Tilbake til Sweeney Todd

Mann for mange roller

Du har nok sett han, men som kva? Som Jesus eller Judas, som Hitler eller Hamlet, som ulykkeleg barn eller glad olding? På teaterscena, på film eller TV? Eller er det songaren du hugsar? I vår får han ei ny rolle: menneskeslaktaren i musikalen Sweeney Todd.

Det er berre åtte år sidan Frank Kjosås (33) forlét Teaterhøgskolen. I dag er han solid etablert som ein allsidig skodespelar, den reine teaterpoteten.

– Og oppskrifta er?

– Arbeid, slår han fast. Talent er ein brøkdel, toppen ti prosent. Resten er arbeid, seier skodespelaren som fekk teaterengasjement allereie før han var ferdig med Teaterhøgskolen. Det skjedde i 2006 då Det Norske Teatret henta han frå skulebenken og plasserte han i musikalen Hair. Det er ikkje noko i Frank sin bakgrunn som sa at scena skulle bli arbeidsplassen hans – unnateke songen, då. Gutungen med den store stemma song i kor og fekk songundervisning frå han var 11 år. Han var med i skuleteateret, men at skodespelar er eit yrke ein kan utdanne seg til, visste han ikkje før han var 19 år.

Frank er som dei fleste av oss nordmenn oppvaksen på ein liten stad, stader der kulturarbeid er basert på dugnad og eldsjeler. I dag har Øystese i Hordaland eige kulturhus proppa med aktivitet. Slik var det ikkje for tjue år sidan. Men dei hadde eldsjeler. Franks eiga eldsjel og mentor heitte Randi Hjemlestad og var norsklæraren.

– Ho oppmuntra meg til å skrive, og det var ho som tok oss med på teatertur til Bergen der eg såg teater første gongen. Og ja, det er nok ho som utan direkte påverknad peikte ut yrkesvegen for meg.

I tillegg fekk han, som så mange skodespelarar, ein liten forsmak på scenelivet av russerevyen. Frank skulle bidra med det han kunne best: skrive sketsjar. Men så måtte han framføre nokre – og dermed var han totalt involvert. Og han fekk eit lite, varig bit av teaterbasillen.

Etter vidaregåande skulle Frank studere. For det gjer ein jo. Men lysta var ikkje intens. Då var det igjen Randi Hjemlestad som foreslo eit kvileår, kanskje ein folkehøgskule. Og det blei Romerike Folkehøgskole, skulen med ein velrenommert teaterprofil, skulen som er fylt til randen av ungdom med teaterdraumar, skulen der «alle» skal søkje Teaterhøgskolen. Det var då Frank blei klar over at ein kunne utdanne seg til skodespelar. Så søkte han òg.

– Men eg kom ikkje inn på første forsøket, og no er eg glad for det. Eg var for ung.

Først blei det eit år på Bårdar Akademiet og tid for modning og førebuingar – og tid for strøjobbar for å brødfø seg i ei ventetid, blant mykje anna pizzabod.

– Det var på den tida eg fekk den første leksjonen min i at dersom eg ville gå denne vegen, så krevst det arbeid – innsats og arbeid, fortel Frank. Då han skulle framføre songar for den kjende teaterpedagogen Alexandra Myskova, syntest han nok det gjekk sånn nokolunde bra, men blei blankt avvist av Myskova som kravde meir enn ei supergod stemme. Ein må arbeide med framføringa.

Så blei det teaterskule, og i teaterskuletida hans var skulen i sterk grad prega av den namngjetne russiske pedagogen Irina Malochevskaja.

– Under regimet hennar var det umogleg å utvikle seg til jålebukk. Sidan yrket vårt skal handle om formidling, er det viktig å halde eit auge med di eiga framstiling av stoffet og eit anna auge på korleis du når publikum, men dersom du begynner å kaste eit tredje blikk på korleis du tek deg ut, då har du gitt deg ut på ei livsfarleg ferd, meiner Frank og legg til:

– Likevel, det finst nyansar her. Gløym korleis du tek deg ut, men det er lov, nei, det er viktig å opparbeide ein tryggleik, å stole på at ein kan arbeidet sitt så godt at ein føler seg trygg når ein går ut på scena.

– No snakkar du om sjølvkjensla til skodespelaren, om å vere trygg på eige arbeid og eigne kunnskapar. Men teater er eit kollektivt prosjekt der regissøren har det avgjerande ordet.

– Sjølvsagt skal regissøren følgje planen sin, men det er mange vegar til målet. Eg har jobba med nokre som openbert trur det står likskapsteikn mellom orda regissør og despot. Og eg har jobba med nokre som gir fridom til å leike og leite mellom forskjellige måtar å framstille ein situasjon på, regissørar som lyttar og diskuterer, som gir rom for forsøk, men er klinkande klare i dei endelege vala sine.

– Kva gjer du når regissøren ikkje legg vekt på forstavinga «med» i ordet medarbeidar?

– Då går eg ut på scena og gjer som eg er blitt fortalt. Eg gjer jobben, men veit eg blir utydeleg for publikum, og nettopp det er eit viktig ankepunkt. For korleis vi møter publikum, betyr mykje. Det er for dei vi arbeider. No er det synleg korleis temperaturen stig for den elles så rolege Frank Kjosås:

– Dette er viktig fordi dette handlar om grunnhaldninga mi til yrket skodespelar.

Jobben min er å fortelje ei historie så tydeleg at publikum kan ta imot ho. Vi er eigentleg dei heldigaste arbeidarane i verda for i løpet av åtte veker med prøvetid kan vi prøve og feile. No kan vi vere direkte dårlege mens vi leiter etter kva som fungerer. Når vi så går ut på scena og forhåpentleg har lagt heile serien av feil bak oss, kan vi føle oss trygge i møtet med publikum.

