Tilbake til Den siste kongsfesten

Levande døde 

Om dramatikar Miroslav Krleža.

Den siste kongsfesten går føre seg i ein liten by i det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet, ein del av Europa der gjenferda eller gjengangarane har komme og gått langt oftare enn hos oss. Kanskje lever dei i dette området av Europa tettare på vissheita om at historia gjentar seg, og at dei døde står opp att med jamne mellomrom for å hemne seg? Eller for å fullføre sitt verk?

Kroatias store dramatikar og poet

Kraljevo – Den siste kongsfesten på norsk – er skrive av Miroslav Krleža (1893-1981). Krleža var ein anerkjent kroatisk diktar, dramatikar, forfattar og redaktør som kom til å påverke litteraturen i den sør-slaviske regionen gjennom heile 1900-talet. Han tok utdanning i Zagreb, Pecs og Budapest, men blei utvist frå militærakademiet på grunn av manglande lydigheit og disiplin. I løpet av 1920-talet bestemte han seg for å dedikere sitt liv og virke til skrivinga.

Den hengde mannen (Oddgeir Thune) nektar å gi opp å få den han elskar, sjølv etter han er død.

Tidleg varsel om samanbrotet

Den siste kongsfesten er ein einaktar som ikkje høyrer klart heime innanfor nokon sjanger. Stykket er truleg skrive i 1915, og første gongen blei det sett opp i ein teater/konsert-versjon i Ljubljana i 1955. Tittelen på stykket (på kroatisk Kraljevo, red. merkn.) er henta frå ein marknad som faktisk blei halden årleg på ulike stader i Zagreb frå 1256. Denne festen på den opne plassen, som vart kalla Kraljevo, var dedisert til den ungarske kong Stefan, som levde i det tiande og ellevte hundreåret, og som vart kåra til helgen og beskyttar av det ungarske riket.

Folk festar som om det var det siste dei gjorde i Den siste kongsfesten.

Den fulle symbolikken av tittelen er uansett svært tydeleg fordi Krležas stykke gir ein dekadent versjon av dei siste dagane av det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet, og annonserer eller føreseier det valdelege samanbrotet.

Totalt teater

Ved første blikk er Den siste kongsfesten eit bilde av ein marknad, eit rom fullt av anonyme stemmer somikkje er i stand til å kommunisere. Etter kvart kjem individuelle lagnader gradvis fram, og når det skjer, minner det av og til om ei konkret dramatisk handling.

Publikum får også bli med på festen.

Men til slutt blir individa igjen borte i ei karnevalesk folkemengd, og publikum skjønar at dette sinnet gir liv til ei rekkje liknande lagnader, alle ivrige etter å få ei synleg form. Den siste kongsfesten er såleis eit framståande eksempel på totalt teater, og dessutan eit ekstatisk eksempel, der handlinga ikkje berre er reprodusert gjennom ord, men gjennom alle faktene og gestane til skodespelarane.

 

TEKST Leo Rafolt, Akademi for kunst, J. J. Strossmayer Universitet i Osijek, Kroatia
TIL NORSK VED Aud Søyland
FOTO Siren Høyland Sæter