Tilbake til Utafor

Kvar kjem du frå?

Geir Lippestad om utanforskap. Lippestad er tidlegare styreleiar i Just Unity, lokalpolitikar for Arbeiderpartiet i Oslo og forsvarsadvokat. Han har mellom anna ført forsvaret for Ole Nikolai Kvisler og Anders Behring Breivik.

LESETID: 2,5 MINUTT

Eg er så heldig som får kjenne mange menneske frå forskjellige miljø. Ei jente eg kjenner godt, spurde meg ein kveld mens vi sat og åt kveldsmat: «Kvifor lurer alle på kvar eg kjem frå?» Eg trur det er fordi det er viktig for oss menneske å vite noko om dei vi møter, og kvar du bur, er ein slik kunnskap, svarte eg. «Men kvifor gjentek dei alltid spørsmålet når eg fortel at eg er frå Grorud i Oslo?» spurde ho vidare. Ho fortalde at det er akkurat som om menneska ho møter, ikkje aksepterer at ho er frå Oslo, sjølv om ho er fødd og oppvaksen her. Det er hennar heim, på lik linje med din og min heim. Ho har fleire gonger undra seg over om det er fordi huda hennar er litt mørkare enn mi, fordi foreldra hennar er frå Iran og Irak, eller fordi ho vel å bruke hijab.

Er nokre «norskare» enn andre?

Utanforskap kan kome av mange forskjellige faktorar. Vi har lett for å tenkje at dei som ropar høgast om at «du bør reise tilbake dit du kom frå», er dei som i størst grad bidreg til polarisering og kjensla av å ikkje høyre til. Heldigvis er ikkje slike opne, intolerante utsegner daglegdags. I Noreg møter ein dette nokså sjeldan, dersom vi ikkje reknar med dei såkalla nettrolla som stadig spyr ut eiter og galle mens dei gøymer seg bak skjermens skjold. Utsegna «kvar kjem du frå» er derimot allemannseige for dei av oss som har hatt gleda av å ha slekt tilbake til ei svunnen tid i landet.

I dei fleste tilfelle er ikkje dette vondsinna eller vondt meint, men samtidig har det ei ekskluderande kraft nettopp fordi det ber med seg ei oppfatning av at nokre er «norskare» enn andre.

Utanforskap kan føre til ekstremisme

I framsyninga Utafor får vi høyre fire menneske som fortel om utanforskap. Nokre har stadig vekk følt at dei har levd og eksistert på ein eigen planet midt blant oss, andre har opplevd ytste konsekvens av kva eit samfunn kan bli påført av liding og død, som følgje av ekstremisme og terror. Yousef, som er ein av deltakarane, var tidlegare på veg inn i ekstremisme. Han fortel at under ein demonstrasjon fleire ytterleggåande grupper heldt i Oslo, fekk han auge på mor si i mengda. Han fortel at auga hennar utstrålte varme, kjærleik og fortviling over valet sonen hadde teke. I den augneblinken kjende han på kjærleiken til familien sin, og dette blei vendepunktet som førte til at han valde ein annan veg, bort frå radikalisering og ekstremisme.

Eg synest Yousefs historie er så sterk, nettopp fordi ho beskriv eit behov alle vi menneske har for å føle at vi har verdi for andre individ og samfunnet vi lever i. Årsakene til utanforskap kan vere mange, men eg trur det er riktig å seie at dei som ikkje opplever anerkjenning og aksept i eit samfunn, også føler mindre lojalitet og dermed har kortare veg ut av fellesskapet og inn i einsemda. Eller, i verste fall, kortare veg til grupper som står med opne armar nettopp fordi hatet til samfunnet er limet som held gruppa samla. I søkinga etter å finne sin plass i samfunnet er det ikkje alltid det aktivt fordømmande mennesket som er det største problemet. Det er alle dei tause, likeglade, dei som eigentleg ikkje bryr seg, som er den største utfordringa for eit skjørt sjølvbilde. Alle ønskjer ein plass i samfunnet, og får vi ikkje ein plass, tek vi ein som er ledig.

