Tilbake til Kvitebjørn Kong Valemon

Magika frå Teatret

Vidunderleg. Strålande. Imponerande. Sømlaust. Leikent. Verknadsfullt. Mektig. Etter premieren på Kvitebjørn Kong Valemon nærast konkurrerte kritikarane i å lovprise scenerommet som falda seg ut denne kvelden.

TEKST Ida Michaelsen

Lista over superlativa er lang, og vi kunne ha halde fram i ei god stund til. Dama bak magien er vår eigen Unni Walstad, ei dame som både er sikker i sin stil og modig i sine val. For det er eit sjansespel å planlegge ein isbjørn i full storleik og dansande, svevande koppar og kar i spel. Walstad er scenografen som får publikum til å gispe og dei minste til å tru på illusjonen. Og når teatret går heilhjerta inn for å dramatisere eit folkeeventyr med innslag av det overnaturlege, om forheksa prinsar og magiske hjelpemiddel, om isbjørnar, hekser og ein trolsk skog, da er det avgjerande at ein har kompetansen til nokon av Unni Walstads kaliber å lene seg mot.

Unni-Walstad

Unni Walstad er fast tilsett som scenograf ved Det Norske Teatret. Foto: Helene Nordtvedt.

 

Kjend signatur

Unni Walstad har hatt signaturen sin på nærast alle dei største barne- og familieframsyningane på Det Norske Teatret det siste par tiåra. Når ho tar fram tryllestaven og drysser sitt støv over scenen, finst det knapt grenser for kva slags eventyrunivers ho kan brette ut. Det er ein krevjande jobb å skape teater med dei premissane ho legg for ei oppsetjing. Det som frå salen ser leikent, enkelt og sømlaust ut, er ofte teknisk komplisert med store element og mange krevjande scenetekniske utfordringar. I Kvitebjørn Kong Valemon henta ho fram ein teaterteknikk som ikkje hadde vore i bruk på teatret i mange år; svart teater. Svart teater er ein teaterteknikk som spring ut frå pantomimen, og ideen er både latterleg enkel og herleg konkret. Eit kolsvart scenerom gøymer svartkledde menneske som fører gjenstandar inn i ei smal gate med lys, slik at tinga blir opplyste, medan den som fører dei framleis er usynlege. Slik kan ein skape ein illusjon av at tinga rører seg av seg sjølv. Svever i lause lufta, så å seie. Ein metode som krev den yttarste presisjon frå svært mange ledd i produksjonen.

Peter-Pan-scenografi

I 2007 hadde Unni scenografienn til Peter Pan. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Inspirasjonen

Inspirasjonen til dette fann Unni i han som i si tid gav ho den første scenografijobben, Klovneskolen på Oslo Nye Teater. Karel Hlavaty, ein politisk flyktning frå Tsjekkoslovakia, skulle meir enn nokon annan kome til å prege det norske dokketeatermiljøet. I 1968 måtte han forlate heimlandet og eit professorat i dokketeater, etter at ein gryande motstand mot regimet brått blei slått ned.

Hlavati

Karel Hlavaty.

Hlavaty var medarbeidar ved det verdskjente Laterna Magica i Praha og ti år før han kom hit hadde han, i samarbeid med ei ekspertgruppe ved dette teatret, utvikla svart teater. Da metoden blei presentert for første gong på verdsutstillinga i Brüssel i 1958 blei den ein sensasjon. Hlavaty og andre sentrale scenekunstnarar tok med seg kunnskap og visjonar da dei reiste frå undertrykking og sensur, og sjølv i dag, nær 50 år seinare, kan det norske publikummet glede seg stort over arven etter desse pionérane. På Det Norske Teatret la dei fort merke til denne karismatiske scenografen og regissøren. Hlavaty eigde ei spesiell blanding av teknisk kunnskap og poetisk fantasi. Han kom raskt i kontakt med Tormod Skagestad, som den gongen var teatersjef ved Det Norske Teatret, og gjennom heile 70-talet vidareutvikla han teaterforma. Tormod Skagestad skriv sjølv i programmet til den andre oppsetjinga Hlavaty hadde ansvaret for ved teatret:

Først hos oss med Måne over gjøglarvogna har han ført dette fram til ein fullverdig dramatisk uttrykksform, der desse ulike elementa (kombinasjonen av svart teater, dokketeater og pantomime red anm.) går opp i ei streng høgare eining; der skuggespel, svart teater og spel med dokker ikkje blir frittståande imponerande effektar, men underordnar seg og tener ein poetisk teatervisjon.

