Tilbake til Lazarus

Kulturhistorie i scenerommet 

Få artistar har omfamna, forsynt seg av og presentert det siste hundreårets popkultur så sjølvsikkert som David Bowie. For scenograf - og kostymedesignarane Dagny Drage Kleiva og Olav Myrtvedt har arbeidet med å få Lazarus til scenen vore fullt av tilbakeblikk på kunsthistoria og på eiga ungdomstid.

Til den første norske versjonen av Lazarus har dei henta mange referansar frå Bowies lange karriere. Møtet med ein av kunstens største performative artistar har berre styrka beundringa for Bowies evne til å fange tida og til å endre ho etter eigen utsøkte og ofte outrerte smak. Bowies finstemte sans for estetikk måtte prege scenografi og kostyme. 

– No er ikkje hovudkarakteren Thomas Newton i stykket Lazarus David Bowie, og historia vi skal fortelje høyrer ikkje til han. Men det er ikkje til å komme forbi at Newton har litt til felles med Bowie, så for mange Bowie-fans er det fullt mogleg å kjenne igjen eller skjønne kva vi siktar til når vi har laga framsyningas estetikk, seier Kleiva og Myrtvedt.

Foro: Erik Berg

– I manus står det at handlinga utspelar seg i ei leilegheit i ein storby, mest sannsynleg New York, held Kleiva fram. – I ein av Bowies tidlege turnear, Diamond Dogs frå 1974, lagde Mark Ravitz ein design for scenen som var lettare inspirert av den tyske ekspresjonisten Fritz Langs menneskefiendtlege og kalde storbyestetikk i filmen Metropolis. Det var ein scenografi sett saman av fleire tårn som likna på skakke skyskraparar. Bustaden til Newton kan ein tenkje seg ligg i toppen av eit slikt høghus.  Ein kan forstå Lazarus som ei  forteljing om ein døyande mann som sit heime i bustaden sin og  venter på at livet skal ta slutt. Og i ein slik sinnstilstand er det vanleg å tenkje tilbake på fortida si. Eller ein kan begynne å hallusinere og innbille seg at ein er ein annan plass – til dømes plassar som har vore sentrale i livet. Derfor er sjølve bustaden til Thomas Newton inspirert av stader frå Bowies tidlege karriere. Først kikka eg på bilete av såkalla ballrooms og klubbar i London,  ettersom Bowie starta karrieren med å spele på slike stader. Men så kom eg over bilete frå Hansastudio i Berlin der Bowie spelte inn ”Low”, ”Heroes” og ”Lodger”,  og då fall alt meir på plass. Hansastudio bleein direkte inspirasjon til interiøret i leilegheita til NewtonHan sit som fanga inne i eit rom som har vore viktig i karrieren hans, eit rom som kan gi inntrykk av gammastorheit, men der han berre ventar på å døy. Dette er kanskje den første referansen som er mogleg å oppdage. Gråtonane på veggane kan gi assosiasjonar til Mark Ravitz’ Diamond Dogs-turnescenografi, og i den scenografien var veggane dekte av papir som Bowie kunne rive ned. Dette har vore ein inspirasjon for dramaturgien i den visuelle utviklinga, seier Kleiva. 

Foto: Erik Berg

Den neste moglege synlege referansen, er kanskje enklast å ta for dei som har sett Bowie live gjennom mange tiår. I mange av konsertane sine svevde Bowie over scenen, anten han blei senka ned eller heist opp, i ein stol og song inn i ein telefon. Dette gjorde han også på Diamond Dogsturnéen i 1974. 

– I den same turneen var det fleire rekvisittar, m.a. ei hand dekt med diamantar, som ”opna” seg  og avdekte Bowie sitjande bak ho. Tilfellet ville ha det slik at til ei av mine tidlegare framsyningar her ved teateret, Songfuglen av Jan Roar Leikvoll, fekk eg laga ei stor hand. Ho har eg vald å ta med inn, sjølv om ho ikkje er dekt av diamantar hos oss, forklarer Kleiva.  

Både scenografen og kostymedesignaren har henta referansar frå filmen The Man who fell to earth, der Bowie hadde hovudrolla i 1976, og som stykket er ein slags oppfølgjar til. I filmen får Newton tida til å gå medan han drikk gin og  glaner på tv-skjermen, som det etter kvart blir fleire og fleire av som eit bilete på at tida går. Desse er med vidare inn i scenerommet.  

