Tilbake til Sweeney Todd

Kreativ kvartett

Korleis utarbeide ei framsyning der historia kombinerer det makabre med det morosame? Gjengen bak Sweeney Todd valde å ta turen til tivoli i København.

Det handlar om hemn. Det handlar om barberaren som løfter kniven, lar blodet drype, for så å servere ofra som pai i ei barbersjappe som blir forvandla til ein restaurant. Sweeney Todd står med éin fot i alvoret og éin i komikken. Å forvandle dette til ei leiken og levande framsyning er det regissør Erik Ulfsby, kostymedesignar Ingrid Nylander, scenograf Arne Nøst og lysdesignar Torkel Skjærven lever og andar for.

Ulfsby: – Vi tenkte tidlig at ei historie om folk som blir drepne og blir til pai, må gjerast teatralt og leikent. Vi ønskte å lage eit fargesprakande univers og ta publikum med på ei reise med mange overraskingar. Litt som du gjer når du kjøper billett til ein attraksjon du ikkje kjenner på eit tivoli.

Nå sit han i ein mjuk skinnstol med Nylander og Nøst ved sida. Vi møter dei midt i den hektiske innspurten, ei dryg veke før premieren, mens alle puslebitane framleis blir skrudde og festa saman. Kostyme, lys, scenografi, musikk, replikkar og samspel blir sakte, men sikkert forvandla frå eit stort kaos til eit kontrollert system.

Ulfsby: – Vi lener oss mot Arne og Ingrids strekar og figurar, og Torkels lysdesign. Eit univers som låner mykje frå den fantasifulle estetikken som pregar teikneserien og bildeboka.

Han ser på dei andre med eit nervøst smil.

– Men vi gjer dette med skrekkblanda fryd. Det er mange trådar som skal samlast, og vi jobbar heile tida mot full kontroll.

Vidar-Magnussen-i-Shockheaded-Peter

Frå Shockheaded Peter, også signert Nøst på scenografi, Nylander på kostyme, Skjærven på lys og Ulfsby på regi.


DET ER IKKJE FØRSTE
gongen dei jobbar saman – langt ifrå. Er det tiande gong? Femtande? Ulfsbys detaljorientering og overblikk, Nylanders outrerte kostyme, Nøsts innfallsrikdom og Skjærvens kreative lyssetting har skapt underverk før. Sist med Shockheaded Peter, der dei introduserte verdas største teaterelefant, det blei fulle hus, ekstraframsyningar og terningkast 6 i VG. «En forestilling der alle ledd passer perfekt til hverandre… super underholdning», skreiv VG.

Betre vitnemål kan du ikkje få. Og nå er denne gjengen i gang igjen.

Nylander: – Når du finner folk som Erik, Torkel og Arne, som tenkjer i dei same banane som deg sjølv, da er det moro å vere på jobb.

Ulfsby: – Vi er alle opptekne av form og orginalitet, og vil helst ikkje setje opp ein kjend musikal slik den alltid ha vore gjort. Nokre nye dører må vi opne og nokre nye grep må vi ta. Vi har ei felles glede over ei slik form for arbeidsam leik, og veit korleis vi kan spinne vidare på kvarandres rare tankar. Vi er heller ikkje redde for å endre kurs undervegs.

Nøst: – Og vi eig ikkje våre eigne idear og har tillit til kvarandre. Ingen blir sure berre fordi vi fjernar ein stor karusell som eg hadde jobba leeeenge med.

Dei ler.

Ulfsby: – Ok, så droppa vi den karusellen, sjølv om Arne hadde jobba lenge med han, men det tar oss eit steg vidare. Vi fyller på med nye tankar heile tida.

FØR EIN STREK
var teikna og ein tråd var trædd gjennom eit kostyme, møttest Ulfsby, Nøst, Nylander og Skjærven på Vippetangen. Der gjekk dei opp landgangen og om bord på danskebåten, og då dei kom til København, bar det rett på tivoli. Eit hyggeleg seminar? Eit festleg avbrekk frå jobben? Nei, dette var studietur.

Ulfsby: – Tivoliet inneheld mykje av grunningrediensane i det vi prøver å lage på Sweeney Todd. Tivoli er morosamt å sjå på, men rommer også ubehaget. Det har mørke krokar, som spøkelsestoget og byggjer mykje av attraksjonen sin på det ein kallar skrekkblanda fryd. Arne blei skoten opp i lufta i København og så likbleik ut då han kom ned igjen. Fryd og skrekk i eitt.

2500_109-12.03.15-Sweeney Todd-Foto- Erik Aavatsmark

Etter fleire timar på tivoliet i København, der dei tok notat og gikk rundt og gjorde seg erfaringar, tok dei båten tilbake til Oslo, leigde eit møterom om bord og begynte å snikre saman mykje av konseptet til framsyninga.