Mane-over-gjoglarvogna

Stykket som inspirterte Unni Walstad til å bli scenograf: Måne over gjøglarvogna på Det Norske Teatret i 1970. Regi, dokker og rekvisittar: Karel Hlavaty. Scenografi Nina Martins. Foto: Fritz Solvang.

– Måne over gjøglarvogna var det første eg såg av Karel Hlavaty, fortel Unni Walstad. – Eg var 14 år og blei bergtatt. Det var ei så magisk, poetisk og vakker oppleving at eg bestemte meg for å jobbe med dette – der og da. Eg har bore med meg denne kjensla i alle år, og har brukt teknikken i små bolkar seinare i framsyningar som Trollmannen frå Oz, Pinocchio og Fyrverkerimakarens dotter.

Pinocchio

Fiskane i Pinocchio på Det Norske Teatret i 2001, som Walstad hadde scenografi og kostyme til. Her er også svart teater-teknikken nytta. Foto: Erik Berg.

 

Stort løft

For fem år sidan drog eg til Praha for første gong, og målet med reisa var å sjå svart teater i det svarte teatrets heimland. Eg blei skuffa, syntest ikkje det var i nærleiken av slik eg hugsa det frå Måne over gjøglarvogna og kjente at eg ønskte å bruke det i eit stykke for å kunne gjenskape kjenslene frå den gongen eg var 14. Eg ville løfte fram ei gammal teaterform og sørgje for at ho ikkje går i gløymeboka. Så da vi skulle setje opp Kvitebjørn kong Valemon var eg sikker på at det trolske, det uforklarlege og det overnaturlege kunne forteljast ved hjelp av denne teknikken. Det var eit stort løft for heile teatret og heilt avgjerande at instruktør, koreograf, lysdesignar, scenograf og rekvisittmakarar jobba tett saman.

Ikkje-lett-aa-staa-imot-freistingar

Ein duk som kan dekke seg med dei lekraste rette sjølv: Silje Lundblad som jenta tryllar fram mat med den magiske duken i Kvitebjørn Kong Valemon. Foto: Dag Jenssen.

Det er ikkje berre skodespelarane som blir utfordra, heile det scenetekniske apparatet må vere heilt skjerpa, trent og koreografert. I tillegg skal dette skje i ein stor dekorasjon som skiftar stemning og atmosfære. Det er krevjande, men utruleg morosamt. Heile produksjonen blei kursa av ein nolevande nestor, Michael Meschke, på 84 år. Storheitstida for denne teknikken var på 70-talet, så dei beste utøvarane er anten døde eller gamle. Men no har vi kanskje vekt til live både interessa og kvalifikasjonane. Eg har eit håp om at vi gjennom denne oppsetjinga kan gjere svart teater både tilgjengeleg, notidig og relevant igjen

Tonje-Glimmerdal-scenografi

I 2013 laga Unni Walstad scenografien til Tonje Glimmerdal. Foto: Eigil Aasen.

Karel Hlavaty døydde i 1988, 69 år gamal. Han hadde rokke å setje djupe spor etter seg i det norske teaterlandskapet. Fleire generasjonar nordmenn har gleda seg med og over den kanskje mest kjende dokka i norsk offentlegheit, Titten Tei. Hlavaty underviste i bruk av dokker på Statens lærarhøgskole i forming i nesten 20 år, han verka som scenograf og instruktør i oppsetjingar på Den Nationale Scene, Riksteatret, Det Norske Teatret og Nationaltheatret og frå 1987 var han sentral i oppbygginga av Hordaland Teater.

– Eg kjenner meg utruleg heldig som har fått arbeide med Karel Hlavaty, seier Unni Walstad. Han var både sjenerøs og snill og tok meg med i mange ulike samanhengar. Eg står som fagperson i gjeld til han og beundrar det han fekk til her på teatret. Han var ein stor teaterpersonlegheit – kreativ og karismatisk. Eg er glad for responsen på scenografien som Kvitebjørn Kong Valemon. Det er samstundes ein honnør til det Hlavaty førte med seg til norsk teater. Møtte du Karel Hlavaty gløymde du det aldri, seier ho.