Tilbake til The Book of Mormon

Lars Bleiklie Devik – musikalsk ansvarleg

- Eg er nok hyra inn til denne framsyninga fordi eg ein av dei få som livnærer seg av å tulle med musikk.

Eg har gjennom mange år jobba musikalsk med Ylvis-brørne og Raske menn, og no med Vidar Magnussen. Saman med kompisane mine frå guterommet i Fana har eg fått lov til å tøyse og fjase med det meste. Når ein kan gøyme seg bak humor i musikken, er det mogleg å ta ut alle klisjeane som ligg der og vere ekstra dryg. Det er lettare med litt avstand til stoffet. Men det er klart – det må gjerast skikkeleg.

Les også: Anette Amelia Hoff Larsen, aktuell som Nabulungi.

The Book of Mormon er ei hylling til musikalsjangeren og er full av pastisjar og referansar til både det lyse og lette og det tunge og alvorlege. Forma på ein musikal er jo i seg sjølv ganske unaturleg og fjollete. Karakterane skal føle og gråte, le og drive fram handling samstundes som dei skal synge av full hals. Men musikk kan sette sterke kjensler i sving, musikken gjer noko med deg, og kanskje derfor er musikalen ei så populær og elska form. South Park-gutta har heile vegen vore klare på at dei elskar musikalar og har skapt noko heilt eineståande. Det er smart gjort – kritisk, men med kjærleik.

Les også: Preben Hodneland – aktuell som Eldste McKinley.

Eg er truleg skada av ein oppvekst på 80-talet, den gongen alt var lov. Låtane kom rullande, den eine meir catchy og fengjande enn den andre. Det var mykje som var over the top, eller more is more. Det prega hitlistene på den tida. God musikk gir deg gåsehud og gjerne eit smil. Vi musikarar ler gjerne når det er noko ekstra i låta, anten det er ein feit akkord, eit drygt trommebrekk, ein latterleg rask gitarsolo eller det skjer noko uventa. For ein nerd som meg er det herleg å herje litt med det pretensiøse og sjølvhøgtidelege i musikken og i musikkbransjen elles.og det fekk vi verkeleg gjort da vi gjorde Ylvis i Spektrum og den påfølgjande Expensive Jacket Tour. Tant og fjas i raffinert musikalsk innpakning. The Book of Mormon er jo kroneksemplet på akkurat dette – i tillegg til at stykket fortel ei uvanleg god historie som igjen er genialt skriven. I mine auge er den tidenes desidert morosamaste og mest fengjande musikal. Og eg får vere med. Eit stort privilegium.