Ulfsby: – På tivoliet fann vi mykje av dei fargane, den paletten og estetikken som vi ville ha. Samtidig var vi innstilte på å vidareføre tankesettet og det estetiske samspelet frå «Shockheaded Peter». Utan å gløyme at Sweeney Todd har ei helt anna historie. Her handlar det jo om drap og folk som blir til pai og ikkje minst menneskas utømmelege behov for hemn.

– Kva seier skodespelarane til å trekke eit pai-kostyme over hovudet?

Nøst: – Då skal dei berre halde kjeft. (Latter)

Nylander: – Vi må sjølvsagt få skodespelarane med på leiken, det er dei som skal gjennomføre ideane våre. Og det er ikkje berre-berre for dei, der vi kjem og serverer dei dosar med galskap.

Ulfsby: – Heldigvis likar alle skodespelarar å leike. Og når dei ser kva for ramme som omgir leiken, kva som er innanfor og kva som er utanfor, er dei fullt og heilt med. Det handlar om å få auge på leiken tidleg og kjenne eigarskap til det.

– Frank Kjosås, som spelar hovudrolla, har sagt at det er herleg å ta ut det mørke og desperate?

Ulfsby: – Alle skodespelarane er plukka ut fordi vi veit at dei er med på leiken. Men det betyr ikkje at alt er tull, leiken er forma som skal løfte fram det alvorlege innhaldet. Mot slutten skal vi prøve å seie noko om menneskets evige behov for hemn. Ein gut står igjen med ein blodig kniv i handa, og kvifor fekk han den overlevert? Korleis blei det behovet nedarva?

– De håpar at publikum skal sitje att med alvoret?

Nylander: – Ja, latteren skal helst sitje litt i halsen. Du ler, men skjønar at det er alvorleg.

Ulfsby: – Vi håpar det blir ein fryd å sjå eit så stort alvor i ei leiken innpakning. Og for publikum trur eg det blir noko rundt neste sving heile tida, med spenning og overraskingar dei ikkje heilt ventar seg.

– Er de trygge på at publikum er med heile vegen?

Ulfsby: – Kontrakten med publikum tenkjer vi på heile tida, og den må skrivast i løpet av kort tid. Dersom vi er tydelege og klare på kva vi vil med framsyninga, så er dei med. Då blir dei glade og kan lene seg tilbake. Det er publikum vi lagar dette for, ikkje oss. Det må vi aldri gløyme.

Å HENTE INN
Nøst, Nylander og Skjærven til Sweeney Todd er ikkje berre enkelt. At dei er kvalifiserte i faget sitt, er det ingen tvil om. Men dei er også travle og etterspurde. Nøst er til dagleg teatersjef på Rogaland Teater, Nylander, som fekk Heddaprisen for kostyma til La Cage aux Folles på Oslo Nye, gjer jobbe for både opera- og teaterscenen, og Skjærvens lysdesign har blitt lagt merke til i fleire framsyningar. Men når Erik Ulfsby ringer og temaet er demonbarberaren i Fleet Street, slepper dei alt dei har i hendene.

Nøst: – Eg tror fellesnemnaren for oss er at vi liker oss best i eventyrland. Gi meg noko alvorleg, barokt og absurd, og eg blir med å leike.

Nylander: – Jeg visste at dette ville bli moro, så det var lett å si ja. Å vere med å lage dette universet er ei glede. Og den gleda ser eg også på skodespelarane og den gjengen som skal lage kostyma.

Forsmak Sweeney Todd-13
Skjærven:
– At vi har jobba saman så mange gonger før, hjelper godt. Vi kjenner dei sterke og svake sidene hos kvarandre og veit korleis vi får det beste ut av kvarandre. Eg kan berre få eit blikk frå Erik, så skjønar eg kva han vil.

Ulfsby: – Denne gjengen er dei beste i sitt fag. Den beste i si prisklasse.

God latter frå alle saman.

Nøst: – Så vi er First Price-gjengen?

Ulfsby: – Eg er heilt avhengig av desse folka, så det er sagt. Det var ingen andre namn på blokka. Saman med den faste koreografen min Belinda Braza skal vi alle saman til Tyskland og leike saman til hausten, der skal vi setje opp «Shockheaded Peter» på Staatstheater i Hannover med tyske skodespelarar. Det skal bli moro.

Nøst: – Ja, det er noko med dei folka her som gjer det gøy på jobb. Så slepp eg også å vere teatersjef i Stavanger. (Latter)

Nylander: – Og Erik har ein herleg fantasi, og klarer å halde på roa når det koker.

Ulfsby: – Det er alltid interessant å høyre. At eg har ei ro. Sjølv kjenner eg det som eit helsikes kaos. «Lurer eg folk?» tenkjer eg då.

– Så det er ingen store kreative kranglar?

Nøst: – Sjølvsagt har vi nokre kontroversar undervegs, men dei bruker vi kreativt og dei er ein del av prosessen.

Ulfsby: – Og vi kan til og med ta eit glas eller to etter arbeidstid, utan å bli uvener. Det er ikkje verst.

 

Tekst: Lasse Lønnebotn

Til nynorsk ved Arne Torp