Tilbake til Fugletribunalet

Skodespelar Marie Blokhus: Eg har lyst til å vere ein skodespelar som opnar opp for samtalar.

Aktuell som Allis i FUGLETRIBUNALET og Siobahn i DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA

 

Eg har lyst til å vere ein skodespelar som opnar opp for samtalar i samfunnet og på den måten bidrar til fellesskapet. Da eg oppdaga at skodespelarfaget var noko eg kunne meistre, kjende eg òg på det enorme potensialet som låg i det. Kunst og kultur kan vere ein brubyggjar mellom enkeltmenneske, mellom grupper og kulturar. Det er ei sjeleleg samtaleform. Faget mitt er å forstå andre menneske.

Kvar oppsetjing har sin eigen toneart og sin eigen melodi. Om det er eit heilt nytt stykke, eller ein klassikar, er ikkje det viktigaste. Rolla som Hamlet var ei reise i eksistensiell einsemd og mitt forsøk på å forstå døden. Allis i Fugletribunalet har ei reise i skam. Det er ulike rom i meg sjølv eg må gjere tilgjengelege. Nokre rom er tyngre å gå inn i enn andre.

Eg tek alle rollene eg gjer like alvorleg, anten det er ei tragisk eller komisk rolle. Ofte er dei ulike sjangrane overlappande, og ein seier jo at den mest komiske rolla har mykje tragisk i seg, og omvendt. Fugletribunalet er alvorleg og eksistensielt, men eg ønskjer å gi Allis-rolla mykje humor òg. Ein merker veldig godt når publikum er engasjert. Eit generøst publikum gir meg konsentrasjon og gjer meg modigare. Da er eg lykkeleg på scenen.

 

Fortalt til: Erlend Tårnesvik Dreiås. Foto: Siren Høyland Sæter.