Tilbake til Mor Courage og barna hennar

Lyden av krig

Teloch-Morten-bergeton-Iversen-Mor-Courage

Morten Bergeton Iversen aka Teloch har komponert musikken til Mor Courage. Foto: Haakon Hoseth.

Da instruktør Lars Ole Walburg lanserte ideen om å droppe Paul Dessaus musikk til Mor Courage til fordel for nyskrive svartmetall, vanka det applaus på teatersjefens kontor.

Walburg var kjent med norsk svartmetalls posisjon i verda og meinte sjangeren ville egne seg godt til å akkompagnere eit stykke med krig som bakteppe. Lang historie kort. Teatret kom i kontakt med komponist Morten Bergeton «Teloch» Iversen som tente på ideen og stilte til kort hastemøte med Walburg. Dei fann tonen og samarbeidet blei banka.

For dei fleste kan skogen av metallsjangrar verke uoversiktleg. Du har til dømes Death Metal, Doom Metal, Grindcore, Thrash Metal og Speed Metal pluss undergrupper og flytande overgangar. Historia om svartmetall blir gjerne delt inn i to epokar. «Den første bølgja» oppstod tidlig på 80-talet medan «den andre bølgja» oppstod 10 år seinare og det var no Noreg ble sett ettertrykkeleg på kartet. Band som Burzum, Darkthrone og ikkje minst Mayhem sette ein ny standard. Alt blei meir ekstremt både musikalsk og visuelt. Og, medan første bølgja leika med det forbodne utan heilt å meine det, utvikla den andre bølgja seg til fullt alvor. Musikken kan verke heilt ugjennomtrengjeleg med ein vegg av gitarlyd toppa av frenetiske doble basstrommer og guttural vokal langt inne i miksen. Tekstane handlar gjerne om død, okkultisme, satan, natur og filosofi. Visuelt er det minst like hemningslaust: liksminke, blod og ekte dyrekadaver på scenen. Slikt vekker oppsikt.

Like viktig for Noregs renommé som sjølve svartmetallnasjonen blei dei tragiske hendingane som skjedde tidleg på 90-talet og mytane som oppstod kring desse hendingane. Bandet Mayhem starta i 1984, men hadde gitt ut ganske lite musikk offisielt før albumet De Mysteriis Dom Sathanas kom ut i 1994. Bidragsytarar til albumet er mellom anna Øystein «Eronymous» Aarseth, Varg «Count Grishnackh» Vikernes og Pelle «Dead» Ohlin. Ohlin tok sitt eige liv i 1991 og Aarseth ble myrda av Vikernes i august 1993. Vikernes blei i tillegg dømd for å ha brent ned 3 kyrkjer. Desse hendingane blanda med den brutale musikken og det ekstreme visuelle uttrykket skapte blest og mytar som den dag i dag fascinerer, skremmer og lokkar.

Så var det Teloch. Han er i dag medlem av nettopp Mayhem og har skrive all musikken til bandets siste album, Esoteric Warfare. Han var 10 år da Mayhem starta i 1984 og ble først med i 2011. Såleis har han ingenting å gjere med det fatale som skjedde på 90-talet. Men, historia sit i veggane. Så mykje at Teloch i eit intervju ber dei gamle Mayhem-medlemmane slutte å henge seg opp i fortida, begynne å sjå framover og konsentrere seg om det viktigaste, musikken.

Teloch spelar òg i band som Nidingr og The Konsortium og han har vore innom kjente metallband som Gorgoroth og 1349. Han bryr seg ikkje så mykje om kva som rører seg innafor dagens svartmetall, men høyrer like gjerne på Prince. Det vitnar om ope sinn. Det bør publikum òg ha. Kom rusta til lyden av krig.

 

Tekst: Espen Gravklev. Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS.