Tilbake til Solaris korrigert

KORRIGERT FRAMTID

Intervju med Peer Perez Øian, regissør for «Solaris korrigert».

TEKST Erlend Tårnesvik Dreiås

Øyvind Rimbereid målar ikkje på veggen med store utropsteikn. Den katastrofen som er ein realitet i «Solaris korrigert», kom gradvis, steg for steg. Det same veit vi skjer i dag.

Året er 2480, vi er i Norwg, ein stad i vestlandsregionen kalla Stavgersand. Olja har tatt slutt, og menneska førebur eit liv under havoverflata, i dei tomme oljebrønnane i Nordsjøen. Dette er scenarioet vi møter i Rimbereids dikt «Solaris korrigert». Boka kom ut på Gyldendal i 2004, og er no blitt teater.

Det var eit ønske om å vidareutvikle samarbeidet Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig hadde med «Haugtussa». «Solaris korrigert» var den første og einaste teksten vi snakka om. Språkleg er den spanande å gå inn i, og for Ane var det nok utfordringa som skodespelar som trigga først. Diktet har eit enormt rikt og fascinerande språk. Norrønt kombinert med det anglofone, gir ein spennande klang og ein metta tekstur. Når ein les diktet, begynner ein å lese høgt, smake på orda, dei kan ikkje berre vere på sida i boka, ein må prøve å uttale dei. Å arbeide med dette materialet scenisk var veldig freistande.

Eg hugsar fyrste gong eg las diktet, kanskje eit år etter at boka kom ut, at eg blei dratt inn i denne verda. Sjølv om det er ein framtidsfabel, og ein språkleik, kjendest dei skisserte problemstillingane relevante. I dag verkar tematikken enda meir spissa. Som i diktet, lever også vi i ein overgangsfase, ved eit slags økologisk vendepunkt. Det har skjedd ei mentalitetsendring dei siste ti åra, og endetidstankar, eller eit medvit om at vi lever i ei slags overgangstid, er meir gjennomgripande. Debattane om kunstig intelligens, bioteknologi, global overvaking, kommersialiseringa av privatsfæren, er alt problemstillingar som er meir aktuelle i dag. Alle er einige om at noko må gjerast for generasjonane som kjem etter oss.  

Solaris-9

Ane Dahl Torp spelar rolla som «aig»-personen i stykket. Foto: Erik Berg.

Vi veit at det blir meir ørken på jorda, mindre regnskog, at klimaendringane er ein realitet. Problemet er at vi i Noreg ikkje kjenner dette like direkte på kroppen. Men no byrjar vi å sjå effektane av det; låge oljeprisar, oppseiingar i oljebransjen, og ein svak kronekurs. Det er ei skremmande utvikling, sjølv om vi heile tida visste at oljeeventyret ville ta slutt. Vi føler at det er ein del av vår norske identitet som er under press. I «Solaris korrigert» ligg alt dei tomme oljebrønnane ute i Nordsjøen som fossile leivningar etter vår tid.

I framsyninga på Hovudscenen har Sjur Miljeteig laga musikken og framfører han på scenen, saman med Ane Dahl Torp. Ho speler den einaste rolla i framsyninga, den namnlause eg, eller aig. Han arbeidar som robotoperatør, og rammehistoria er ein vanleg dag på jobben. Der snakkar han med seg sjølv, og til publikum. Forma følgjer strukturen i ein draum, utan ein klar handlingsgang.

Klassiske drama er kjenneteikna av konflikt, med aktørar som protagonist, antagonist, ein hovudperson som slåst mot konkrete hinder. Utfordringa i dette verket er at det meste skjer i det indre hos eit individ. Det er noko utanfor, men hovudhandlinga er det som skjer i aigs kjensleliv. Korleis han prøver å forstå handlingane sine, rolla si og oppgåvene i den brytningstida han lever i. Han er ingen revolusjonær storleik i open kamp mot systemet eller makthavarane. Aig er berre ei lita brikke som er med på å legge til rette for det som er i ferd med å skje.

Det er eit dikt som prøver å gripe fatt i og forstå noko som heile tida glir unna. Diktet har ei spørjande, utoverretta og søkjande form, noko vi ofte finn hos Rimbereid. Og det kler teaterrommet. Det er ei melankolsk historie og handlar på mange måtar om ei tapserfaring. Men det viser mennesket på sitt beste: at ein aktivt bruker sine kognitive evner, stiller spørsmål ved utviklinga rundt seg. Aig har kanskje ikkje noko val, men han grublar og tvilar likevel. Han snakkar til eit tenkt framtidsfolk, prøver å sette ord på og forstå kva som er i ferd med å skje. Han klarer kanskje ikkje å sjå alle konsekvensane; veit at det er noko han vil miste, men ikkje kva han vil vinne i overgangen til det nye livet på «seifa botten». Rimbereid set opp nokre Sci-fi-premissar, men er ikkje heilt tru mot sjangeren. Det er ikkje eit eintydig skrekkscenario, men heller ikkje passiv resignasjon. Han bryt rammene han sjølv sett opp, og slik er det gjerne med store kunstverk. Ein legg opp til gjenkjenning, men evnar så å utvikle det vidare. Gjere noko nytt.

Solaris-10

Den nye verda folket førebur seg på å dra til heiter Solaris. Foto: Erik Berg.

I den nye tida menneska førebur seg på, nede på havbotnen, vil alt vere virtuelt skapt. Desse «mirror-vorlds» blir laga av den såkalla «Breynmaskin BK2884». Tema som original, reproduksjon og kopi er viktige i framsyninga, også på eit metanivå.

