Tilbake til Kvitebjørn Kong Valemon

Kvit bjørn i svart verd

Ein forheksa prins, ein duk som dekkjer seg sjølv, eit glasberg som veks fram av svarte natta og ein stor, kvit bjørn.

TEKST INGRID WEME NILSEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

Det manglar ikkje på tekniske utfordringar i eventyret om Kvitebjørn Kong Valemon. Og nettopp derfor er det så spennande å setje det opp.

Kvitebjørn kong Valemon er eventyret om prinsen som blir omskapt til ein kvit bjørn av ei trollkjerring, fordi han ikkje vil gifte seg med henne. Prinsen er bjørn om dagen og mann om natta, men om han klarer å leve i sju år utan at nokon ser han som menneske, så vil forbanninga bli oppheva. For å innfri dette kravet har bjørnen isolert seg i slottet sitt djupt inne i skogen. Men når han forelskar seg, blir det heile vanskelegare, for korleis skal han kunne krevje av kjærasten sin at ho ikkje får lov til å sjå han?

Jenta-rir-paa-bjornen

Aldri har vel nokon kjærleik blitt prøvd så hardt som den mellom kvitebjørnen og jenta hans, og aldri har vel noko så reint og kvitt vore omgitt av krefter så mørke og skremmande. For å finne inspirasjon drog vi (det vil seie dei to dramatikarane, scenograf og regissør) til dei svenske skogane i Värmland. Og det var der, djupt inne i skogen, i skumringa, akkurat på den tida når stubbar blir til troll og bjørn blir til mann, at vi kom på ideen om å bruke svart teater. Det gjekk omtrent slik for seg:

REGISSØR: Det eg lurar mest på, er korleis vi skal framstille alle dei magiske hendingane i eventyret. Korleis får vi for eksempel ein duk til å dekkje seg sjølv?
DRAMATIKAR 1: Det blir ikkje lett!
DRAMATIKAR 2: (peiker ivrig) Sjå, lupinar! Eg elskar lupinar!
REGISSØR: (ser seg rundt) Er det dei kvite?
DRAMATIKAR 2: Nei, det er jo hundekjeks. Det er desse, dei høge, lilla. Er dei ikkje vakre? Eg vil plukke nokre.
Dramatikar 2 og regissøren plukkar lupinar.
DRAMATIKAR 1: (snur seg til scenografen medan han klør seg i hovudet) Og kva med denne flaska som aldri blir tom? Korleis i SVARTE skal vi løyse det?
SCENOGRAF: (med blikket festa på noko djupt inne i skogen) Der sa du det.
DRAMATIKAR 1: Kva?
SCENOGRAF: Eg veit kva vi skal gjere. (alle snur seg og ser på scenografen) Vi skal børste støv av en god, gammal teaterteknikk som kan få magiske ting til å skje på scenen. Vi skal bruke SVART teater!
DRAMATIKAR 1 OG 2: (i munnen på kvarandre) Sjølvsagt!/Sjølvsagt! Det er genialt!
REGISSØR: (forvirra) Svart teater? Kva er det? Jo da, det skal eg seie deg, for eg har nemleg vore på kurs!

På målarsalen står bjørnen som etter kvart skal bli kvit. Dei unge skodespelarane gler seg over møtet med medspelaren sin. Frå venstre: Eira Tyssø Lie, Clara Marie Lien Sunde,Julie Heyerdahl Skagestad, Thea K. Killingmo, Ella Jørgensen Dragland og Janna Elton Proskurnicki.

På målarsalen står bjørnen som etter kvart skal bli kvit. Dei unge skodespelarane gler seg over møtet med medspelaren sin. Frå venstre: Eira Tyssø Lie, Clara Marie Lien Sunde,Julie Heyerdahl Skagestad, Thea K. Killingmo, Ella Jørgensen Dragland og Janna Elton Proskurnicki.

Svart teater er ein teaterteknikk som spring ut frå pantomimen, og ideen er både latterleg enkel og herleg konkret. Eit kolsvart scenerom gøymer svartkledde menneske som fører gjenstandar, til dømes marionettedokker, inn i ei smal gate med lys, slik at tinga blir opplyste, medan den som fører dei framleis er usynlege. Slik kan ein skape ein illusjon av at tinga rører seg av seg sjølv. Så er det sjølvsagt slik, som det jo er med det meste som gir seg ut for å vere leikande lett, at det er så uendeleg mykje vanskelegare å få til enn ein først skulle tru. Metoden krev nemleg den yttarste presisjon frå svært mange ledd i produksjonen, og det skal lite til før det som skulle sjå ut som flygande kaker, sakser, dukar eller servise plutseleg liknar meir på ein gjeng svartkledde ninjasoldatar i treningskamp.

Ikkje-lett-aa-staa-imot-freistingar

Altså måtte vi lære meir. Medio desember, midt i julestria, benka vi oss i prøvesalen framfor ein levande legende i faget. Michael Meschke, marionette-designar og -førar, regissør, dramaturg, ”eksperimentør” og ekspert i svart teater, var kommen på besøk frå Stockholm for å inspirere oss og ause av sin visdom. Sidan svart teater er ein teknikk som hadde si storheitstid på 70-talet, er det slik at dei som er verkeleg gode på denne teknikken, er godt vaksne i 2015, og Michael Meschke er 84 år gammal. Heldigvis hindrar ikkje alderen han i å iføre seg den svarte teaterdrakta og demonstrere ulike teknikkar for nysgjerrige tilskodararar. Ein tur til malarsalen for å sjå på bjørnen vil han òg ha med seg, og vi er ikkje så reint lite stolte av rekvisittmakaren vår når den verdsberømte marionettedesignaren slår hendene saman og seier oppglødd: ”Oj, jag hade ingen aning… Magnifikt!” Kvitt mot svart. Vondt mot godt. Ei flaske som aldri blir tom. Ei kake som dansar gjennom lufta. Ei saks som klipper dei vakraste klede heilt av seg sjølv. Kan ein verkeleg lage magi med svart teater? Tja, til det vil eg seie at teatret er ein stad der magi blir laga kvar einaste dag, med eller utan illusoriske teknikkar som svart teater. Men du verda så artig det er å trikse litt ein gong i blant.