– I denne arbeidsprosessen er regien sjølve grunnlaget, sjølve ramma. Men innanfor denne ramma må skodespelaren ha fridom til å vere medskapande. I denne fridommen finn skodespelaren tryggleiken sin, og det er berre ein trygg skodespelar som kan gi publikum det dei har rett på. Dei har kjøpt billett i dyre dommar og skal ha noko igjen for det.

– Korleis arbeider du med ei rolle?

– Eg arbeider mykje, les, prøver å kunne teksten tidleg for å ha armslag til å arbeide fysisk. Og målet er at forteljinga mi i dei beste stundene kan bevege tilskodaren – følelsesmessig eller tankemessig – ein millimeter, seier Frank og fortel om eit lite kort kollegaen Ingrid Bolsø Berdal fekk då dei begge spelte i musikalen Hair på Det Norske Teatret i 2006.

Kortet var eit takkekort med rifla kant og ein liten blom i nedre høgre hjørnet, skrive med sirleg handskrift av ei dame på 88 år. Ho ville berre takke for opninga av andre akta og diktet Bolsø Berdal då las. Det diktet, skreiv ho, sette eit endeleg punktum for det vanskelege forholdet ho hadde til den avdøde mor si.

– Det kallar eg å bevege publikum ein millimeter. Er det ikkje forunderleg?

Arbeidsreiskapen vi har for å bevege eit menneske, er stemma og kroppen, metoden er arbeid, arbeid, arbeid. Og likevel er det underleg å oppleve korleis ein og same situasjonen treffer publikum forskjellig.

– Arbeid, arbeid, arbeid, seier du. Kva er den hardaste arbeidsøkta du har gjennomlevd?

– Det må vere då Stein Winge ringde meg tre veker før premieren på

Bibelen og bad meg overta rolla som Jesus. Først trudde eg det var ein usedvanleg dårleg spøk, for her var det snakk om mykje og vanskeleg tekst som skulle på plass på kort tid. Då det var klart at eg skulle gjere rolla, var vilkåret mitt at eg ikkje skulle ta regi, men gjere det på min måte. I dei tre vekene jobba og las eg i eit vanvitig tempo, blei døgnvill og gjekk i søvne, men var i presentabel stand til premieren. Og då eg i salen såg ei rekkje herrar med lilla skjortebryst og kvite kragar, herrar som kjenner teksten mykje betre enn eg, då dei falda hendene som til bøn då eg las Bergpreika, ja, då våga eg å tru at ikkje berre orda, men formidlinga òg var på plass.

– Ønskeposisjonen din er å vere medskapande skodespelar innanfor regirammene.

Kvar og korleis har du erfart det best?

– Då eg skulle spele Hamlet ved Hålogaland Teater, intervjua regissøren Nina Wester skodespelarane før prøvestart, spurde kva vi meinte om stykket og rolla, og kva ho kunne gjere for å hjelpe oss. Eg ville ha monologen «Å vera eller ikkje vera» sist fordi han er så viktig for tekstrekkja. Og slik blei det, fortel Frank – og legg til:

– Fordi ein klassikar kan vere krunglete å oppfatte for publikum av i dag,

tenkte eg mykje på Hamlet sin tale til skodespelartruppen som han held midt i framsyninga. Den monologen inneheld nesten alle råd ein skodespelar treng. I Tromsø skulle medlemmer av Barne- og Ungdomsteateret spele skodespelarane, så eg spurde dei om tankane deira omkring det å spele teater. Svara deira var merkverdig like betraktningane til Shakespeare. Så eg framførte monologen med orda til ungdommen. Det var moro.

– Du vil gjerne ta grep. Har du tenkt på eigne regioppgåver?

– Ikkje no og ikkje konkret, men ja, eg drøymer om det, og øvst på den

private lista mi står ei dramatisering av Antoine de Saint-Exuperys, Den lille prinsen. Den boka inneheld etter mi meining alt om det å vere

menneske. Og tenk for ei flott visuell sceneforteljing ho kan bli.

– Du snakkar òg mykje om å vere trygg i arbeidet ditt som skodespelar. Er tryggleik noko du har med deg frå oppveksten heime i Øystese?

Ein augneblink stoppar Frank opp og tenkjer seg grundig om før han seier:

– Ja, når du spør, så er det det. Heimanfrå fekk eg alltid støtte og oppmuntring til å gjere mine ting, og det har utvilsamt vore viktig for meg i utviklinga mi som kunstnar.

Eigentleg er Frank ein kunstnar med tre bein å stå på. Musikken har følgt han sidan barndommen. Det har teikning òg. Alle manushefta hans blir utstyrte med teikningar i prøvetida. Skodespelarkunsten er sjølve styrkebeinet, men mange vil gjerne høyre meir frå songaren Frank.

– Nei, plateplanar har eg ikkje. Noka juleplate kjem nok ikkje frå meg. Eg vil bruke stemma i teateret. I dag er teateret det songen var for meg før i verda.

Då Frank var ferdig ved Teaterhøgskolen, var spådommane mange og dystre. For kva slags roller kunne vel liggje framfor ein liten pilt (169 cm) med eit vakkert androgynt ansikt? Søte smågutroller varer ikkje evig, var det nokon som sa. Haldninga nærma seg ei tid kulturpolert mobbing. Det må ha teke på kreftene?

– Det er mykje ein må lære å takle her i livet. Som gutunge blei eg kraftig erta fordi eg var den første i klassen som kom i puberteten. Kven skulle vel trudd det?

 

Tekst: Astrid Sletbakk. Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS.