantastisk ved å føre saman Ingrid Bjørnov og Are Kalvø; det er ein uslåeleg duo. Etter å ha jobba med tung tematikk tidlegare er Halve kongeriket som å komme opp og få luft. Vi treng den kollektive latteren og den felles historia. Er du frå Sverige eller Danmark, forstår du det kanskje ikkje, men har du vakse opp i Noreg, hugsar du historia om Mette-Marit og Haakon. Vi går inn og undersøker det som kan vere bakteppet for dette minnet.

Det verkar som vi ofte trur at politikarane ikkje har noko hjarte i det dei gjer. Men politikken startar jo med ein draum om eit samfunn, om noko som skal bli bra. Kanskje døyr ikkje den draumen straks ein politikar går inn i kontrollog konstitusjonskomiteen. Kanskje han veks på uante måtar. Veit folk til dømes kor god Martin Kolberg er til å danse, kva Haakon eigentleg dreiv med på Berkeley, og kva Siv Jensen eigentleg drøymer om å bli? Dét veit vi!

Fortalt til Erlend Tårnesvik Dreiås