Tilbake til Woyzeck

MØLLEHJULET

om «Woyzeck» av Georg Büchner av Lukas Bärfuss

Leipzig sommaren 1821. Soldaten Woyzeck drep kjærasten sin. Det blir undersøkt om han er tilrekneleg og han blir sidan ført til torget og halshogd. Med denne historia som bakgrunn skriv Georg Büchner ein av dei største klassikarane i tysk dramatikk. Den kjende tyskspråklege dramatikaren Lukas Bärfuss gir oss her ei innføring i dette myteomspunne verket.

Forfattar Georg Büchner

Forfattar Georg Büchner

 

Den greske forfatteren Sallust definerte myten som det som aldri har funne stad, men som alltid gjentek seg.

Siste leddet av denne definisjonen gjeld for «Woyzeck» av Georg Büchner. Kvar gang denne historia blir lesen eller spelt, gjentek det same seg: Om igjen og om igjen står han der i buskane saman med venen Andres og spikkar stokkar, høyrer stemmer, seier noko uforståeleg. Om igjen og om igjen slår Woyzeck på jorda og påstår at ho er hol. Om igjen og om igjen må stakkaren stå der og sjå på at kjærasten Marie driv og har seg med tamburmajoren. Endå ein gang går han til jøden for å kjøpe seg kniv – ein kniv han nok ein gang skal stikke inn i Maries kropp. Alt skjer alltid på same vis. Det er eit mareritt som aldri tek slutt.

Endå meir urovekkande er det at denne myten, i motsetnad til definisjonen til forfattaren, faktisk har funne stad. I Leipzig sommaren 1821. Ein viss Johann Christian Woyzeck tok livet av brura si, som visstnok heitte Johanne Christiane Woost. Lækjarar undersøkte mordaren. Ein ville jo vite om han var sinnsjuk eller ikkje. Om han høyrte heime på galehuset eller å skafottet. Dei snakka med han, dei eksaminerte han, og så skreiv dei ein rapport. Deretter vart Woyzeck ført til torget i byen og halshogd. Rapporten blei offentleggjort i eit tilleggshefte til Tidsskrift for Rettsmedisin utgjeve i Erlangen i 1825 under tittelen «Ei drøfting over om mordaren Woyzeck var strafferettsleg tilregneleg i høve dei rettsmedisinske protokollane gjort av herr hoffråd doktor Glarus.»

Det var sjølvsagt ljug. Heller ikkje herr hoffråden fann ut av det. At Büchner har kjent til denne rapporten er elles sannsynleg. Far hans var lækjar i Hessen – også han skreiv liknande rapportar om brotsmenn.

På mange måtar er dette stykket ein kritikk av vitskapen, eller iallfall eit brot med ideen om det kan finnast noko gyldig svar. I stykket fôrar legen Woyzeck med erter, han får ikkje anna enn erter å ete. Vil legen nett som det verkelege førebiletet hans, Justus Liebig , finne ut om mennesket kan leve av planteprotein aleine. Følgja av slik ernæring skal vere åndeleg forfall og hallusinasjonar. Er det kanskje dette som utløyser Woyzecks vanvit?

Men spørsmålet som stykket stiller, er meir grunnleggjande enn som så. Det handlar om den menneskelege tilstanden i det heile. Kva er eit menneske, kor eineståande er det, i kva grad skiljar seg det seg frå dyra? Og sjølvsagt svarar stykket like lite på det som vitskapen. Berre nye spørsmål dukkar opp. Og med fleire spørsmål vert gåta berre større.

Stykket er jo sjølv ei gåte. Ei gåte slik forfattaren var det Han var revolusjonær, filosof, lækjar, universitetsdosent, flyktning, politisk pamflettmakar. I eit så kort eit liv. Han døydde treogtjue år gammal i Zürich av tyfus ein februardag i året 1837. Likevel har han lete att okon av dei mest urovekkande tekstane i heile den tyske litteraturen. Den drøymeriske komedien «Leonce og Lena», revolusjonsdramaet «Dantons død», diktarnovella «Lenz». Alle desse tekstane kikkar ned i same avgrunnen, den avgrunnen som Büchner oppdagar i menneska. Han gjer det nådelaust og utan utsikt til trøyst. Ofte ver det sagt at han nyttar same skalpellen når han undersøkte cellevevsprøver som når han i tekstane sine rykker dei menneskelege vilkåra inn på livet. Han fann ikkje noko der i det menneskelege vevet, berre nye avgrunnar., fleire gåter. Og ved alt han undersøkte blei spørsmålet ståande: «Kvifor?»

Menneska aksepterer ikkje å bli sitjande att med spørsmål. Dei vil alltid leite etter svar. Og finn dei seg ein leikeplass der dei kan finnast. Til dømes i kva rekkefølgje skal scenanen i Woyzeck stå. Büchner har ikkje ein gang gjeve eit hint om det. Hans «Woizeck» var aldri noko anna enn eit fragment, ufullenda, nokre lause blad blant dei etterlatne tinga til den døde. Eit halvt hundreår var skrifta forstått som umogleg å dechiffrere. Heilt til ein austerriksk forfattar med namn Franzos , prova det motsette og publiserte teksten som drama. Seinare heldt ein fram med å gjere nye forsøk på å dechiffrere verket og bringe det i logisk rekkefølgje. Grunngjevingane er kanskje blitt betre, men teoriane var og blei påstandar, tvilsame og reviderbare.

Det var som sjølve filologien leid under ei krenking. Med alle middel hadde ein forsøkt i det minste å finne fram til rekkefølgja Büchner hadde planlagt. Og sidan dei filologike metodane ikkje rekte til, tok ein i bruk røntgenudersøking. Ein undersøkte både papir og blekk, og kom til slutt til den konklusjonen at Büchner hadde byrja på stykket i Strassbourg og hadde abeidd på det til kort før han døydde i Zürich. Noko meir kunne ein ikkje seie noko sikkert om. Bak kvart spørsmål fann dei to nye – og prova dermed også det som Büchner allereie hadde prova i diktinga si, og som han gjorde seg lystig på. Uansett med kva for metode og uansett kor ærgjerrige menneska er når dei nærmar seg seg sjølv, noko svar finn dei ikkje.

I ein scene barberer Woyzeck kapteinen sin. Han ber han om ikkje å skunde seg og seier:

«Eg får angst når eg tenkjer på æva (…) Woyzeck, eg skjelv ved tanken på at eg i løpet av ein dag dreier rundt heile verda. For ei bortkasta tid, kva skal det vere godt for, eg kan ikkje sjå eit møllehjul lenger utan å bli melankolsk.»

Møllehjulet dreier seg. På nytt blir det elska og drepe, lidd og note. Men kva er det som driv dette hjulet? Kor ligg det som ligg bak det alt saman? Ligg det hjå ein rasande gud? I ei forbanning som kviler over menneska? I galskapen? I dårleg kosthald? Alt ligg laust. Ikkje ein gang tida skapar orden. Det finst ingen kronologi, ingen samanheng mellom årsak og verknad. Det eine følgjer det andre. Menneska er fanga i kretsløp. Mennesket lid og gjer brotsverk, det kjenner sjalusi og vald. Men det kjenner også songar og skjønnheit og kjærleik. Alt finn stad i eit stykke, i ein figur, i eitt menneske, i ein Woyzeck. Difor forbannar vi han, difor leser vi han, og difor spelar han. Om igjen og om igjen.

Teksten er omsett frå tysk av Carl Morten Amundsen