Tilbake til Kvitebjørn Kong Valemon

Kvitebjørn Kong Valemon

Denne teaterkvelden står i stor gjeld til den norske eventyrskatten. - Sa eg «norske»?

TEKST Ola E. Bø FOTO Dag Jenssen

Her skal eg passe kjeften min! For er det noko som kjenneteiknar dei såkalla folkeeventyra, så er det at dei er internasjonale, det er fantastiske historier, gjerne med overnaturlege hendingar og vesen med gjenkjennelege forteljargrep, som har gått frå munn til munn i generasjonar. Dei same grunnhistoriene dukkar opp på fleire kontinent i ulike utformingar og med ulike titlar.

Kjært barn med mange namn i mange medium

Vår historie, Kvitebjørn kong Valemon er i nær slekt med eit anna og like kjent eventyr, Austanfor sol og vestanfor måne, dei to historiene glir meir eller mindre over i kvarandre og det er skrive ned bortimot 70 variantar av dei berre her i landet, med ulike titlar og ulikt udyr i hovudrolla. I Setesdal vart det fortalt som Skrubbesoga, på Ringerike dukka det opp som Ulv Gråbeinsen Bikkjestad. Vi ser gjerne for oss den kjende teikninga til Theodor Kittelsen (TK) av prinsessa på bjørneryggen, men like ofte er det ei jente av folket, som i Eidskog i Hedemark, der det heiter Kvitebjørnen og fattigjenta. Og slik kunne vi fortsetje landet rundt. I Sverige heiter det forresten Prins Hatt under jorden. Dei kjende eventyrsamlarane brørne Grimm i Tyskland har i si store samling Kinder- und Hausmärchen døypt eventyret, omsett til norsk, Den syngande, springande lerkefuglen, fordi udyret, her ei løve, brukar lerka som lokkefugl.

Kvitebjørn-Kong-Valemon-Jenta-og-Bjoernen

 

På fransk kjenner ein eventyret som La Belle et la Bête, på engelsk The Beauty and the Beast. Den franske multikunstnaren Jean Cocteau laga ein berømt film av historia i 1946, seinare har det kome fleire filmar over eventyret, kanskje best kjend er Disneys teiknefilmklassikar frå 1991. Same året kom den norsk/svensk/tyske spelefilmen Kvitebjørn kong Valemon med Maria Bonnevie som prinsesse.  I 2014 kom det eit nytt amerikansk filmforsøk, og jammen er endå eitt på beddingen med ei imponerande rolleliste og visningsdato ein gong i mars 2017. Vår eigen Nobelprisvinnar Sigrid Undset laga ei dramatisering for barn av Østenfor sol og vestenfor måne allereie i 1927.

 

Kor langt attende sjølve grunnhistoria til desse eventyra går, er det uråd å seie noko sikkert om. I den romerske forfattaren Apuleius’ Metamorfosene, gjerne kalla Det gylne esel frå 100 e.Kr.  er det ei gammal kjerring som fortel historia om Amor (Eros) og Psyke, der guden Amor, mot mora Venus sin vilje, forelskar seg i jenta Psyke. Venus er dødeleg sjalu på Psyke. Her møter vi altså trekanten udyr, jente, heks i nokså uvante, men gjenkjennelege roller. At det her ligg ei gammal gresk gudesegn til grunn er det vel rimeleg å tru, og da…

Jenta-rir-paa-bjornen

Folkeeventyr

Etter å ha levd på folkemunne i hundrevis av år skaut innsamlinga av dei munnlege tradisjonane for alvor fart under Romantikken. Det store førebildet for dei norske eventyrsamlarane var nok brørne Grimm, som gav ut sine første eventyrhefte alt i 1812, medan Peder Christian Asbjørnsen og Jørgen Moe kom med sine første hefte i åra frå 1841-46 etter innsamlingsreiser over store deler av Sør Noreg, kanskje med særleg vekt på Telemark og Ringerike. Kunstmålaren og eventyr-illustratøren August Schneider (1842-1873) skreiv opp eventyret «Hvitebjørn Kong Valemon, etter Thore Aslaksdotter (f. 1832) hausten 1870. Ho var «daglønnerske» på bruket Dalen i søndre Austad i Setesdal. Asbjørnsen og Moe hadde alt tatt med ein variant av eventyret i Norske Folkeeventyr Anden Deel i 1844, som dei kalla «Østenfor sol og vestenfor måne», men tok likevel Schneiders tekst med i Norske Folke-Eventyr. Ny Samling (1871). Asbjørnsen og Moe står i ei særstilling når det gjeld innsamling av eventyr, men etter dei kom det mange andre som særleg tok for seg forteljarstoff i eit meir avgrensa geografisk område. Ei fantastisk kjelde for dei som vil studere den lokalt farga eventyrtradisjonen er 12-bandsverket «NORSK EVENTYRBIBLIOTEK» (Alver, Bø, Kvideland) Det Norske Samlaget 1968-81, med merknader og noteapparat som sender deg hovudstups inn i nye eventyr.

Jenta-og-Kanna

 

Men det var ikkje berre eventyr som vart samla i dei viktige tiåra midt på 1800-talet. Folkeviser (Landstad og Crøger), folketonar (L M Lindemann), språk (Ivar Aasen), osb var viktige innsamlingsområde. Alt dette gav større innsikt i folks levemåte, uttrykksmåte og førestillingar. Eventyrsamlarane måtte i møtet med eit forteljarspråk prega av lokalt talemål, som låg langt frå den dansken dei sjølve brukte, jenke eventyrspråket i tydeleg munnleg lei. Med det gjennomslaget desse eventyrsamlingane fekk, var dei med på å gjere det norske standardspråket meir folkenært og folkekjært.