Noko som er spennande med dette diktet, er at det står i dialog med ein film, Andrej Tarkovskijs «Solaris» (1972), som igjen står i dialog med Stanislaw Lems bok med same namn frå 1961. Det blir ein slags intertekstuell dialog på tvers av kunsthistoriske epokar og uttrykksmåtar. Eit bilete på korleis menneske frå generasjon til generasjon akkumulerer kunnskap. Dei ulike verka berikar kvarandre fordi dei på ulike måtar kretsar rundt nokre eksistensielle, allmenngyldige, metafysiske tema. Det er viktig å fortelje historier igjen, farga av vår eiga tid. Pendle mellom ulike medium. Tankefrøet var roman, så blei det film, Rimbereid tok det vidare til dikt og drog det opp til der vi er no. Vi gjer alle våre korrigeringar av dette felles materialet på kvar vår måte. Også no, når vi flyttar det opp på scenen.

Eit hovudtema i romanen «Solaris» er at menneska ikkje reiser ut i verdsrommet for å avdekke og forstå andre former for intelligens, men for betre å forstå seg sjølv. Dei er eigentleg berre ute etter ein spegel, seier ein av personane i boka. Men korleis vi så fortolkar det vi ser i spegelen, er det vesentlege, det blir vi aldri ferdige med.

Noko av kjernen i «Solaris korrigert» er spenninga mellom original og duplikat, eller reproduksjon. «Breynmaskin BK2884» kan skape alt menneska treng og alt ein kollektivt måtte ønske, berre vi gir avkall på noko av vår fantasi og vår eigen vilje. Maskina blir ein slags gudevilje nede på «seifa botten». Og her reiser det seg eit nytt viktig tankekors som står sentralt i vår tid: Kor mykje makt skal vi gi kunstig intelligens? Kan ein kopi erstatte ein original? Rimbereid gjorde eit aktivt val ved at Shiri, kjærasten til aig, er fotograf. No som dei skal ned i ei verd der alt er reproduksjonar allereie, kva skal ein fotograf gjere der? Det blir som ei kinesisk eske, lag på lag med kopiar.

Ane-Dahl-Torp-og-avatar

Hologram-anomasjonen av «aig»-karakteren er laga av Robert Gihlemoen. Foto: Erik Berg.

Ein sentral scene i framsyninga er når aig-personen er på ein legesjekk. Legen finn at han har ein liten defekt, ein litt for aktiv fantasi. Hovudpersonen skapar sine eigne bilete, og ikkje fellesskapet sine. I den verda der aig-personen lever, er ikkje individualitet ein god ting, den meinige mannen skal innrette seg etter systemet. Men ein kan også forstå dette som ei åtvaring til lesaren, eller publikum, om at hovudpersonen kanskje er ein upåliteleg forteljar, med ei litt for aktiv førestellingsevne. Vi gir ikkje svara, men det er rom for tolking i framsyninga, som i diktet, symbol ein kan assosiere rundt, slik aig lar tankar og draumar flyte medan han eigentleg sit og kontrollerer robot-teamet sitt.

«Solaris korrigert» er på mange vis ei stor forteljing. Men fokuspunktet for det heile er det vesle mennesket som forsøker å forstå seg sjølv og si rolle i ei omskifteleg verd. Eller som aig spør: «Wat vul du bli, om wi ku kreip frå uss til deg?»

Dette er ikkje ei tradisjonell narrativ historie, men det er ei framsyning som triggar mange spørsmål. Eg håpar framsyninga blir opplevd som eit refleksjonsrom, der ein får tid og sjanse til å spele ball med ideane til aig, at dei kan omskapast til tilsvarande spørsmål for vår tid. Kva er vi på veg mot? Går utviklinga den vegen Rimbereid, gjennom aig-personen, peikar mot? Kan vi gå andre vegar? Kva rolle har eg som individ? Kan eg dytte i andre retningar?

Solaris-15

I «Solaris korrigert» smeltar lyd, musikk og scenografi saman til noko i grenselandet mellom teater og konsert. Foto: Erik Berg.

Som idé har det alltid kjenst riktig at denne framsyninga skulle settast opp på Hovudscenen. I praksis har det derimot ikkje alltid vore like opplagt. Men det er fantastisk å få utnytte potensialet denne scenen gir. Vi har eit bra team som har arbeidd med det visuelle. Kyrre Heldal Karlsen, Unni Walstad og Roger Gihlemoen har utvikla det visuelle uttrykket saman med meg. At Ane er den einaste skodespelaren på scenen, er i seg sjølv ein fin metafor: Eit lite menneske i eit stort, tomt univers, ein enkelt hjerne, eit enkelt sinn som forsøker å forstå seg sjølve og si tid. Slik er Ane på scenen også: Eit lite menneske i eit stort rom. Å få gjere denne typen framsyning i dette rommet er ei sjeldan moglegheit i dag.

Eg håpar òg at framsyninga vil bli ei slags meditativ oppleving. Det er ikkje meininga at alle skal komme fram til same konklusjon. Det er ei sanseleg framsyning, som spelar på det emosjonelle. Det er lov å glede seg over fine bilete, ein vakker komposisjon, dei fine metaforane som oppstår. Ein av mine kjepphestar er at scenerommet skal vere ein stad der dei irrasjonelle kreftene i oss kan komme til uttrykk. Kor det umedvitne livet vårt kan få ei form. Så mykje anna i tilværet er jo rasjonelt og blir målt ut frå eit økonomisk nytte-perspektiv. Det er kan hende derfor denne historia, i alle sine avleiringar og medium – frå bok, via film og poesi til scenen – kjennest så viktig å gå i dialog med.