Dei sist tilgjengelege billettane er ofte i yttergrensene av samfunnet, men for dei som vel den vegen, kan det verke forlokkande. Endeleg ein stad å bli sett.

Det globale bygdedyret

I mange år har eg arbeidd med menneske som er straffedømde. Gjennom oppveksten deira er dei ofte omtala som verstingar eller samfunnstaparar. Ein av dei mangeårige klientane mine har lært meg det aller mest sentrale om omgrepet menneskeverd. Han fekk sjanse til å spele hovudrolla i eit skodespel som fengselet skulle setje opp for befolkninga i byen, og utførte oppgåva over all forventning. Han song, og hadde lært all tekst utanåt, også den som var på engelsk. Etter framsyninga fekk han ståande applaus. Denne tøffe, unge mannen gret på premierefesten. Då eg spurde han kvifor, såg han på meg og sa: «Eg kan ikkje hugse at nokon har klappa for meg. Nokon gong.» Eg kjenner hans journal frå livsens start. Han har aldri fått det privilegiet det er å føle anerkjenning og respekt.

Viss vi tenkjer oss ein kvardag der vi blir latterleggjorde, mistenkeleggjorde og nedvurderte på dagleg basis, kven av oss hadde klart å bli den beste utgåva av seg sjølv?

Er det ikkje det verste i oss som vaknar, når det er nettopp det samfunnet forventar og tilbyr? Kvart eit samfunn har behov for å diskutere kven vi er, og om alle har ein plass. I det gamle bygdesamfunnet var det enkelt å setje fingeren på guten som valde å elske ein annan gut. Jenta som blei gravid utanfor ekteskap. Familien som fekk ein psykisk utviklingshemma son, dei fattige eller dei som var tilflyttarar frå nabobygda. Dette fenomenet hadde til og med eit namn – «bygdedyret». Det var dei mot oss, vi er dei rettskafne, det er dei som ikkje høyrer til. I dag fnyser vi av denne måten å behandle menneske på, men i den globale verda vi lever i, har bygdedyret vakse seg endå større og sterkare. No har vi fleire å peike på, fleire å rynke på nasen til, fleire å spørje «kvar kjem du frå? Kvifor er du her?».

Å bli kjend med det ukjende

Dei samfunna som i framtida meistrar mangfaldet på den beste måten, vil også bli dei tryggaste og mest spennande stadene for oss menneske å bu. Menneske er forskjellig – vi er gamle, unge, har nedsett funksjonsevne, kjem frå forskjellige land. Vi vel å leve åleine eller i kollektiv. Nokre dannar familie, andre gjer det ikkje. Vi elskar den som passar best for oss. Vi ber med oss den kulturen og dei tradisjonane som foreldra våre har gitt oss. Nokre vel å tru på ein gud, andre vel å tru på andre ting. Inkludering handlar ikkje om at vi skal vere mest mogleg like, men at vi skal respektere og anerkjenne kvarandre for dei vi er.

Eg kjenner på fordommar i meg sjølv kvar dag.

Tillèt eg meg sjølv å bli kjend med det mennesket eg er usikker på, fell fordommane til jorda. I denne framsyninga får vi høve til å møte fire forskjellige menneske som alle har gjort forskjellige val. Gi dykk sjølv den gåva det er å få ta del i deira perspektiv for ein kveld. Eg er heilt sikker på at det vil gi viktige erfaringar. Vi har alle eit ansvar for at det ikkje er dei som skrik høgast og mest brutalt, som styrer samfunnet. Det viktigaste er at fleirtalet bryr seg, at vi ser og møter enkeltmenneske der dei bur og lever, på butikken, skulen, jobben eller i nabolaget. Hugs at eit hyggeleg blikk eller eit smil kan vere nok til å forandre livet til eit menneske.

 

TIL NYNORSK VED Aud Søyland FOTO Dag Jenssen