Det var ikkje berre Diamond Dogs-turneen som var spektakulær og som har fryda den kunstnarlege duoen bak Lazarus. David Bowie såg på  turneane sine som teatrale oppvisingar som inkluderte både koreografi, videoprojeksjonarscenisk lyssetting og rekvisittar. Dei tidlege storslegne showa skulle vise seg å bane veg for seinare teatrale turnear av andre artistar. Scenografiane og integrasjonen av musikk og teater har inspirert band i alle sjangrar. The Glass Spider Tour frå 1980 var ein av dei meir megalomane turneane som fekk kritikk av sine samtidige for å vere – nettopp – for overrigga. Men i åras løp har både trendane og haldningane endra seg og Bowie var nok ein gong forut for si tid og sette ein standard for det visuelle på konsertscenendag blir scenedesignet rekna blant dei fremste av alle turnekonsepta/2010 the tour was named one of the top concert tour designs of all time. 

The Glass Spider Tour hadde ein heilt annan estetikk enn Diamond Dogs seks år tidlegareHer finn Bowie så å seie opp 80-talet med den utvida bruken av glas, spegel, metall og ikkje minst gjennom lyssetjinga. I forarbeidet har eg sett mange opptak frå denne turneen, men dei sceniske referansane til den turneen handlar meir om materialbruk og er nok ganske subtile,  seier Kleiva og gir ordet til Myrtvedt 

Foto: Erik Berg

– Ja, til dei tre Teen age girls, som rollene heiter, har vi laga metalliske små ryggsekker som eit hint til den turneen, humrar kostymedesignaren. 

– Det er ikkje til å unngå å bli inspirert av tida og utviklinga i stilskifta til Bowie, held Myrtvedt fram. 

– Men eg har òg henta inspirasjon f personar rundt Bowie. Andy Warhol, Debbie Harry, Bob Dylan, Björk, PJ Harvey. Björkkostyme i Alexander McQueens design frå coveret på albumet hennar Homogenic er til dømes å sjå i framsyningaLitt fordi eg visste at Bowie tidleg plukka opp den stigande designstjerna, men òg som ein tribute til McQueen som Bowie etter kvart utvikla eit nært vennskap med. Same året som – altså 1997 – bar han den legendariske Union Jack-jakka med McQueens signatur på coveret av albumet Earthling. Eg har berre henta fram eitt kostyme direkte frå Bowies eigen garderobe. Den isblå dressen som han brukte i 1972, designa av Freddie Buretti for videoen til Life on Mars, er med på scenen. Eg har sett andre versjonar av Lazarus der dei brukar større delar av garderoben hans, men eg synest det handlar om noko anna her. Derfor har eg trekt fram manga-stilen i nokre av kostyma. Eitt er at Bowie var opptatt av det asiatiske, men vel så mykje fordi dei i vår tid er eit bilete på ein stilart som i stor grad går ut på skape seg ein ny identitet, ved hjelp av kostyme. Bowie sjølv har uttalt at han likte vernet som maska gav han, han var visstnok ein sjenert kar. Den gongen var det popstjerner og musikarar som kunne ty til det outrerte, og som brukte scenen som visingsarena. I dag er det fleire miljø som er outrerte, og i manga-kulturen blir gata, storbyen og dagslyset brukt som scene, seier Myrtvedt som har late seg fasinere over utviklinga frå den androgyne outsidaren til den dresskledde estetikaren. –  Det er alltid noko med den dressen, alltid ein viss finesse med plagget, det er ikkje berre ein dressEg har gjennom dette arbeidet oppdaga kor utruleg bevisst han var med tanke på kva Bowie hadde på seg. Kleda følgde musikken og blir nesten likestilt. Musikken, kostyma, scenografien, livet  – alt hadde betydning. Kvar minste ting han gjorde var gjennomtenkt. Tidleg i karrieren sa Bowie følgjande: 

«When I go out onto a stage I try to make the performance as good and as interesting as possible, and I don’t just mean singing my songs and moving off. I think if you’re really going to entertain an audience then you have to look the part too. «

– Han var  mange vis eit menneske for teaterscenen. Det skin gjennom og vi skal forsøke å gi nokre hint av det han har bidratt med tilbake til publikumavsluttar Kleiva og Myrtvedt. 

Tekst: Ida Michaelsen Foto Erik Berg